Month: oktober 2017

Haustlasagne

Enkelte ting høyrer tydeleg hausten til. For meg er rotgrønsaker og graskar det eg får lyst på når det mørknar ute. Graskar kan syltast, bakast eller lagast til supper og gryter. Smaken er nøytral, så du kan leike deg med krydder og andre smakstilsettingar for å få fram haustkjensla. I USA får du til og med eit eige ”pumpkin spice”-krydder, som er ei blanding av ingefær, kanel, allehånde, nellik og muskat. Danskane puttar i malt pomerans og kardemomme i tillegg, og kallar det honningkagekrydderi. Men i dag skal vi ikkje krydre graskaret så veldig, vi skal derimot ha det i ein haustvariant av klassisk italiensk lasagne. Denne hausten snakkar vi om grunnleggande teknikkar her i Sunnmørsposten, og denne veka skal eg lære deg å lage ein god bechamelsaus. Og ein ting som er endå viktigare: Eg skal lære deg å lage nok bechamelsaus! Det er nemleg stort sett alltid for små porsjonar med bechamelsaus (eller ostesaus, som er varianten ein stort sett brukar i lasagne) i vanlege lasagne-oppskrifter, syns eg. Bechamelsaus, eller kvit saus, som …

Pæresyltetøy med kardemomme og kanel

Det er faktisk ganske sjeldan at eg lagar akkurat det same to gongar. Eg prøver alltid å vri på oppskriftene, bytte ut ingrediensar eller prøve ut nye teknikkar. Dette syltetøyet kom til ved at eg kom i ein frukt- og grøntbutikk som hadde flotte pærer som kosta nesten ingen pengar. Eg hadde eigentleg verken tid eller ork, men gode råvarer inspirerer meg alltid. Så då kjøpte eg med meg to kilo, og lagde dette pæresyltetøyet. Og så vart det knallgodt! Pærer kan jo vere litt kjedelege, men dette vart altså ein umiddelbar suksess. Det smaker spesielt godt på ost av typen port salut, og du kan sikkert også bruke det i dessertar av tilslørte bondepiker-typen. Prøv det, det gjekk fort å lage, og det er alltid gøy med eit syltetøy til. Har du litt eple å bruke opp kan du godt blande i det og. Pæresyltetøy med kardemomme og kanel  2 kg pærer ½ liter vatn 2 kanelstenger ½ ts malt kardemomme 1 pakke syltepulver eller fruktpektin 2-3 ss sitronsaft, eller 1-2 ts sitronsyre Ca. …