Allergi, Billig mat, Mat, Tilbehør, Vegansk, Veggis
Leave a Comment

Dine eigne kjeks

Har du tenkt på at du kan lage dine eigne kjeks? Det er veldig enkelt, og kjeksa blir veldig gode.

Det finst masse gode kjeks i butikkane, men av og til er det kjekt å slå til med heimebakte. Desse kjeksa held seg i to-tre veker i tett boks, og smaken på dei kan varierast i det uendelege. Du kan også drysse ting på kjeksa, til dømes flaksalt, paprikapulver eller urter. Då blir det smak både av det du har tilsett i deigen, og av det du drysser oppå. Vinn-vinn!

Kjeksa er bakte med litt grovt mjøl, det gjer at dei mettar, og dei har ein god konsistens i munnen. Eg brukar dei når eg skal servere fingermat eller kanapéar, då får du heilt perfekt storleik, og dei toler litt meir av væte enn ”kjøpekjeks”. Eg legg likevel eit salatblad mellom pålegget og kjeksen, då er du sikker på at den ikkje går i oppløysing, og du kan gjere dei klare litt før gjestane kjem.

I dag serverte eg kanapéane med rømme, lodderogn og vårløk, og ein rekesalat der eg har rørt inn litt ekstra lodderogn og finhakka urter. Merk deg at viss du har ferske urter i deigen, så må du bruke meir i volum, for å få nok smak. Det kan virke ulogisk, men tørka urter gir meir smak enn ferske. Brukar du tørr rosmarin syns eg det er viktig å knuse den ekstra godt. Rosmarinbitar kan vere litt store å møte på når du et kjeksen.

_MG_4418Grove urtekjeks

3 dl kveitemjøl
1 dl grovt mjøl, grovt sammalt eller liknande
1-2 ss ferske krydderurter, eller 1-2 ts tørre urtekrydder,
t.d. rosmarin, timian, basilikum, oregano
1 ts bakepulver
1 snau ts salt
1 ts honning
1,2 dl kaldt vatn
0,8 dl olivenolje

Sett omnen på 230 grader.

Knus urtekrydderet i ein mortar. Viss du brukar ferske urter, så finhakk dei med kniv.

Bruk ein låg og vid bolle, og rør i hop alle dei turre ingrediensane og krydderet. Lag ei hole midt i, og ha i honning, vatn og olje. Rør med ei sleiv til deigen har samla seg. Kna deigen med mild hand i to-tre minutt til du har ein mjuk og glatt deig. Du treng ikkje ekstra mjøl, oljen gjer at deigen vert smidig og fin.

Del deigen i to delar, og kjevle kvar av delane ut på eit silikonpapir så jamnt tjukt som du klarer. Dess jamnare kjeksa er, dess lettare er dei å steike likt.

Rull over med eit pizzahjul eller liknande, slik at deigen vert delt opp i passe store kjeks. Steik kjeksa midt i omnen i 7-8 minutt, til dei har fått ein gyllen farge. Følg godt med. Viss enkelte kjeks har blitt tynnare enn dei andre, og er ferdige før, kan du ta ut brettet, og ta av dei som er ferdige, før du lar dei andre steike vidare.

Ha kjeksa over på ei rist, og la dei kolne. Server kjeksa til ost, med rømme og lodderogn, skagenrøre eller til tapenade.

Leave a Reply