Du kjenner sikkert til prinsippet “Six degrees of separation“. Det går ut på at mellom deg og kven som helst annan på kloden er det seks andre personar i ei kjede av “vennars vennar”.
Prinsippet har blitt sett på som eit døme på kva som skjer i den nye teknologidominerte verda, men det er faktisk frå novella “Lenker” skriven av ungararen Frigyes Karinthy i 1929.
No har eg tenkt å sette prinsippet på prøve. Ei venninne av ei venninne la ut eit bilde her om dagen på Facebook.
Historia er slik: Ho fekk noko ho hadde gløymt att ein stad av nokre ho ikkje kjente. I posen låg det nokre fotografi, du veit slike gamaldagse, framkalla på papir. På det eine sto det: På Aamodt Jeanette og oldemor. Bilda er nok ikkje heilt nye, så Jeanette har kanskje blitt noko større enn ho var på bildet.
Ho som no har bilda er sikker på at eigarane gjerne vil ha dei tilbake. Så spørsmålet er: Har du ein anelse om kven dette kan vere, og kven som eig desse bilda? Fortell i kommentarfeltet, eller send meg ein mail, så formidlar eg vidare til mi venninne.
Det er da ikke så veldig vanskelig, du skjønner det at det har kommet noe nytt og fantastisk som heter GOOGLE og hvis du er ekstra heldig så kan du bruke ett nyttig norsk verktøy som heter FOLKEREGISTERET. Hørt om slikt?
Det finnes hele to Jeanette Aamodt, en født i 1982 som bor i Østfold og en som bor i Akerhus som er født i 1984….
It’s not rocket science
Øyvind, det er jo ikke sikkert at Jeanette heter Aamodt, selv om bildet er tatt på Aamodt?! Men godt forslag, forsåvidt, jeg ser jo poenget ditt 🙂
Og OT til frk Gunda som snart blir fru igjen: Jeg elsker den nye headingen din!
Ja, eg er veldig fornøgd med det bildet, Elisabeth! Og eg trur du har rett, det er slett ikkje sikkert at ho heiter Aamodt til etternamn. Og å ringe rundt er ikkje eit alternativ, målet er å finne nokon som faktisk veit kven dette handlar om.
At det står PÅ Aamodt er litt merkelig, for stedsnavnet Aamodt finnes ikke, det er en “jålete form” av stedsnavnet Åmot. Derfor kan det hende at Jeanette heter Aamodt, men jeg heller mer mot at det er oldemor som heter Aamodt.
Litt fjollete kan jeg nå foreslå at PÅ Aamodt betyr at de sitter på en stol designet av Jahn Aamodt, men tilbake til løsningsorientert: Er det mulig å se av interiøret når bildet er tatt?
Jeg tenker nemlig sent på 70-tallet når jeg ser på vegg, duk, gardin og lampe…
Kan du legge ut bildet i en større versjon. Det var da sørgelig lite 🙂
Ja, det kan hende det er frå syttitalet. Samtidig er det nok ein del gamle damer som har det slik den dag i dag. Fototeknisk vil eg vurdere det til åttitalet. På Aamodt kan også bety på garden Aamodt. Når ein namngjev gardar brukar ein kanskje den forma? Eg har dessverre ikkje tilgang til bildet i større versjon. :-/
Jeg tenker at ‘på Aamodt’ simpelthen kan bety at det er et eldre menneske som har skrevet akkurat den teksten, og at stedet i dag heter Aamot…eller kanskje det finnes en Aamodt gård et sted eller fem. ?
Spennande! Eg trur også at “På Aamodt” betyr på ein gard som heiter Aamodt. Det er ikkje nødvendigvis heilt rett skrive, eller skrivast kanskje annleis i dag. Ein må også hugse på at alle slike namn ikkje nødvendigvis står i noko offentleg register. Der eg kjem frå er det mange gardar som har namn som ikkje nødvendigvis står oppført i offentlege register. Eg syns det ser tidleg 80 tallet ut.