Meir gresk
Når eg først har byrja klarer eg ikkje å stoppe. Her har du to deilige, greske tilbehør til, ein salat med sjampinjongar og artisjokkar, og ostefylte tomatar. Lag begge eller ein av dei, dei smakar begge himmelsk. Slik gjer du det: Gresk sjampinjongsalat 600 g små sjampinjongar Ein boks artisjokkhjarte 1 dl olivenolje ½ dl eplesidereddik 4 dl vatn 1 ss pepparkorn 2 ts salt 1 ss hakka, frisk timian 2 ss tomatpuré 2 laurbærblad 3 løkar Saft og skal av ein sitron Skyll og tørk sitronen. Riv av skalet med eit sestjern, og sett det til side. Press safta av sitronen, hakk løken og kok saman alle ingrediensane til laken i 5 minutt. Sil laken. Legg sjampinjongane i laken, og la dei koke i ti minutt. Fisk dei ut, kok opp laken på nytt og slå den over sjampinjongane. La det heile kolne. Skjer opp artisjokkhjarta i båtar, og fordel dei over sjampinjongane. Fylte tomatar 12 bifftomatar 2 løkar 3 fedd kvitløk 300 g fetaost 150 g riven gul ost 150 g mozarella 100 …