Denne gryta kom til etter at eg hadde noko tysk øl i kjøleskapet som faktisk nærma seg utløpsdato, og i tillegg eit kjøtstykke som nok hadde passert den med god margin. Så fann eg ut at eg skulle bruke ølet som kraft i ei kjøtgryte. Denne gryta skulle etast av heile familien, så difor tok eg ikkje så mykje øl i, men supplerte med buljong. Er det berre ølelskande vaksne som skal spise hos deg kan du vere rausare med ølet. Storfekjøt er best rundt utløpsdato, så lenge ingen har kverna det så er den datoen berre rettleiande i mitt hovud. Eg luktar på det, luktar det godt så puttar eg det i maten. Ingen klagde, tvert imot. (Ingen visste heller, unntatt meg, det er den andre sida av saka.) For øvrig var dette ei “man tager hvad man haver”-gryte, det som burde etast opp fekk vere med. Slik gjorde eg det: Oksegryte med ølkraft 600 g storfekjøt, eg brukte ytrefilet To raude løkar Tre gulrøtter Ein paprika 1 ts timian 1 laurbærblad Ein buljongterning …
Like this:
Like Loading...