Kva er betre enn ein saftig og smakfull pai? Den kan vere søt eller salt, eller du kan lage begge to variantar.
Eg har vore ute og plukka bær i dag, og planen var å lage ein dessertpai med sprø topping av kvit sjokolade.

Då eg hadde laga den paien sto eg med deig til overs. Kva gjer du då? Lagar pai til middag og! Eller til ein lett lunsj, om det er tidleg på dag.
Paideig er fort gjort å lage, særleg viss du har ei matmølle. Det fine med denne varianten er at den kan brukast både søt og salt, og når du har byrja på deigen kan du ta av litt smør- og mjølblanding til den sprø toppingen. Smart, ikkje sant?
Både søt og salt pai kan varierast i det uendelege. Den søte paien kan lagast med eple, plommer, aprikosar eller rabarbra, om du har i frysaren. Du kan også lage eit karamellfyll som du har hakka nøtter i. Den salte kan lagast med berre ost og grønsaker, med røykt fisk eller med kjøttdeig. Du kan krydre kjøttdeigen med tacokrydder og lage ein tacopai, eller du kan lage den med steikt sopp. I dag laga eg den søte med det eg fann i hagen av bær, og den salte vart ein klassisk fransk quiche.
Viss du vil lage berre ein pai, så halverer du oppskrifta. Når du lagar paideigen er det greit å vite at skal du ikkje bruke begge med ein gong, så held dei seg i kjøleskapet i fire-fem dagar. Dei kan også frysast viss dei er heilt tett pakka. Denne oppskrifta passar til to paiar i former som er 20-22 cm store. Viss forma di er større kan det hende at du bør auke mengda deig og fyll litt.
Salt pai serverer eg gjerne med ein god salat, finsnitta issalat eller romanosalat, litt reddikstrimlar, tomat og ein god vinaigrette. Dessertpai er veldig godt med is til, eller litt piska krem. Uansett smakar paiane så forskjellig at det er null stress å servere pai både til hovudrett og dessert.
Paideig
200 g kaldt smør
400 g mjøl
½ ts salt
2-3 ss kaldt vatn
Køyr smør, salt og mjøl i ei matmølle til det er så smulete som sand, det tek ca. 2 minutt.
Ta ca. 80 g av mjølblandinga ut av matmølla, og ha det i ei skål. Det skal bli topping til smuldrepaien.
Del resten av mjølblandinga i matmølla i to. Gå vidare med den delen som skal bli salt pai.
Ha i vatnet medan du let matmølla går. Køyr den til deigen har samla seg rundt midtpinnen, ca. 3 minutt. Pakk deigen inn i plast, og legg den kaldt.
Ha andre halvparten av mjølblandinga tilbake i matmølla. La matmølla gå medan du har i 1 ss sukker og eit egg. Køyr den til deigen samlar seg rundt midtstolpen på matmølla. Ta den ut, og pakk den i plast før du legg den i kjøleskap.
La deigen kvile ein time før du kjevlar han ut.
Sett omnen på 200 grader.
Kjevle deigen til den er ca. 2 mm tjukk. Det er viktig at leiven ikkje vert for tjukk, då vert ikkje paien sprø og fin.
Legg deigen over paiforma di, og press den ned i forma. Bruk kjevlet til å trille over forma slik at du kuttar av deigen. Prikk botnen med ein gaffel. Alternativt kan du ta eit bakepapir, og legge oppi forma. Fyll opp med myntar, glassteinar, tørre erter eller liknande. Då hindrar du paien i å blåse seg opp.
Forsteik botnen i 10-12 minutt på 200 grader. Ta den ut, og la den kolne.
Fransk quiche
150 g skinke eller bacon i terningar
Ein vårløkstilk
100 g fetaost
100 g gulost, eg brukte jarlsberg
3 egg
1,5 dl kremfløte eller matfløte
1/2 ts salt
¼ ts peppar
Kutt skinka i små bitar. Finsnitt vårløken. Brukar du bacon som er rå, så steik den i litt smør.
Fordel vårløk og kjøt i paiskalet. Smuldre fetaosten over. Pisk saman egg, fløte, salt og peppar og hell det over fyllet. Riv gulosten, og dryss den over. Bak paien på 200 grader i 30 minutt, til paien er fast, og gyllen.
Server paien med ein frisk salat.
Dessertpai
400 g frukt og bær
2 ss sukker
1 ss potetmjøl
1 ss sitronsaft
80 g mjølblanding
100 g kvit sjokolade
Rens bæra, og del opp viss enkelte er store. Ha potetmjøl og sukker i ei skål, og rør i det til det ikkje er klumpete lenger. Ha bæra i skåla, og vend dei rundt i potetmjølblandinga. Ha på sitronsafta til slutt.
Ha bæra i det forsteikte paiskalet. Finhakk sjokoladen, bland han med mjølblandinga, og fordel dette oppå bæra. Steik paien på 200 grader i 25-30 minutt. Følg med så kanten ikkje vert brend.
Server paien med ei kule is eller litt piska krem.
