Månad: april 2016

Vårmat


Noko av det beste med å lage god mat er å følge sesongane, og akkurat no er det nykål som kjem i butikkane. Den første kålen som kjem, og som vert omtalt som nykål, er som regel spisskål. Den er lett samanpakka, spiss i forma, og smakar fortreffeleg. Eit hovud delt i fire eller seks går fint til to-tre personar som einaste tilbehør, fire viss du har litt meir attåt maten. Spisskålen er best smørdampa med litt sitronsaft, og den kler også bacon veldig godt. Den er perfekt tilbehør til fisk, men i dag serverer eg den til kyllinglår i urter. Eg brukar utbeina lårfilet, det er ei billig og smakfull råvare som du må passe på å kjøpe når du finn den. Kyllinglår i urter 600 g utbeina kyllinglår 1 dl kvitvin eller 1 dl eplejuice 2 dl matfløte 2 dl finhakka urter eller ½ ts tørka timian ½ ts tørka basilikum ½ ts tørka persille 2-3 stilkar fersk bladpersille Salt og peppar Smør til steiking Sett steikeomnen på 200 grader. Smelt smøret i ei …

Pasjonsfruktgelé


I helga laga vi ei bryllupskake til eit aldeles strålande brudepar, og der laga eg gelélok av pasjonsfruktpuré til kaka. Dette smakte veldig godt, og inspirerte meg til å lage meir med pasjonsfrukt. Eg fekk besøk av NRK Møre og Romsdal på kjøkkenet i dag tidleg, og då nytta eg høvet til å lage ein gelé av pasjonsfrukt på glas. Å sylte på radio er jo ein av mine spesialitetar. Eg har laga denne geléen på ein tropisk juice med pasjonsfrukt i. Nokre fancy plassar kan du få kjøpt pasjonsfruktpuré i posar, det var det eg brukte i bryllupskaka. Finn du det, så kjøp det, det vil gjere geléen om mogeleg endå meir intens og deilig i smaken. I så fall kan du bruke ein liter pasjonsfruktpuré og 3 dl vatn i staden for juicen. Juster sukkermengda etter smak. I og med at pasjonsfruktgeléen er ei nyoppfinning så veit eg ikkje heilt kva eg skal bruke den til, men eg ser for meg at den må vere knallgod på vafler, bollar eller kanskje på scones …

Å bruke heile grisen


Eg skal vere heilt ærleg, eg syns det er veldig lettvint med filetar. Om det er laks, gris, okse eller torsk, det å få beinfri råvare som det går fort å lage til er det enklaste. Men skal vi leve berekraftig, og til og med flotte oss med å spise kjøt og fisk, så må vi faktisk også vere innstilte på å spise dei mindre populære delane av råvarene. Vi kan ikkje berre spise filet. Når det gjeld grisen er det vår trong til bacon og juleribbe som reddar dei meir ukurante delane av grisen. Ribba blir til og med selt (og spist) med svor på, og det er veldig god ressursbruk. Men kva gjer vi resten av året? Bacon er det uendeleg etterspurnad etter, men resten av ribbesida er også full av mat. Amerikanarane har funne løysinga, dei lagar spareribs av ribbbesida. Då tek du beingrinda som er att når baconet er skore av, krydrar det godt, og så grillar du det sakte på indirekte varme. Grillsesongen er ikkje heilt her enno, men dei …

Vil du lære meir om parfyme?


Syns du det er vanskeleg å finne di duft? Har du opplevd å kjøpe ein parfyme som var deilig på nokon andre, eller som lukta godt i butikken, men når du kom heim så passa den ikkje deg i det heile tatt? Lurer du på om du skal kjøpe Eau de toilette, Eau de parfum eller rein parfyme? Dette er eit tema som eg likar å snakke om, for eg har jobba mykje med å finne ut korleis ein finn den dufta som passar best til akkurat meg. Eg har snakka om parfyme med kollegaene mine, holdt foredrag på København-båten, for venninnegjengar, på Underleir og for utdrikningslag, både for menn og kvinner. Eg har også holdt kundeseminar på Glasmagasinet. I parfymeavdelinga på DFDS fortalte dei at dei hadde selt heilt andre dufter etter at eg hadde holdt kurs enn dei vanlegvis gjorde. Det syns eg var veldig gøy, då har eg inspirert folk til å snuse på nye ting, som ikkje nødvendigvis er det aller nyaste, men som passar til deg og din hudkjemi. Eg har …

Korleis dyrkar ein urter?


Ja, det er det mange som lurer på. Du opplever kanskje at urtene du kjøper i butikken døyr før du har komt inn døra heime. Og handlar du hos hagesenteret går det ikkje så mykje betre. Eller at urtebedet ditt vert invadert av mynte og spansk kjørvel, som kvelar alt det andre som står der. Eg har dyrka urter i mange år, og ikkje minst har eg prøvd å bruke fantasien for å finne nye måtar å bruke urter i maten på. Urter gir det aller meste eit løft, men ein kan ofte vere redd for at ulike smakar skal krasje eller bli feil når maten kjem på bordet. Etter mange rundar med prøving og feiling har eg funne metodar og oppskrifter som fungerer, og som eg gjerne delar. Dette gjer at eg har blitt invitert til å holde foredrag om urtedyrking for hagelag, foreningar og vennegjengar, og det er alltid like hyggeleg. Eg har også med stor suksess holdt kurs for utdrikningslag for deltakarar av samtlege kjønn. På urtekurs snakkar eg om korleis ein bør …