Hylleblomstmoro
No blomstrar hylla! Bruk sjansen, og lag ei deilig saft.
No blomstrar hylla! Bruk sjansen, og lag ei deilig saft.
…Er ofte det beste. Hos meg får du ofte idéar til enkel mat, og denne veka er ikkje noko unntak. I dag grilla vi kyllingbryst, enkelt og greitt. Kunsten er å ikkje bruke for høg varme, slik at maten vert svidd før den er gjennomsteikt. Kylling bør vere gjennomsteikt, for det kan vere skumle bakteriar i kylling som ein helst ikkje vil ha i seg. Vert gjestane utolmodige, så legg heller ein gjeng med pølser på grillen, slik at dei får seg det vi i vår familie kallar ei ventepølse. Til kyllingen serverer eg ein salat der eg kombinerer pasta og bakte grønsaker. Den er mettande og smakfull, og det er lettvint å servere alt på eit fat. Tsatsiki er perfekt til, denne lette, syrlege sausen som smakar sommar for alle som har vore i Hellas. No finn du matyoghurt i dei fleste butikkar, viss du ikkje finn det kan du la vanleg naturell yoghurt henge i eit kaffefilter i ei trakt nokre timar, slik at mesteparten av væta renn av, eller du kan bruke …
For ei stund sidan var ein journalist frå NTB innom her heime og intervjua meg om det å bytte hus i feriane. Reportasjen om dette fine feriefenomenet hamna i aviser landet rundt, her ser du til dømes reportasjen frå Dagsavisen. Sjå bort frå den underlege posituren min og haugen med småpengar på kjøkkenbenken. Denne artikkelen i Dagsavisen har lege på pulten til ein i redaksjonen i God Morgen, Norge, og her om dagen ringte han meg, og lurte på om eg ville kome i programmet deira og snakke om feriane våre. Det gjer eg gjerne, og eg tek til og med meg Agnete, datra mi, som skal fortelje om korleis det er å bli teken med rundt i framande heimar for å feriere. Vi kjem på tv i morgon tidleg (fredag) ca. 08:15, så er du vaken må du skru på, og sjå oss. Bildet er naturleg nok frå Athen, der vi var i fjor sommar. I år går turen til Barcelona.