Saftige nøttescones
Heidi ga meg denne oppskrifta for lenge sidan, den må du ha i bloggen din, sa ho. Sidan då har den lege og vansmekta på kjøkkenet mitt. Men laurdag morgon kom eg på at eg ikkje hadde bakt brød kvelden før. Då passa det godt med Heidi sine scones. Scones er bakverk som vert heva med bakepulver, og treng dermed verken heve eller kvile. Det skal rett i omnen etter at deigen er rørt saman. Tradisjonelt vert scones servert til Afternoon tea, men her i huset fungerer dei altså også perfekt som frukostbrød. Då eg opna kjøleskapet fann eg ein halvliter med melonyoghurt, og den fekk vere med i scones-deigen. Den erstatta sukker i min deig, elles kan du godt ha litt sukker i deigen. I Heidi si oppskrift er det også rosiner, men det droppa eg. Heidi si oppskrift er stor, og eg var i eksperimenteringsmodus, så eg lagde full porsjon, og putta halvparten i kjøleskapet for å sjå om scones som hadde kvilt i eit døgn vart etande. Det gjekk fint, det var …