Billig mat, Dessert, Mat, Noko søtt, Safting og sylting, Vegansk, Veggis
Leave a Comment

Pæresyltetøy med kardemomme og kanel

Det er faktisk ganske sjeldan at eg lagar akkurat det same to gongar. Eg prøver alltid å vri på oppskriftene, bytte ut ingrediensar eller prøve ut nye teknikkar.

Dette syltetøyet kom til ved at eg kom i ein frukt- og grøntbutikk som hadde flotte pærer som kosta nesten ingen pengar. Eg hadde eigentleg verken tid eller ork, men gode råvarer inspirerer meg alltid. Så då kjøpte eg med meg to kilo, og lagde dette pæresyltetøyet. Og så vart det knallgodt! Pærer kan jo vere litt kjedelege, men dette vart altså ein umiddelbar suksess.

Det smaker spesielt godt på ost av typen port salut, og du kan sikkert også bruke det i dessertar av tilslørte bondepiker-typen. Prøv det, det gjekk fort å lage, og det er alltid gøy med eit syltetøy til. Har du litt eple å bruke opp kan du godt blande i det og.

IMG_5314Pæresyltetøy med kardemomme og kanel

 2 kg pærer

½ liter vatn

2 kanelstenger

½ ts malt kardemomme

1 pakke syltepulver eller fruktpektin

2-3 ss sitronsaft, eller 1-2 ts sitronsyre

Ca. 1 kg sukker

Del pærene i to, fjern kjernehuset og stilkfestet, og skrell dei. Kutt dei i terningar, og ha dei i ei tjukkbotna stålgryte saman med vatnet og krydderet. Kok pærene til dei er møre og mjuke.

Ha i syltepulveret, og la det heile koke friskt i to-tre minutt. Ha i sitronsaft, sitronsyre og sukker, og smak til undervegs. Litt ekstra syre og litt ekstra sukker kan høyrest ekstravagant ut, men det framhevar pæresmaken mykje meir enn viss du lagar denne med låg sukkermengde.

Fyll syltetøyet på reine, nykokte glas med skrukork. Oppbevar dei mørkt og kjøleg. Vil du leike deg litt, så prøv gjerne å lage det same syltetøyet men med ingefær i staden for kanel og kardemomme. Du kan bruke frisk ingefær som du skjer i syltynne skiver, du kan rive ingefæren, eller du kan bruke 1/2 ts malt ingefær pr kg syltetøy.

Leave a Reply