All posts tagged: tilbehør

Coronamat – ein god vinaigrette

Når eg står og lagar mat så har eg lært meg nokre triks for at det skal gå raskt og effektivt. Eit av dei er å “preppe”, altså gjere enkeltelementa i maten klare, enten ved å rense og kutte opp, eller ved å lage enkeltting heilt ferdig på førehand. Ein slik ting som det lønner seg å ha laga ferdig på førehand er ein god vinaigrette. Eg brukar å lage ein halvliter i slengen, gjerne to ulike variantar, og så fyller eg dei på desse smarte flaskene. Dei har eg kjøpt på Culina, men sist eg var på IKEA såg eg dei i topakning der. Du kan også bruke andre typer flasker, viss du har. Pass på å merke godt, det kan by på skuffelse viss du har fylt vinaigrette i ketsjupflaska. Då går det veldig kjapt å gi salatane mine eit skikkeleg smaksløft. Når eg lagar ein salat med ulike typar gryn, blir vinaigretten spesielt viktig. Gryn og belgfrukter tek lett til seg smak, og då må ein supplere med noko som verkeleg gir …

Dine eigne kjeks

Har du tenkt på at du kan lage dine eigne kjeks? Det er veldig enkelt, og kjeksa blir veldig gode. Det finst masse gode kjeks i butikkane, men av og til er det kjekt å slå til med heimebakte. Desse kjeksa held seg i to-tre veker i tett boks, og smaken på dei kan varierast i det uendelege. Du kan også drysse ting på kjeksa, til dømes flaksalt, paprikapulver eller urter. Då blir det smak både av det du har tilsett i deigen, og av det du drysser oppå. Vinn-vinn! Kjeksa er bakte med litt grovt mjøl, det gjer at dei mettar, og dei har ein god konsistens i munnen. Eg brukar dei når eg skal servere fingermat eller kanapéar, då får du heilt perfekt storleik, og dei toler litt meir av væte enn ”kjøpekjeks”. Eg legg likevel eit salatblad mellom pålegget og kjeksen, då er du sikker på at den ikkje går i oppløysing, og du kan gjere dei klare litt før gjestane kjem. I dag serverte eg kanapéane med rømme, lodderogn og vårløk, …

Korleis koke ris

Ein matskribentkollega av meg, Andreas Viestad, ga for nokre år sidan ei veldig bra kokebok under tittelen Hvordan koke vann. I dette innlegget tek eg det opp eit knepp, Det er spørsmålet om korleis ein kokar ris eg har gitt meg ut på å svare på. Det overraskar meg stadig, eg treff på vaksne menneske som ikkje kan å koke ris. Dei har ofte delegert det bort til dei lever saman med, eller så har dei berre droppa ris frå menyen. Det høyrest trist ut, syns eg. Denne oppskrifta er på heilt vanleg basmatiris som tilbehør til gryterettar av ulikt slag, den fungerer også på uncle ben-ris og liknande parboiled-sortar. Sushiris og risotto kokast annleis. Eg beskriv riskokinga slik eg gjer det, det kan godt hende at andre har andre metodar, og det er heilt ok. Eg har berre funne ut at dette fungerer, og då brukar eg denne metoden. Noko av forvirringa rundt fenomenet riskoking skuldast nok nemleg at det finst så mange råd og oppskrifter, og mange er veldig bastante, mi løysing virkar, …

Andebryst med plommesaus og dobbeltbakte poteter

Å kose seg med vener og god mat blir berre viktigare dess mørkare og våtare det vert ute. Vi har invitert til festmiddag, og her er menyen. Eg elskar andebryst, og eg tek det alltid med heim når eg er i utlandet. Sist storejenta var ute og reiste forsto eg at eg har oppdrege henne godt, ho kom heim frå reise med fire andebryst i kofferten. Betre gåve får eg ikkje. Får du ikkje tak i andebryst kan du lage denne oppskrifta med enten kyllingbryst eller kalkunbryst. Juster steiketida etter kor tjukt kjøtstykket du brukar er. Sausen eg lagar i dag har eg laga i mange år. Eg lærte den av Arne Brimi, og den er veldig enkel, samtidig som den smakar heilt fantastisk. Først for kort tid sidan lærte eg at den (eller iallfall startpunktet på sausen) har eit ”pent” fransk namn, gastrique. Du lagar den ved å smelte sukker i panna, og så koke ut med raudvinseddik, eller viss du vil ha den litt mildare, raudvin. Så let du den koke vidare med …

Det gode attåt – risotto med kantarellar

Det er rart med det, å finne ut kva proteinar ein skal ha til middag klarer ein alltids. Utfordringa er å finne noko godt å ha ved sidan av. I dag kjem eg med  tilbehørstips som du kan bruke til mange ulike middagar, som til dømes steikt laks, ein saftig biff eller kyllingfilet. I dag henta eg utgangspunktet for middagen i skogen. På ein fin tur i nordmarka fann eg ekte kantarellar, men du kan også lage dette med traktkantarellar, eller med sjampinjong frå butikken. Berre styr unna hermetisk sjampinjong, det har eigentleg ingenting med mat å gjere, spør du meg. Eg har laga ein saftig risotto med kantarellane, og det er perfekt når ein ikkje finn så frykteleg masse sopp. I denne retten brukte eg ca. 200 gram, det vart nok til tre vaksne. Ein risotto skal alltid ha base i finhakka løk, arborioris, kvitvin og kraft. I tillegg kan du tilsette erter, paprika og andre grønsaker som held seg godt under oppvarming. Lettkokte grønsaker bør tilsettast mot slutten av koketida. Å lage risotto …

Meir italiensk – capunata

Har du hatt den kjensla nokon gong at du tenker tilbake på noko du spiste dagen før, og angra på at du ikkje spiste litt til av det, for det var så godt? Slik hadde eg det første gongen eg smakte capunata, den sisilianske grønsaksrøra som har noko til felles med den franske ratatouillen, bortsett frå at den er mykje betre.  Eg spiste det på den fine italienske restauranten Trattoria Al’Muntagnolia i Fuggerstrasse i Berlin, stamrestauranten for musikarane i Berlinfilharmonien tidleg på 2000-talet. Capunata eller caponata er eit døme på dei magiske smakseigenskapane til aubergine, ei grønsak som smakar bittert og rart på eiga hand, men som saman med andre grønsaker, urter og krydder verkeleg gjev ein rett eit løft. Capunata er ein sursøt grønsakssalat som vert servert kald, men som vert varma opp under tillaginga. Som med all slik mat finst det like mange oppskrifter som det finst husmødre. Slik gjorde eg det: Capunata 2 auberginar Salt 2 løk 2 raude paprika 4 stilkar stangselleri 2 dl olivenolje 1 ss sukker Ein neve kalamataoliven …