Billig mat, Fest, Meksikansk, Middag
Comments 3

Don’t forget the Mexican spices


Med ein så diger porsjon med kokte bønner som eg sat att med hadde eg nok til fleire middagar. Ein rett der brune bønner høyrer naturleg med er chili con carne. Chili con carne er ei klassisk meksikansk kjøtgryte, med like mange variantar som det finst husmødre i Mexico. Den er enkel og rask å lage, og den er lett å utvide dersom du vil servere den til fest.

Den blir kanskje oftast laga med kjøtdeig, men eg syns også den blir god med ordentlege kjøtbitar. Ein gong eg hadde gjestar heilsteikte eg ein entrecote, og restane av den vart til chili con carne dagen etter. Så dette er også ein fin måte å få brukt opp kjøtrestar på.

Her ristar eg krydderet før eg har det i gryta. Det gir ein utruleg god smak, og heilt krydder held seg også lenger i skapet enn malt krydder. Med ein mortar knuser du krydderet slik at det er klart til å putte i gryta.

 Chili con carne

 2 fedd kvitløk

2 løkar

1 raud paprika

2 selleristilkar

2 gulrøtter

ca 500 gram høgrygg eller mørbrad

1 boks hermetiske tomatar

1 ts buljong

½  ts chilipulver

½ ts kanel

To ts spisskummenfrø

To ts heil, svart peppar

To ts korianderfrø

5 dl kokte, brune bønner

Litt vatn eller pils slik at det vert passe tjukt

Olje til steiking

Del opp oksekjøtet i passe bitar, og fres dei i olje i ei stor gryte. Hakk kvitløk og løk og steik han gyllen saman med kjøtet. Skjer paprikaen i terningar og tilsett.

Varm opp ei tørr steikepanne, og ha i krydderet. La det heile bli godt og varmt medan du ristar på steikepanna. Noko av krydderet vil ”poppe”, det gjer ingenting. Når det duftar intenst deilig og ser ferdig ut, etter tre-fire minutt, kan du ta av steikepanna og la det kolne. Ha krydderet i ein mortar og støt det til fint pulver. Ha pulveret i gryta.

Tilsett dei andre ingrediensane. For å få ein ekstra rik smak kan du bytte ut vatnet med pils. Det blir faktisk overraskande godt.

La gryta småputre i 25 minutt. Smak til med salt, og litt sukker viss tomatsmaken vert for skarp. Vil du ha den sterkare, så tilsett meir chili. Server gryta med ris og godt brød til.

3 Comments

  1. Denne oppskrifta skal eg prøve snart. Har laga Mulligatawny-suppa frå boka di, den vart heilt vidunderlig. Men er tok toppa teskeier med krydder i staden for ss.Det blei sterkt nok til oss.
    I dag laga eg Minestrone-suppe før vi gikk ut i kulden. Den vart også god, men eg var litt lettsidig, og helte i makaroni rett frå pakken. Den blei litt tjukk,suppa, for å seie det forsiktig.
    Det eg lurer på er om du har ei skikkelig god oppskrift på gulasj-suppe? Det er vinter og suppetid her i huset.

    Likar

  2. Jeg liker å bruke chipotle (røkt meksikansk chili) i chili con carne. Det gir et deilig snev av røyksmak til gryta.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s