All posts filed under: Blogging

Eg er blant verdas beste!

Nynorskbloggarar, altså. Stor stas! Målungdommen, mållaget og framtida.no har valt ut tolv finalistar som dei meiner har dei beste nynorskbloggane. Finalistane er valt ut blant alle dei som tidlegare har blitt kåra til vekas nynorske blogg, og det hadde eg æra av å vere i juni 2014. No får lesarane vere med og røyste fram den aller, aller beste. Konkurransen er tøff, og det er mange knallflinke bloggarar med, men syns du det eg driv med er bra, så kan du jo gå inn her og stemme på meg. På førehand tusen takk! 🙂

Fastelaven på pinterest!

Ja, eg er vel eigentleg litt treigare enn folk flest, men eg har altså tre år etter at alle andre fann det ut komt til at pinterest er ein grei måte å organisere postane mine om eit bestemt tema på. Førstkommande søndag er det fastelaven, og sidan eg har eksperimentert med fastelavensbollar og laga feit og deilig fastelavensrømmegraut så fann eg ut at eg kunne dele fastelavenstavla mi. Så her finn du alle mine fastelavenspostar.

Vil du gi bort ballboka i julegåve?

Då har du sjansen no! Og du kan til og med få den signert av meg. I neste veke drar eg ned til Samlaget, og signerer ein stabel av bøker, og Samlaget dekker portokostnaden for å få boka fram til deg. Boka kostar 379,-, faktura følgjer med boka når du får den. Du kan også få Sylting og safting, og Smalhans om du har lyst å gi bort dei. Dei er nedsett i pris, så dei kostar 199 per stykk. Eg signerer også desse, gjerne til den personen du skal gi dei bort til. Eller til deg sjølv, om du vil sikre at iallfall ei julegåve vert heilt rett i år. For å få reservert bøker til deg så sender du ein mail til a.tresselt@samlaget.no, og seier frå kva bøker du vil ha, og kor mange. Kast deg på, så har du årets julegåver i boks før du veit ordet av det!  

Fire år med blogging!

Ja, det var berre flaks at “jubileumsdatoen” ikkje gjekk meg hus forbi. Fru Storlien posta eit innlegg om at det var fire år sidan ho byrja å blogge, og så måtte eg tenke etter: Når var det eg byrja? Var det ikkje i januar ein gong? Og jammen var det det. Nittande januar 2009 posta eg forsiktig mitt første innlegg med ei oppmoding til å lage til eit selskap for dei du verkeleg vil treffe, i motsetnad til selskapa i julehøgtida, som kan ha eit strøk av plikt over seg. Menyen besto av carpaccio, heilsteikt ytrefilet med aioli og honningis med rista honningkake. Sjølv om eg er litt ustadig i blogginga for tida, mest på grunn av bokprosjektet eg held på med, så er besøkstala jamne, og eg har bestemt ei kjensle av at eg har ein gjeng med faste lesarar som set pris på det eg gjer her. Så takk for fire år saman, eg er heilt sikker på at vi vil ha mykje glede saman i åra framover og. Hurra for fire år! …

Sjølvmelding!

Litt tidleg, tenker du kanskje. Men ikkje når glamourbibliotekaren utfordrar oss. (Og ja, eg har ikkje gått under jorda, men eg driv og skriv ny kokebok. Tidkrevande, ikkje minst å tenke på det. Og så har eg det bra. Veldig bra. :)) Dagens leppestift/lipgloss: Max Factor lipfinity spiced under, Estee Lauder Michael Kors Gold gloss Dagens duft: Bulgari Omnia Amethyste Dagens sko: Helly Hansen Skinnsko med snøringa open. Ullsokkar gjekk ikkje i småskoa eg har ståande her på jobb. Dagens smykker: Forlovelsesringen, ein singel diamantring, gifteringen frå Sandberg.com og Longines-klokka som kom i morgongåve. Dagens bok: Ingenting akkurat no, men eg skriv bok, tel det? Siste avis du las: Aftenposten på frukostbordet Siste cd du høyrte på: Sæle juleljod med Marianne Beate Kielland Siste film du såg: Love actually i jula. Må få oss på kino snart, tydelegvis. Siste reise du var på innanlands/utanlands: Innanlands: Sunnmøre i jula. Utanlands: Hellas i sommar, trur eg. Men vi skal til Roma i veke 7. Det blir fint, trur eg! 🙂 Siste nettsted du var innom før denne …

Lenge, lenge sidan…

No er det alt for lenge sidan vi har hatt eit meme her. Difor går eg i gang med liv og lyst, og vonar du følgjer på, enten i kommentarfeltet eller i din eigen blogg, helst med lenke hit. Her er oppgåvene: • Dagens leppestift/lipgloss: Estée Lauder Michael Kors gold • Dagens duft: Kenzo Once upon a time • Dagens sko: Raude støvlar frå Ilse Jacobsen • Dagens smykker: Forlovelsesring og ei swatch-klokke • Dagens bok (altså den du les no): Beklagar, eg er midt mellom bøker, og der har eg vore ei stund. • Siste avis du las: DN si påskeutgåve • Siste musikk du høyrde på: Beatles på Rockband, med kjæresten min som spelte trommesporet oppå. • Siste film du såg: The King’s speech, søndag kveld • Siste reise du var på (innanlands/utanlands): Innanlands: Til Sunnmøre i jula. Utanlands: Til København midt i mars • Siste nettstad du var innom før denne bloggen: Twitter • Siste te/kaffe du drakk: Perch’s Earl grey • Siste setning du sa: Ja, eg kjem opp med det …

Fortell noko om deg sjølv!

Eg har kanskje ikkje fortalt det før, men ei av mine store bloggheltinner er Glamourbibliotekaren. Eg las hennar blogg før eg visste at det var ein blogg eg las, og i mange år våga eg ikkje å blogge sjølv, fordi eg aldri kunne bli så flink som henne. Akkurat det siste har eg kome over, og bloggar sjølv om eg ikkje er like flink, eller kanskje berre annleis. Men iallfall: ho inspirerte meg til dagens innlegg. Torsdag oppmoda ho lesarane sine til å fortelje noko om seg sjølv. No har eg fortalt noko om meg sjølv, så no vonar eg du vil gjere det same. Det er mange innom her kvar dag, oppunder tusen per dag rett som det er. Nokre av dokke kjenner eg, andre er heilt ukjende. Dette vil eg gjerne gjere noko med. Fortell meg kven du er, kva du er oppteken av og kva som brakte deg hit. På førehand tusen takk! 🙂

Gje-bort-dag!

Av ein eller grunn har eg kome på mailinglista til ei messe som heiter Gjør din bolig bedre. Den går av stabelen på Hamar helga 17.-19. februar. Messa er sikkert fin, den. Det er berre at eg er ikkje på Hamar den helga. Men eg har fått ein bunke fribillettar! Viss du er på Hamar eller har tenkt deg til Hamar den helga, og kan tenke deg å gå på messa så vil eg meir enn gjerne gje deg min fribillett. Legg inn ein kommentar under her, og så får du den tilsendt til den mailadressa du oppgir.

Eit nyttårsmeme

Suziluz har posta eit meme i bloggen sin, og sidan ho seier at kven som helst kan ta det vidare så gjer eg det. Det forklarar kvifor det er på svensk, iallfall. Veit du forrresten at ho kjem med bok i mars? Det kjem eg til å skrive meir om, heilt sikkert. 1) VAD GJORDE DU FÖR TIO ÅR SEDAN? Farta til og frå, hadde barnehagebarn som måtte hentast og leverast, ein travel jobb og eit enormt press på meg. Eg anar ikkje korleis eg sto det over. 2) VAD GJORDE DU FÖR ETT ÅR SEDAN? Elska livet, akkurat som eg gjer no, med verdas finaste kjæreste, og dei to fine ungdommane mine. Eg hadde akkurat møtt ei som var med meg gjennom heile smalhans-prosjektet, og som var ei uvurderleg støtte. 3) FEM SNACKS DU GILLAR: Sørlandschips, macadamianøtter, smash, Walthers mandler og heimepoppa popcorn. 4) FEM SÅNGER DU KAN HELA TEXTEN TILL: Det er ikkje mange. Eg er faktisk veldig dårleg på tekstar. Men eg prøver: Misty, Little Green, Embraceable you, En myk manns sang (!!) og Promise …

Pepparkakehuskonkurranse!

Matbloggsentralen har laga ei pepparkakehusutfordring! Den handlar om å kåre det finaste pepparkakehuset, og eg har to hus med i utfordringa. For to år sidan lagde eg dette vesle søte huset i skogen. Det er med som kandidat nr. 7. Det store huset som min kjære pynta tirsdag kveld er med  som kandidat nr. 18. Så dersom du syns eit av desse to er finast er du velkommen til å stikke innom Matbloggsentralen og stemme på dei. Kvar person har berre ei stemme. Avstemminga pågår fram til søndag 18.desember ved midnatt. Det er masse fine hus der inne, så det er ikkje så enkelt å velge! 🙂

Hekta…

Jepp, eg innrømmer det. Det var gøy å vere med på Matbloggsentralen sin konkurranse om spiselege julegåver, og dermed stiller eg opp igjen. Denne helga konkurrerer vi om beste julebakst. Eg har meldt på mi engelske julekake, som vert sett på bordet her hos oss kvar jul. Eg trur eg ikkje var meir enn 22 år første året eg lagde den. Viss du syns at eg bør vinne med fruktkaka mi kan du gå inn på Matbloggsentralen og stemme på mi kake, som er deltakar nr. 14. På førehand tusen takk! 🙂

Eit siste forsøk

Som eg tidlegare har nemnt så har eg to forslag til spiselege julegåver med i utfordringa inne hos Matbloggsentralen. Det ser unekteleg ut til at det er juletrøflane mine som gjer det best, og det er høgst fortent. Dei er kjempegode, og enkle å lage. Dersom du syns det ville vere fint om eg vann så veit du kva du må gjere, gå inn hit og stem på meg. 🙂 I mellomtida stikk eg ein tur til Hovdebygda, og snakkar med lesarar og andre interesserte på Ivar Aasen-tunet. Vel møtt, viss du er i området!

Stem på meg, kjære lesarar!

Matbloggsentralen har ein konkurranse på gang. Den handlar om spiselege julegåver, og eg deltek med min plommechutney og dei tradisjonsrike juletrøflane. Viss du syns dette er gode forslag til spiselege julegåver, så gå inn på Matbloggsentralen, og stem på bidrag  nummer 49 og 51. På førehand tusen takk! <3

Eg er her!

Eg presterte berre å ta ein tur på seminar til Kiel utan mobilladar, og utan den kjære macen min. Då blir det tyst frå mi side. Eg sto i resepsjonen og tasta medan telefonen lada, men blogginnlegg vart det ikkje noko av. Men eg kjem sterkare tilbake. I og med at mange tek båten til Kiel tenkte eg å kome med nokre shoppingtips frå denne fine, tyske byen som ein dessverre berre får vere i tre timar om ein reiser med ein av color-båtane. Stay tuned!

Vi held på

Eg må berre seie det, det er ein sann svir å jobbe med ei så kreativ og fin dame som GundaM. Ho er proppfull av idéar, ho har eit utval av ting og tang som du ikkje kan forestille deg, og oppsetta ho lagar er knallfine. Vi syltar og saftar, lagar gelé og andre ting av fleire kilo bær og frukt. Eg kan ikkje forstå anna enn at dette må bli bra. I tillegg kosar vi oss med god middag, god vin og skravling. Eg har ei fin helg i Trøndelag, altså.

Spør først, grav siden

sto det på telefonkatalogane i gamle dagar. Det var eit problem at gravemaskiner grov over telefonkablane. No for tida skjer det også tabbar, og her om dagen gjorde eg ein. Eg skulle vise fram fine bryllupsbilde til min kjære, som var på Roskilde medan det mest forelska paret i verda gifta seg, og då ville eg få dei to macane mine til å snakke saman. Det kan gå heilt fint, men det eg ikkje var klar over var at den berbare som var på loftet har ein nyare versjon av iPhoto enn den gamle som alle bilda er på. Den berbare spurte om eg skulle oppgradere iPhoto-biblioteket, og det svarte eg så kjekt ja til. Dermed låste eg ganske effektivt min eigen tilgang til iPhoto frå den stasjonære maskinen. Kjæresten min har no sett i gang ein operasjon der bilda vert flytta igjen, over frå den berbare til den stasjonære. I mellomtida får eg ikkje tilgang til dei nye bilda mine. 🙁 Difor får eg ikkje blogga om dei fine rosene frå bryllupet, borddekorasjonane og …

Eg kjedar meg…

1. Navnet ditt stavet baklengs? tdog tla 😉 2. Hvor ble foreldrene dine født? Sunnmøre og Målselv 3. Hva er det siste du lastet ned på PC-en din? Ei oppdatering av Itunes 4. Hva er favorittrestauranten din? Trattoria Muntagniola i Berlin. 5. Når svømte du sist i et basseng? Huskar ikkje… 6. Har du noensinne deltatt i et skoleteaterstykke? Jepp, eg var ein av assistentane til Christoffer Colombus på hans strabasiøse ferd over Atlanteren. 7. Hvor mange barn vil du ha? Eh, to er nok. 8. Hva slags musikk misliker du sterkest? Danseband. 9. Har du stemmerett? Ja? 10. Har du kabel-tv? Ja. 11. Har du noensinne kjørt moped? Ja. 12. Har du noensinne tulleringt til noen? Har eg kome til Furu? Nei, dette er hos Gran. Oj, då har vi klatra opp i feil tre. Svaret er ja. 13. Har du noensinne fått parkeringsbot? Ja. 14. Har du lyst til å hoppe i strikk eller fallskjerm? Nei. 15. Det fjerneste stedet du noensinne har reist til er? (Altså det som ligger fjernest fra ditt …