All posts filed under: Livet

Eg elskar multikultur

Det er ingen løyndom, eg har sagt det før. Men i dei tidene vi lever i akkurat no må det seiast fleire gongar, og fleire av oss må seie det viss vi meiner det. Eg har  muslimske vennar, eg har jødiske vennar og eg kan til og med skryte på meg nokre hinduar som eg bryr meg om og pratar med rett som det er. Eg har vennar som er medlem i FrP og eg har vennar som er medlem i Raudt. Dei er alle ærlege, fornuftige menneske som eg har stor glede av å tilbringe tid med. Og det som bitt oss alle saman er det mest interessante, syns eg: Vi vil alle det gode for medmenneska våre. I løpet av mitt 45 år lange liv har eg faktisk møtt veldig få som ikkje vil det. Dei aller fleste av oss menneske vil gjere verda til ein betre plass. Vi kan vere litt lite gjennomtenkte av og til, vi kan såre kvarandre og vi kan vere tøffe i trynet av og til, men vi …

Nasa i ein klut…

Det er litt stille her for tida. Det er fordi eg er sørpe, sørpe forkjøla. Og så skjer det så mange ting på jobb at å ligge heime ikkje er eit alternativ. Difor flatar eg ut på sofaen om kvelden, og klarer ikkje lagar spennande mat. I går: Pannekaker. I forgårs: Elgkarbonader frå Meny. Sausen vart god, men ingenting bloggverdig. Ha tol med meg, send gjerne bli bra igjen-helsingar og gode råd om alt som hjelper mot ein klassisk vår-forkjølelse. På førehand tusen takk!

Hva er ømhet?

Hva er ømhet? Begjæret vi setter fri eller styrken vi holder vår lidenskap fast i, ikke å tråkke en annens grenser ned. Jeg vet ikke hva ømhet er… Hver enkelts viten om savn, eller summen av to menneskers ensomhet Å kjenne seg igjen i en annens smerte er det ømhet. Å se en annen, ja, finne den riktige avstanden å se en annen i. La en annen få drømme sine egne horisonter Kanskje ømhet er noe veldig enkelt, som å se et vindu lyse i mørket og vite, der bor du… Noen ganger kjenner jeg pusten av noe stort og levende i språket. De som var her før, som levde her, elsket her har etterlatt språket som et savn. Og nå bruker vi ordene deres til å bytte bilder av oss selv med en annen Med kropper som ikke er skapt til å huse lengsler så store som våre, setter vi vårt ene sekund av evigheten opp mot døden, og vet. Kjærlighet er ikke språk. Kjærlighet river ordene ut av oss og ber oss være, …

Ein roleg ettermiddag…

…gjerne når det regnar, og du likevel er i Oslo. Då kan du stikke innom Bibliotekbaren på Bristol Hotel. Der serverer dei masse deilig, både smørbrød og kaker, men min favoritt er den klassiske britiske Afternoon Tea. Du får ein slik oppsats med lekre snittar, heilt nysteikte scones med krem, vaniljetilsmakt ferskost og syltetøy, lemon curd og dessutan petit fours og friske bær på toppen. Eg var litt bekymra for om vi skulle bli mette, men det vart vi alså. Deilig! Teen vert servert i gamle, flotte, slitne hotellsølvkanner, og om nokon ikkje likar te kan dei få sjokolade eller kaffe til. Ein strålande måte å tilbringe ein roleg ettermiddag på! 🙂

Minneeskene våre

I dag kjem eg med eit lite tips for oss som driv med compact living midt i byen. Det er ei utfordring at husveret vert fylt opp med ting av større eller mindre verdi. Mykje får ein seg ikkje til å kaste, det ligg mange fine minne i ting som barna våre har fått eller laga. For mine barn har eg laga minneesker. Ei eske per barn per to år tek vi vare på, så no har vi Agnete 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12, 12-14, 14-16 og no har eg nettopp kjøpt ny til 16-18. Vemund har 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12 og 12-14. Dei som er i bruk no (12-14 og 16-18) står i bokhylla, resten står i vår tørre kjellar. I desse eskene har vi alt som har vore verd å ta vare på gjennom desse åra og som får plass i eskene. I 0-2-eskene har vi den første tannbørsten, favorittsmokken, bursdagskort, bilde, namnedagskjole, dei første nike-skoa og masse anna. Vidare oppover har vi fortsatt med bilde og bursdagskort, og supplert …

Av og til har ein berre flaks.

Som med desse rosene, dei kom i hus forrige helg, laurdag var det. Kjæresten min treiv dei med seg, dei sto utanfor ein butikk i nabolaget og var sett ned til halv pris. Dei ville vel bli kvitt dei før helga. Her hos meg har dei ikkje fått noko særskilt stell, anna enn litt næring i vatnet. Men dei lever framleis, og det ser ut til at dei trivest. Andre roser som har kome i hus har hunge med hovudet etter to dagar, men desse står like ranke og opnar seg slik at vi verkeleg får beundre dei. Ein kan ikkje vite på førehand kva for nokre som er bra. Å vurdere dette i butikken har eg store problem med. Det er først når dei kjem heim og får ro og fred at du ser om det fungerer. Nesten som med menneske. Av og til har eg berre flaks. 🙂

The quite quiet project

Lisa Dillan er ein sangar eg har høyrt på mykje oppigjennom. Ho er utdanna jazzsangar, er opprinneleg frå Bodø, og har jobba mykje med improvisasjon og samtidsmusikk i ulike konstellasjonar. Sidan 2009 har ho saman med Asbjørn Lerheim utforska Elvis Presley sitt univers gjennom the quite quiet project. Det har no materialisert seg i ei plate der dei har fått med seg nokre av musikarane som spelte i bandet til Elvis Presley, David Briggs på flygel, Reggie Young  på elektrisk gitar, Norbert Putnam på bass and Paul Leim på trommer. Eit skikkeleg stjernelag, altså. Men den største stjerna er Lisa sjølv. Ho syng Elvis sine sangar så tårene renn, med hjarta utanpå kroppen, og ho får ein forelska tulling som meg til å be til guden eg ikkje trur på om at eg må sleppe å oppleve dramaet i desse tekstane. Plata heiter Love me tender – the quite quiet way. Løp og kjøp! (Og ta med kleenex.) Du kan til og med høyre dei live denne helga, laurdag spelar dei i Jakob kyrkje og søndag …

Eit skred

Dei siste to vekene har eg opplevd noko eg berre kan beskrive som eit besøksskred i bloggen. Denne bloggen har aldri vore nokon stor besøksmagnet, men eg har mange faste lesarar, og det er eg veldig glad for. Nokre få gongar har eg blitt lenka til av VG, og då har besøkstala gått i taket. Men eg har tydelegvis ikkje skjønt VG-koden, for no har det ikkje skjedd på veldig lenge. I det siste har dei besøkande ramla inn her i store mengder, hovudsakleg fordi dei får treff på søk etter stoff om fastelaven. Eg kan ikkje underslå at eg syns det er interessant. I det sekulære samfunnet vi lever i, der fråtsing og “må-ha”-kultur er daglegdags, interesserer altså folk seg for tradisjonane rundt faste. Kvifor det er slik veit eg ikkje, men eg vonar det er av andre grunnar enn at dei gjerne vil lage krembollar. Personleg er eg ikkje særleg religiøs av meg, men eg syns det er spennande å ta vare på kulturarven vår, også dei kristne elementa i den. Å vite kva …

-Og når er morsdag i 2012?

I serien Alt godt minner om merkedagar har vi i dag kome til morsdagen. Morsdag for 2012 er førstkomande søndag, altså andre søndag i februar. Datoen er 12. februar. Og ja, eg kjem tilbake med oppskrifter som gjer at dei som bur saman med desse fine mødrene sine kan gjere mødrene lykkelege med god mat og søtsaker. Heilt sikkert. 🙂

Forfallsestetikk

Tidlegare syntest eg det med avskorne blomar inne berre var trist. Dei døydde så fort. Eg klarte ikkje å passe på dei, og samstundes levde eg eit hektisk liv, så eg fekk ikkje tid til å nyte dei noko særleg. Med åra har eg i større grad lært meg å kose meg med blomane så lenge dei står. Enkelte blomar er også fine i det dei døyr. Tulipanar er slik, dei døyr utruleg vakkert. Sjå på desse, som har stått ei veke i vindauget. Dei er som fuglefjør som slyngar seg ut frå stilken. Fargen lysnar og kronblada vert nesten gjennomskinelege. Alt må døy ein gong, ein må berre lære seg å nyte livet medan det er her.

Den siste reisa

Når min kjære kjem heim med roser blir eg alltid like lukkeleg. Men det er ikkje til å kome bort frå at dei vandrar alle rosers veg. Nokre byrjar å henge med hovudet, andre spring ut, men byrjar til slutt å sleppe blad og bli visne i kantane. Desse som spring ut brukar å få eit ekstra liv her i huset. Omtrent i det hovudet byrjar å bikke til sides klipper eg dei av. Så legg eg dei i små glasskåler som eg har nokre skeier vatn i. Då får dei nokre dagar ekstra som bordpynt i heimen. Det er ei kjensle av luksus å spise frukost og middag på eit bord som er pynta med badande roser. Når hagerosene kjem er det ein god idé å gjere det same med dei. Ha ein fin dag! 🙂

Tiddelibom

Det snør, det snør over heile byen. Vi har tenkt oss ein tur ut, men jammen kan det bli ei utfordring. Bussen er ikkje alltid til å stole på når det er slik, sykkelen taklar sporsnø dårleg og parkeringsplassar er heller ikkje lette å oppdrive. Kanskje bør vi ta det som ein spasertur? Denne vakre narsissen er min favorittblome no for tida. Bridal crown heiter den, og er ein liten narsiss på ein uendeleg lang stilk, iallfall her hos meg. Eg har fjerna jorda og satt røttene rett i ein glasbolle med steinar i, som eg har litt vatn i. Det er nok til at dei veks og trivest. Elles ventar eg på nyhende, ei venninne ligg på Ullevål avd. B, og viss dei ikkje har blitt tre i familien allereie så blir dei det i dag. Eg kryssar fingrane for at alt går bra, og gler meg til å sjå og bli kjent ned dette vidunderet som eg føler eg har kjent lenge. Til alle lesarane mine: Kos deg i snøen, kjøp deg ein …

Denne mannen

Han vil det eg vil. Han les tankane mine. Og så spør han for å sjekke om det stemmer. Han seier det han meiner. Og det ligg aldri, aldri ei avvising i det. Han held ut med mine hang-ups og tøysete idéar. Og ofte blir han jammen med på dei og. Han høyrer på meg. Tolmodig og open. Han er ærleg. Tvers igjennom ærleg. Og det gjer meg aldri redd. Han seier alle dei rette tinga. Kvar gong. Han ser på tv viss eg ser på tv, fordi det er så koseleg å gjere det saman. (Han har aldri sett på tv før.) Han tek passe mykje omsyn til meg. Ikkje for mykje, ikkje for lite. Han blir ikkje redd. Og eg blir eit betre menneske av å vere saman med han. Er det rart eg elskar denne mannen?

Nesten ikkje til stades…

Det skjer mykje for tida. Ringen medfører bryllupsplanar, jobben krev sitt og manus til saft- og sylteboka skal innleverast. Difor er det litt stille i bloggen min akkurat no, eg vonar de er tolmodige og kjem tilbake likevel! I mellomtida kan du kose deg med dette bildet frå hagen min. Er ikkje desse sildrene søte?

Six degrees of separation – ein test

Du kjenner sikkert til prinsippet “Six degrees of separation“. Det går ut på at mellom deg og kven som helst annan på kloden er det seks andre personar i ei kjede av “vennars vennar”. Prinsippet har blitt sett på som eit døme på kva som skjer i den nye teknologidominerte verda, men det er faktisk frå novella “Lenker” skriven av ungararen Frigyes Karinthy i 1929. No har eg tenkt å sette prinsippet på prøve. Ei venninne av ei venninne la ut eit bilde her om dagen på Facebook. Historia er slik: Ho fekk noko ho hadde gløymt att ein stad av nokre ho ikkje kjente. I posen låg det nokre fotografi, du veit slike gamaldagse, framkalla på papir. På det eine sto det: På Aamodt Jeanette og oldemor. Bilda er nok ikkje heilt nye, så Jeanette har kanskje blitt noko større enn ho var på bildet. Ho som no har bilda er sikker på at eigarane gjerne vil ha dei tilbake. Så spørsmålet er: Har du ein anelse om kven dette kan vere, og kven …

Hald om kvarandre!

I desse nyttårskavalkadetider kjem dei bilda vi så smertefullt måtte leve med i sommar tilbake. Mange har tørka tårer over å sjå att rosehavet, menneska og reportasjene frå slutten av juli og tidleg august. Å sjå dette om att er vondt, men det hjelper oss med å gå vidare trass i at det aldri kan bli heilt som før. Til det er for mange borte og for mange er skada i sinn og skinn. Denne filmen trøsta meg veldig. Vox Humana framfører Eg veit i himmelrik ei borg, og måten dei held rundt kvarandre og bevegar seg på er utruleg rørande og fint. Eg kjenner også den intense fellesskapskjensla ein ofte har når ein syng i kor, den kjensla som gir deg energi i staden for å ta energi. Alle burde få prøve det ein eller annan gong i livet. Og møter du nokon desse dagane som du ser treng å bli holdt om, så gjer det. Hold om kvarandre.

Praktiske romjulstips

Utelukkande basert på søk i bloggen min i går: Fryse karamellpudding: Ja, ifølge kvalifiserte menneske eg har snakka med bør det gå heilt fint. Men står den kaldt og godt tildekka så held den seg i minst 5-6 dagar. Fryse pinnekjøtt: Ferdig dampa pinnekjøt kan frysast. For å spare plass i frysaren vil eg anbefale å rense det, og fryse berre reint kjøt samt krafta. Perfekt til ertesuppe og lapskaus, til dømes. Bruker jeg egg i medisterkaker: Ja, som hovudregel gjer ein det. Men har du eggeallergikarar kan du erstatte eit egg med ei teskei bakepulver i farsen. Sjokolademousse av toblerone: What’s not to like? Køyr på, og bruk den sjokolademousseoppskrifta du vanlegvis brukar, men bytt ut vanleg sjokolade med tobleronen. Legge ribba så den buer: Ja, det bør ein absolutt gjere. Det er beste måten å sikre sprø svor på, for då renn feittet av, og svoren puffar opp så lett som berre det. Litt tam potetsalat: Ha i litt ekstra løk, litt kvitløk viss du likar det og krydre med godt med peppar. …

Gamaldags jul

Eg fell i stavar over dette. Madickens jul er så nydeleg, så trist og så fin. Snille Abbe, som kjøper julegåve til den forfylla faren sin og ikkje får noko tilbake. Elisabeth som rir på sleden til ein gamal gubbe, og såvidt kjem heim til jul. Julelysa, sangane, Alva som ordnar alt og pappa som hentar tre. Finn fram lommetørkleet, set av ein liten halvtime og kos deg med dette.