Allergi, Billig mat, Fest, Italiensk mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 2

Meir italiensk – capunata


Har du hatt den kjensla nokon gong at du tenker tilbake på noko du spiste dagen før, og angra på at du ikkje spiste litt til av det, for det var så godt? Slik hadde eg det første gongen eg smakte capunata, den sisilianske grønsaksrøra som har noko til felles med den franske ratatouillen, bortsett frå at den er mykje betre.  Eg spiste det på den fine italienske restauranten Trattoria Al’Muntagnolia i Fuggerstrasse i Berlin, stamrestauranten for musikarane i Berlinfilharmonien tidleg på 2000-talet.

Capunata eller caponata er eit døme på dei magiske smakseigenskapane til aubergine, ei grønsak som smakar bittert og rart på eiga hand, men som saman med andre grønsaker, urter og krydder verkeleg gjev ein rett eit løft. Capunata er ein sursøt grønsakssalat som vert servert kald, men som vert varma opp under tillaginga. Som med all slik mat finst det like mange oppskrifter som det finst husmødre. Slik gjorde eg det:

IMG_7535Capunata

2 auberginar

Salt

2 løk

2 raude paprika

4 stilkar stangselleri

2 dl olivenolje

1 ss sukker

Ein neve kalamataoliven

4 ss hakka persille

3 fedd kvitløk

2 boksar tomatar

4 ss raudvinseddik

Salt og peppar

30 g hasselnøtter

IMG_7495Skjer auberginane i skiver, og så i terningar. Dryss terningane med salt, og la det renne av, gjerne i fleire timar. Tørk av dei til slutt. Rens dei andre grønsakene, og hakk dei fint. Varm opp oljen i ei steikepanne med høge kantar, og friter aubergineterningane i oljen. Ta dei ut med ei fiskeause, og legg dei på handklepapir.

Fres løk og kvitløk i det som er att av oljen. Ha i stangsellerien, og la den frese litt. Gjer det same med paprikaen. Slå på tomatar, og ha i eddik og sukker. La det heile koke eit kvarters tid. ha i auberginane, og la det koke i fem minutt til. Smak til om det trengst meir sukker, eddik, salt eller peppar. Ha i oliven. La det heile kolne, capunata kan godt lagast i god tid. Det held seg i opptil fire-fem dagar i kjøleskapet.

Rist hasselnøttene i tørr panne, og gni av mest mogeleg av skalet på nøttene. Grovhakk nøttene, og dryss over saman med persille. Server åleine, eller som tilbehør til kjøt- og fiskerettar.

2 Comments

  1. hildeG says

    Dette ser jo gørgodt ut… Må prøves ved en passende anledning.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s