All posts filed under: Quiche

Aspargespai med tomatsalat

Sjå etter dei norske aspargesane i butikken, dei er så utruleg gode, og når du puttar dei i ein pai får du mykje moro med ein bunt. Eg dyrkar faktisk mine eigne asparges, og det er så enkelt at det er nesten litt flaut. Du grev ned aspargesrøtter i sandblanda jord, så ventar du tre år (det er det vanskelege), og så kan du spise asparges med begge hender iallfall fram til jonsok. Eg har dei i ei kasse på 1×2 meter, då har eg plass til ti plantar, og det held til oss to. I ei kasse vert det mindre ugras, og sniglar og andre udyr finn dei ikkje. I midten mellom plantane har eg sådd koriander. Til aspargespaien serverer eg ein tomatsalat med rista brødterningar, eller krutongar, om du vil. Den kan minne om det italienarane ville kalla panzanella, men den er endå enklare. Eg fann nydelege, små tomatar i alle fargar, og då vart salaten berre desse vakre tomatane, med salat og dei urterista brødterningane oppå. Viss du vil utvide den, eller …

Søt og salt sommarpai

Kva er betre enn ein saftig og smakfull pai? Den kan vere søt eller salt, eller du kan lage begge to variantar.  Eg har vore ute og plukka bær i dag, og planen var å lage ein dessertpai med sprø topping av kvit sjokolade. Då eg hadde laga den paien sto eg med deig til overs. Kva gjer du då? Lagar pai til middag og! Eller til ein lett lunsj, om det er tidleg på dag.  Paideig er fort gjort å lage, særleg viss du har ei matmølle. Det fine med denne varianten er at den kan brukast både søt og salt, og når du har byrja på deigen kan du ta av litt smør- og mjølblanding til den sprø toppingen. Smart, ikkje sant? Både søt og salt pai kan varierast i det uendelege. Den søte paien kan lagast med eple, plommer, aprikosar eller rabarbra, om du har i frysaren. Du kan også lage eit karamellfyll som du har hakka nøtter i. Den salte kan lagast med berre ost og grønsaker, med røykt fisk eller …

Ein pai med alt det gode

Ein lærer stadig nye ting, sjølv om mykje matlaging går på autopilot når ein har gjort det nokre år. Her i jula lagde vi eit klassisk svensk julbord, sidan vi har feira i huset vårt i Sverige denne jula. Då lagde eg ein västerbottenpaj, med den smaksrike västerbottensosten. Eg lagde paideig etter den oppskrifta eg alltid har brukt, som eg har henta frå Carl Butlers kokbok, som eg fekk seint på åttitalet, trur eg. Eg dro i gang med 150 g smør og 300 g mjøl i matmølla, og køyrde det i hop med litt vatn. Eg kjevla deigen ut, og lagde paien, og alle var nøgde. Deigen som var att då eg hadde kjevla over forma og teke til sides “kantane”, trykte eg i hop, og la i kjøleskapet, eg kan tenke meg at det var ca. 200 g, kanskje. Nokre dagar seinare rydda eg i kjøleskapet, og fann deigklumpen. Eg kjevla og kjevla, og den vart tynnare enn sirupssnippar. Den dekte akkurat forma slik at litt hang utanfor, så eg klipte bort frynsene, men …

Skinkepai med raud pesto

Denne enkle skinkepaien er ein sikker vinnar til ein vennelunsj, til ein buffet eller som kveldskos ein laurdag når verken pizza eller taco står på menyen. Eg brukte raud løk og paprika i min, i tillegg til skinke. Skinka kan byttast ut med laks eller røykt makrell. Grønsakene kan også varierast etter kva du har i kjøleskapet. Eg har testa ut ulike variantar av paiskal, med smør, margarin og med kesam i deigen. Eg har kome til at deigen med margarin er lettast å kjevle ut. Eg veit at mange har store motforestillingar mot margarin, men til paiskal fungerer det altså strålande. Den raude pestoen som eg hadde på toppen gir ein god tomatsmak, og passar perfekt med ostemassen og grønsakene. Raud pesto kan du kjøpe på glas, eller lage sjølv, slik eg har gjort. Rekk du ikkje å lage den, eller ikkje får tak i raud pesto i butikken, så er paien god utan og. Raud pesto 200 g tørre soltørka tomatar 100 g parmesan 100 g pinjekjerner Olivenolje Legg tomatane i bløyt i …

Haustetid

No bugnar butikkar og torg av deilige, norske grønsaker. Eg er ikkje ein av nasjonalromantikarane som insisterer på at alt norsk er best, men nyhausta grønsaker er knallgodt uansett kvar ein er. I dag har eg laga ein haustpai med det eg fann på torget. Eg tok med ein pastinakk, ein fenikkel og ein pose fersk sopp, i tillegg til ein bunt løk. Med enkle middel fekk eg til ein knallgod pai som kan brukast åleine eller som tilbehør. Eg lagde den til meg sjølv opprinneleg, men dagen der på serverte eg den med røykalaks og urterømme, og det vart stor suksess. Som alle paiar er denne perfekt på eit koldtbord. Dei som er vegetarianarar slit ofte med å finne noko dei kan spise på bufféar, med denne har du laga eit godt alternativ for dei og. Paideigen min har eg frå Carl Butler, det er ingen grunn til å finne opp hjulet på nytt. Den er smidig og fin å jobbe med, og eg lagar den lynkjapt i matmølla. La den kvile før du kjevlar …

Ein hjartepai – eller quiche?

Mat laga med hjarta er den beste, ikkje sant? Denne gode paien var middag i går, hjarta lagde eg av ein slik lang, tynn paprika som vart delt i to og så sett saman motsett veg. Du kan berre legge ringane på paien og. Slik gjorde eg det: Hjartepai 125 g smør 250 g mjøl 0,5 dl vatn Ei klype salt 5 egg Eit beger kremost, eg brukte krydderost 2 dl matfløte 150 g skinke Ein raud paprika 20 cm purre To stilkar stangselleri Salt og peppar Set omnen på 180 grader. Ha mjøl og smør i ei matmølle, og køyr det med kniven til det er grynete. Ha i vatnet, det må vere iskaldt. La kniven gå til deigen samlar seg rundt den. La paideigen kvile litt før du kjevlar den ut slik at den er litt større enn forma. Dytt den godt nedi og oppover kantane. Den krymper når du steiker den. Prikk nokre hol i botnen på paien, og forsteik skalet i 10 minutt. Ta den ut. Set omnen opp til 200 …

Quiche Lorraine

I dag har Heidi laga pai, ein klassisk fransk quiche lorraine. Ho slit med å få mennene i huset til å ete det, men det er berre fordommar. Dette er mat for samtlige kjønn, spør du meg. Heidi har gjeve ut kokebok, den heiter Bakebok for mannfolk, og er framleis å få tak i her og der. Sist eg såg den var i bokhandelen på Gardermoen, underleg nok. Alt godt Pai, seier mannen min, var dette nødvendig då? Pai, seier gutane mine, har du ikkje noko anna? Slik kan det høyrest ut ein laurdagskveld heime dersom eg får bestemme menyen. Det hadde vore betre om eg serverte fiskebollar. Pai er tydelegvis ein rett som ikkje fell i smak i huset vårt. Av og til lurer eg på om det er sant slik enkelte hevdar at det finst kvinnfolkmat og mannfolkmat. Denne paioppskrifta er henta frå, ja nettopp, ”Bakebok for mannfolk” . Dette med pai har frå mi side vore mykje prøving og feiling, og mange paiar har gått rett vest ned til hønene i hagen. …

Ukrut i hagen

Slit du som eg med skvallerkål i hagen? Tyskerkål kallar nokre den, prestegardsugras er eit anna namn den er kjent under. Aegopodium podagraria heiter den på latin, og som namnet seier skal den ha ei viss effekt mot urinsyregikt. Dei fleste ser på den som ei plage, sjølv om enkelte entusiastar samlar på ein variegert (brokblada) type som visstnok ikkje skal vere så invaderande. For invaderande er verkeleg rett adjektiv på denne planta. Den spreier seg med røtter og med frø, og tek kreftene og til slutt livet av dei fleste vekstar den hamnar saman med. No har eg lært meg å leve med skvallerkålen, og det gjer eg ved å ete den. Små, spede skvallerkålblad smakar som spinat, og kan brukast i salatar, stuingar og supper. Her skal du få oppskrift på ein pai med skvallerkål og oliven, og ei suppe. Skvallerkålrettar smakar best når du brukar nye skot. No tidleg på våren er det lett, då er det berre å plukke i veg. Når den er i god vekst kan det lønne seg …