All posts filed under: Livet

Korleis brukar du pengane dine?

Ein kan grovt sett dele folk i to kategoriar no; dei som har det nokolunde som før inntektsmessig, fordi ein har fast jobb, ein kan ha heimekontor og inntekta er stabil med eller utan corona, og dei som ikkje har det slik. Frilansarar og permitterte har det tøft, sjølv om regjeringa har lova alt alt skal dekkast så tek det tid før alt er på plass. Denne artikkelen er til den første kategorien, altså vi som mottek inntekta vår som før. Akkurat no er vi i ein veldig spesiell situasjon, vi skal vere mest mogeleg inne, restaurantar og  utestader er stengt, vi drar ikkje ut anna enn for å handle nødvendige ting. Kanskje bur du slik til at du kan bruke kolonial.no, ulike matkasser eller liknande. Med andre ord: forbruket vårt går ned. Og korleis er det då smart å bruke pengane sine? Dei som har det trangt økonomisk har det kanskje endå trangare no enn før. Butikkane blir utselde for enkelte varer. Når du går i butikken: Kan du la vere å velge dei …

Om å kjøpe inn

Dei som kjenner meg privat veit at eg lever av å shoppe. Eg jobbar altså med innkjøp for ein statleg etat. Det er eigentleg ein logisk konsekvens av at eg alltid har vore glad i å shoppe, og at eg har ein fagleg bakgrunn (juss) som gjer at eg kan det som skal til av regelverk og rettspraksis. Men eg kjøper ikkje berre inn på jobb, eg brukar dei same teknikkane (i moderert form, naturleg nok) når eg kjøper inn privat. Det er nokre grunnprinsipp som det kan vere nyttig å få med seg, for at ein skal kunne gjere gode innkjøp. Kjenn marknaden du kjøper inn i Prisar, vilkår og kvalitet varierer frå marknad til marknad. Kva er så ein marknad? Ein kan hevde at alle matvarebutikkar i ditt nabolag er ein marknad. Samstundes er det viktig å vite at ein ikkje treng å flytte seg så langt for å gjere ein betre handel.  Daglegvareforretningane baserer seg på at du ikkje gidd å sjekke prisar og kvalitetar andre stader. Å orientere seg blant tilbydarane …

Det nye huset vårt

Eg har såvidt nemnt det tidlegare, men vi har altså kjøpt oss eit hus eit stykke over svenskegrensa, i Billingsfors. Vi overtok huset rett før jul, og rakk berre å fylle huset opp med madrasser og sengetøy frå IKEA før vi vende nasen heimover til Sunnmøre til julefeiring. I svenskehuset har vi tilbrakt romjula, og vi feira nyttår der. Etter det har vi tilbrakt mange helgar der, og vi nikosar oss. I byen bur vi kompakt, og må heile tida tenke praktiske løysingar og ein ting inn-ein ting ut. I Billingsfors har vi god plass, og kan breie oss og skape vårt eige hus. Ikkje for det, huset har sjel frå før vi kom dit. Huset tilhøyrde salgsdirektøren på papirbruket i Billingsfors, og ber vakkert preg av å ha vore eit hus for representasjon og selskap. Den skikken tenker vi å vidareføre. Det er eit perfekt hus for å ha gjestar, lage mat og kose seg. Vi overtok huset med møblar, og det betyr at vi har vidareført noko av stilen som salgsdirektøren og kona hans satte …

Vi skal på leir!

Visste du det? Det finst faktisk ein leirskule for vaksne. Dit skal vi i sommar! Og ein av aktivitetane er sjølvsagt eit syltekurs med lokale råvarer frå Øksendal, kurset vert halde av yours truly. Det gler eg meg veldig til. Men eg gler meg vel så mykje til alle dei andre aktivitetane som går føre seg på dette strålande arrangementet. Programmet er fullt av andre fine aktivitetar og, frå motorsagkurs til fjellklatring og kurs i brødbaking i steinovn. Syns du det høyrest kult ut, og har sommarferie utan planar lagt for veka 20.-27. juli, så kast deg på! Gå inn på http://www.underleir.no, og meld deg på. Vi sjåast!

I København igjen

Denne helga er søskenbarnet mitt  og eg i København. Det er mange år sidan vi avtalte det, at vi skulle tilbringe ei helg i denne fine, varme byen som eg har snakka så mykje om. I dag har vi spist godt, vi har vore innom Tage Andersen, vi har handla te og fått bolsjar hos Perchs thehandel og vi har gått gjennom alle etasjane hos Illums. Og ein kan seie det ein vil, men når ein er i København då er ein i Europa. Norge og Oslo er ikkje Europa. Ein gong i livet så må eg bu i denne byen. Eg skal takle det elendige språkøyret til danskane, og det kalka vatnet. Eg skal handtere den ubegripelege teljemåten og dei fulle nordmennene på Strøget. Alt dette for å få ta inn varmen og kontinentaliteten frå dette trivelege folkeferdet som danskane er. Alt dette for å kunne tusle rundt i dei fine gatene, sykle på dei vel utbygde sykkelvegane og å handle vin i butikken seint laurdags ettermiddag. Skål!

Ambassadøren og døra har åpnet sitt hjem…

Når ein har slike strålande flotte tenåringar, som er med på spennande og utviklande program for unge aspirerande leiarar, så opplever også foreldra fantastiske ting. Leiarprogrammet Young ambassadors er eit opplegg for ungdommar som blir valt ut for å vere med på masse faglege og kulturelle aktivitetar gjennom eit heilt år. Dei går på seminar der dei blir presentert for ulike fag, ulike tema og ulike bransjar. Dei har mange kommersielle partnerar, og så har dei ei sterk tilknyting til den amerikanske ambassaden, og har mange arrangement der. I dag vart “graduation” avholdt, og desse fine ungdommane fekk utdelt bevis på at dei har vore med, og ambassadør Barry White (som ikkje syng) og kona hans, Eleanor, tok imot ungdommane og foreldra deira for å markere at programmet er over. Mange dyktige ungdommar og stolte foreldre å helse på, god mat og vakre ambassadørboligen Villa Otium gjorde dette til ein uforgløymeleg kveld.

Sjølvmelding!

Litt tidleg, tenker du kanskje. Men ikkje når glamourbibliotekaren utfordrar oss. (Og ja, eg har ikkje gått under jorda, men eg driv og skriv ny kokebok. Tidkrevande, ikkje minst å tenke på det. Og så har eg det bra. Veldig bra. :)) Dagens leppestift/lipgloss: Max Factor lipfinity spiced under, Estee Lauder Michael Kors Gold gloss Dagens duft: Bulgari Omnia Amethyste Dagens sko: Helly Hansen Skinnsko med snøringa open. Ullsokkar gjekk ikkje i småskoa eg har ståande her på jobb. Dagens smykker: Forlovelsesringen, ein singel diamantring, gifteringen frå Sandberg.com og Longines-klokka som kom i morgongåve. Dagens bok: Ingenting akkurat no, men eg skriv bok, tel det? Siste avis du las: Aftenposten på frukostbordet Siste cd du høyrte på: Sæle juleljod med Marianne Beate Kielland Siste film du såg: Love actually i jula. Må få oss på kino snart, tydelegvis. Siste reise du var på innanlands/utanlands: Innanlands: Sunnmøre i jula. Utanlands: Hellas i sommar, trur eg. Men vi skal til Roma i veke 7. Det blir fint, trur eg! 🙂 Siste nettsted du var innom før denne …

Hal David (1921-2012)

Hal David er mykje mindre kjent enn sin musikalske partner, Burt Bacarach. Saman skreiv dei ei lang rekke klassiske pop-perler som står att i historia og aldri vil bli gløymt. Hal David var tekstforfattaren, og skreiv smått geniale tekstar til Burt Bacarach sine særprega og elegante melodilinjer. Ofte kunne tekstane og sangane vere ganske melankolske, ofte var dei mangetydige og rørande. Saman skapte Bacarach og David musikk som ingen andre hadde laga før dei, som ikkje likna på noko anna og som du kjenner igjen med ein gong du høyrer det. Denne er ei av dei beste: Do you know the way to San José, om alle som vil til Hollywood for å bli berømte og vinne verda. Dei fleste blir verken berømte eller verdsvinnarar, dessverre, men endar opp med å jobbe på barar, caféar og bensinstasjonar. Do you know the way to San José? I’ve been away so long. I may go wrong and lose my way. Do you know the way to San José? I’m going back to find some peace of mind …

Kva eg driv med for tida?

Nei, ikkje så mykje. Eg berre – planlegg det eg skal lage og servere på haustlanseringa til Samlaget 16. august – tenker ut korleis eg skal pynte ei bryllupskake til 80 personar som skal serverast denne helga i Hardanger – fiksar dressar til brudesveinar og trettenåringen min – planlegg sylteboksignering i Trøndelag neste helg – jobbar – Handlar inn bursdagsgåver til dei næraste tre familiebursdagane – kjøper inn ting til bryllupet vårt, som skal vere 22. september – syltar og saftar til haustlansering, boksigneringar og til bryllupet med den store kaka og vårt eige bryllup – pakkar ut koffertar frå Hellas-turen – syr bryllupsdukar – planlegg kva vi skal servere i vårt eige bryllup  – Ein heil del altså, når eg tenker meg om. Difor er det litt stille her. Men eg kjem plutseleg tilbake!

Noko av det vakraste XXVI

Lhasa de Sela levde eit kort men intenst liv, det slutta alt for brått då ho døde nyttårsdag 2010 av kreft. Men i dei 37 åra ho levde lagde ho tre plater med aldeles rystande vakker og uttrykksfull musikk. Ho sang på fransk, spansk og engelsk, og farta mellom USA der ho var fødd, Mexico, der faren hennar kom frå, Frankrike og Canada. Denne sangen er kanskje hennar mest kjende, og kanskje har du høyrt den utan å vite at det er Lhasa som syng den.

Stakkars store, sterke karer….

Operasjonssentralen ‏@oslopolitiops Arnljot Gelines vei, melding om brann, røyk fra tak, nødetatene er på vei Vi var invitert til middag i naboblokka, så då vi kom dit sto det ambulansar, brannbilar og til og med eit helikopter på plass. Då det heile var over nytta dei flotte karane høvet til å kvile ut og debriefe på parkeringsplassen utanfor der vi spiste middag. Gjengen med elles vaksne, fornuftige damer gjekk litt frå konsepta då vi ved å lene oss lett til høgre kunne bivåne desse staselege mannfolka. Vi er jammen lette å glede. Og det er noko spesielt med desse brannmennene.

Ein ny venn

Eg har tenkt litt på det med vennar i det siste. Eg får relativt ofte nye vennar. For meg er det lett å knytte meg til nye menneske. Ikkje ukritisk, og ikkje tilfeldig, men eg syns eg er heldig som stadig møter nye menneske som eg kjenner ein forbindelse med, og som eg trivest i lag med. Min nyaste venn heiter Aster. Då eg sto og prøvde å få overblikk over situasjonen tidleg om morgonen på laurdag i Volda smatt ho inn frå høgre og spurte: Can I help? Ho hadde på seg festspel-t-skjorte, så eg forsto at ho jobba for Dei nynorske festspela. Ja, sa eg, og viste henne korleis ho skulle kutte opp ein nektarin til nektarinsyltetøy. Fort og greitt hadde ho kutta opp to kilo nektarinar, og ho tørka og rydda og fiksa rundt meg som om ho aldri hadde gjort noko anna. Eg skulle vidare til Ørsta etter ein time, og eg spurte dei som administrerte det heile om eg kunne “låne” henne med meg, og eg spurte henne om ho …

Come to me

come to me I’ll take care of you protect you calm, calm down you’re exhausted come lie down you don’t have to explain I understand you know that I adore you you know that I love you so don’t make me say it it would burst the bubble break the charm jump off your building’s on fire i’ll catch you i’ll catch you destroy all that is keeping you down and then I’ll nurse you I’ll nurse you come to me i’ll take care of you you don’t have to explain I understand  

Dei finaste kveldane

Det er desse kveldane som ein delar med gode vennar i ein flott hage midt i byen i det vakre sommarlyset. Det er desse kveldane då praten går lett, maten smakar godt og rausheit og glede pregar samveret. Det er desse kveldane då ein syklar heim forbi botanisk hage og pustar inn den intense dufta av skjærsmin. Det er desse kveldane då ein kjem heim til fine ungdommar som har laga seg middag, og som ryddar når ein ber om det. Det er desse kveldane då vi vaksne tenner lys og delar ei stille stund etter at ungdommane er i seng. Fine kveldar.

Det fyk om øyrene…

Det er hektisk for tida. Difor er det litt stilt her i bloggen. I går prøvde eg brudekjolen på nytt, den er like fin som sist! 😀 Og eg er like sikker på at den skal klippast av som eg var då eg kjøpte den. Elles så går boklanseringa sin gang. Eg planlegg ein tur til dei nynorske festspela i Ørsta/Volda siste helga i juni, så bur du i området kan vi kanskje treffast? Eg kjem til å delta på festspelfrukostane i Ørsta og i Volda laurdag 30. juni. Men no skin sola, og eg må snart ut i den. Det er berre nokre greier eg må fikse først…

Den fine trappa

Eg har vist fram denne trappa før, den ligg rett på andre sida av plenen, og inkluderer eit lavterskeltilbod av sosial type. Perfekt for oss travle kvardagsmenneske. I dag var eg innom igjen, og den er om mogeleg endå vakrare om sommaren. Vertinna har fingerspitzgefühl, og veit korleis lys og blomar bør velgast ut og plasserast. Sjå nøye på bildet. Ok, du skal få eit til. Ser du kva ho brukar for å halde døra open? Ei gamal japansk tekanne, som dessverre har rusta innvendig. Tung og fin, perfekt for å halde døra på plass. I tillegg har ho dei vakraste peonane i verda. Dette er ein trepeon, og blomane er som middagstallerknar. Nydeleg!

Dei fattige blant oss

Dette engasjerer meg.  Vi har fattige rundt oss, folk som ikkje har klart å kome seg på den grønne gren, slik vi som eig vår eigen bustad saman med ein partner har klart. For det er faktisk det som statistisk sett er den største skilnaden mellom dei som har ein trygg økonomi og dei som ikkje har det. Er du einsleg, med eller utan barn, og leiger bustad så er økonomien trangare, og sjansane til å følge med i veksten i samfunnet minimale. Mykje som skal gjerast må utrettast på politisk og strukturelt nivå, med skattesatsar, støtteordningar og andre fordelingspolitiske tiltak. Men kan ein også gjere noko i sitt nærmiljø, overfor dei som ein sjølv kjenner som har det vanskeleg? Eg prøver å gjere det, og eg har gjort det sjølv gjennom mine eigne magre tider. Boka Smalhans var eit utslag av dette, eg gjorde meg nokre erfaringar når eg sjølv var gjennom økonomiske nedturar som eg lærte noko av. Men det er også mykje ein kan gjere for dei ein kjenner som har det …

Im wunderschönen monat Mai

Dietrich Fischer-Dieskau vart fødd 28. mai 1925, i går gjekk han bort, gamal og mett av dagar. Han hadde ei fantastisk karriere som sangar og pedagog. Spesielt dei tyske lieder var hans spesialområde, og her får du ein av dei finaste: Im wunderschönen monat Mai. Opptaket er frå debutsolokonserten hans i Salzburg under festspela i august 1956. Kvil i fred, gullstrupe.

Eg må ha gjort noko rett…

Ein heilt alminneleg torsdag kjem eg heim frå jobb. Det er pappaveke, så berre kjæresten og eg er i huset for tida. Men likevel, på bordet står det ein vakker orkidé med to greiner. Framfor orkidéen står denne lappen; Fordi selv verdens beste mamma trenger å bli påminnet at hun er det i blant. <3 Det er då eg tenker at det har fungert, det eg har gjort for og med desse flotte barna mine. Og så kryssar eg fingrane for at det kjem til å fungere vidare. Og så blir eg så inderleg, inderleg glad.

Vårdugnad

Dugnad, dette særnorske ordet er noko av det vi nordmenn er stolte av. Vi møter opp, kvar med ulik evne og vilje til å bidra, og gjer vårt beste for å halde orden, reparere eller å lage nytt. Nokre gongar gjer vi slik vi alltid har gjort andre gongar tenker vi ut gode løysingar på felles utfordringar. Reiskapane vi brukar er såpevatn, malekost og white spirit til hagemøblane, trykkluftspylar til steinhellene og rein handemakt for å bere rot og rusk ned frå loft og opp frå kjellar. Ting som er forlatt stiller vi ved sidan av containeren, kva om dei kan kome til nytte? Eit rundt trebord får nye eigarar, ein jentesykkel likeså. Med nye slangar i dekka, litt smøreolje og generelt stell er den god som (nesten) ny. Ivar-hyller vert gitt bort over ein låg sko, kjekt å ha i boda. Eg likar dugnad. Min jobb, i tillegg til å stelle i hagen, er å servere pølser og forfriskningar til alle som vil ha. Klokka halv to er pølsegryta ferdig, og då har eg …

Ein god dag

Gårsdagen vart ein god dag, sjølv om temaet var smertefullt og trist. Eg hadde ærend i byen, så det gjorde ingenting for meg å stikke meg unna ein liten halvtime for å delta i det som skjedde på Youngstorget klokka tolv. Det var først på veg bort Torggata at eg forsto at alle menneska som gjekk vestover var på veg til Youngstorget. Med roser i hendene vandra dei side om side mot denne enkle markeringa. Når vi sto der og vart ynskte velkomne, vart vi oppmoda om å trekke nærare saman, det sto folk i sidegatene som ikkje kom inn på Youngstorget. Politiet anslo at vi var 40 000, og dei brukar ikkje overdrive. Det gjorde meg stolt. Fleire har spurt meg; kvifor gjorde du det? Kvifor var det så viktig å vere med på denne sangen? Som eg har sagt tidlegare, så opplevde eg Barn av regnbuen som skummel då eg var lita. Eg vaks opp i ein opplyst, belest og samfunnsorientert heim, og bodskapet i denne sangen sette eg i samanheng med det eg hadde …

Barn av regnbuen – Lillebjørn kjem! <3

På torsdag skjer det! Som det står i den forrige tråden, arrangementet er flytta til Youngstorget, og det vert eit kort arrangement, akkurat passe til å stikke ut i lunchen for. Det heile startar klokka tolv, og forutan ein kort appell så syng vi ganske enkelt Barn av regnbuen. Ta med din eigen tekst om du er usikker på korleis den går.  Facebookeventet finn du her, gå inn der og meld deg på viss du vil vere med, om du heiter Lillebjørn eller ikkje. Edit: Det er no bekrefta at Lillebjørn Nilsen vert forsangar, det er eg utruleg glad for. Her er lista over arrangementa i resten av landet: Drammen har markering til samme tid på Bragenes Torg. Kristiansand har markering til samme tid på Nedre Torv. Tvedestrand har markering til samme tid på Tjenna. Hamar har markering til samme tid på Fougner Lunds plass. Tromsø har markering til samme tid (sted kommer) Elverum har markering til samme tid på rådhusplassen Stavanger har markering til samme tid (sted kommer) Mandal har markering til samme tid …