Billig mat, Noko søtt, Safting og sylting, Veggis
Leave a Comment

Å sylte i januar

At ein syltar i juli, august og september er nok det mest vanlege, men eg syltar også i januar.

Som eg skreiv om her så fekk vi mykje frukt i huset rundt juletider. Nokre av desse epla vart faktisk liggande heilt til no. Skrukkete og slitne var dei, sjølv om dei hadde blitt utsett for gjenopplivingsforsøk med netter i kaldt vatn i kjøleskapet. (Ingen skal seie at eg hiv mat utan at eg må.)

Har du ikkje eple liggande, men får lyst på litt frisk eplemos kan du bruke dei billige elstar-epla som du får kjøpt i posar på to kilo. Dei er søte og gode i smaken, og passar godt til mos.

Eplemos kan ein alltid lage. Eg hadde seks eple, og enda opp med to glas med deilig eplemos. Epla var ikkje av den syrlege sorten, og ein månads lagring i kjøkkenet mitt gjorde at dei ikkje var spesielt saftige heller. Difor måtte eg tilsette litt væte for at dei ikkje skulle brenne seg i gryta. Det brukar eg vanlegvis ikkje gjere når eg lagar eplemos av haustfriske eple.

Sitronsyre tilførte frisk smak og gjorde at mosen beheldt den fine, lyse fargen. Har du ikkje sitronsyre kan du bytte det ut med litt sitronsaft. Eg brukte lite sukker, mosen vart søt nok av eplesødma av dei overmodne epla.

Sidan eg planla å bruke mosen til tilslørte bondepiker, lot eg ei kanelstang koke med epla. Eple og kanel saman blir aldri feil. Har du ikkje ei kanelstang liggande etter jul blir mosen god utan og. Slik gjorde eg det:

Eplemos

600 g eple, skrelt og utan kjernehus

250 g sukker

1/2 ts sitronsyre

15 g (1 ss) syltepulver

1 dl vatn

Ein bit kanelstang om du har

Kutt dei rensa epla i bitar, og legg dei i ei gryte saman med kanelstanga om du vil ha kanelsmak på mosen. Ha i vatn, og la det koke friskt til epla er møre, ca. 5 minutt.

Trekk gryta til side. Bland saman sukker, sitronsyre og syltepulver, og ha det i gryta. Set den på varmen igjen, og la det heile koke i to minutt medan du rører godt slik at geleringsmiddelet i syltepulveret ikkje klumpar seg. Fisk ut kanelstanga til slutt.

Fyll eplemosen på kokte, varme glas, fyll dei heilt opp og skru loket på med ein gong.

Leave a Reply