Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Det enklaste…

…Er ofte det beste. Hos meg får du ofte idéar til enkel mat, og denne veka er ikkje noko unntak.

I dag grilla vi kyllingbryst, enkelt og greitt. Kunsten er å ikkje bruke for høg varme, slik at maten vert svidd før den er gjennomsteikt. Kylling bør vere gjennomsteikt, for det kan vere skumle bakteriar i kylling som ein helst ikkje vil ha i seg. Vert gjestane utolmodige, så legg heller ein gjeng med pølser på grillen, slik at dei får seg det vi  i vår familie kallar ei ventepølse.

Til kyllingen serverer eg ein salat der eg kombinerer pasta og bakte grønsaker.  Den er mettande og smakfull, og det er lettvint å servere alt på eit fat. Tsatsiki er perfekt til, denne lette, syrlege sausen som smakar sommar for alle som har vore i Hellas. No finn du matyoghurt i dei fleste butikkar, viss du ikkje finn det kan du la vanleg naturell yoghurt henge i eit kaffefilter i ei trakt nokre timar, slik at mesteparten av væta renn av, eller du kan bruke kesam eller lett crème fraïche.

Begynn med grønsakene til pastasalaten, dei tek lengst tid. Lag tsatsikien medan dei bakar, og deleger grillinga til nokre andre. Slik gjorde eg det:

IMG_4056Pastasalat med bakte grønsaker

500 g fullkornspasta

2 pastinakkar

1 stor løk

1 aubergine

1 squash

2 raude paprikaer

200 g cherrytomatar

50 g  blanda, ferske urter, som oregano, persille, timian og basilikum

3 ss olivenolje

2 ts salt

Ekstra olivenoje, salt og peppar

2 ss kvit balsamicoeddik

Set omnen på 200 grader.

Bland urtene i ei matmølle med salt og olje til ein pasta. Sett til side.

Skrell pastinakkane og løken. Kutt pastinakkane i bitar så store som sukkerbitar. Kutt løken i båtar. Vend pastinakkbitane og løken i halvparten av krydderpastaen, ha i litt ekstra olje viss det vert tørt. Hell det heile i ei eldfast form, og bak det i omnen på 200 grader i 20 minutt.

Skjer auberginen i centimetertjukke skiver. Strø salt mellom laga, og stable skivene i eit tårn på ein asjett. Sett det til side.

Skjer squashen på langs, og så i centimetertjukke skiver. Del paprikaene i to, og fjern hinner, frø og stilk. Del dei i båtar.

Tørk aubergineskivene, og del dei i to. Vend aubergineskivene, squashskiene og paprikabåtane i resten av krydderpastaen, ha i litt ekstra olje viss det vert tørt. Ta ut forma, og hell aubergineskivene, squashskivene og paprikabåtane over pastinakken og løken. La det heile bake i 20 minutt til. Ta forma ut etter ti minutt, vend på grønsakene og legg på cherrytomatane før du bakar det heile ti minutt til.

Kok pastaen i godt salta vatn. La den renne av, og ha den i ein stor bolle. Ta ut dei bakte grønsakene, og vend dei saman med pastaen.  Bland godt, og hell alt over på eit stort serveringsfat. Ringle over balsamicoeddik og server.

Tsatsiki

1 beger matyoghurt eller lett crème fraïche

1 agurk

1 ts salt

to klyper svart peppar

2 ss finhakka mynte eller dill

1 fedd kvitløk utan det grøne

1 ts honning

Riv agurken på ei fjøl, og la den renne av. Når eg har det travelt brukar eg å legge den i kraftig kjøkkenpapir eller ein godt vaska kjøkkenhandduk, og klemme væta ut av den. Knus eller finhakk kvitløken. Bland saman yoghurt, kvitløk, urter og riven agurk, og smak til med honning, salt og peppar. La tsatsikien stå og trekke litt før du smakar til på nytt.

IMG_4060_2Grilla kyllingbryst

1-2 kyllingbryst per person

3 ss olivenolje

2 ts salt

½ ts peppar

Fyr opp grillen i god tid. Legg kyllingbrysta i ei form eller på eit fat. Ringle over olje, og dryss på salt og peppar. Grill kyllingbrysta medan du snur dei jamnt og trutt, til dei er gjennomsteikte. Server med pastasalat med bakte grønsaker og tsatsiki til.

Leave a Reply