Allergi, Billig mat, Dessert, Fest, Jul, Kaker, Mat, Noko søtt
Leave a Comment

Retrokos – harde vafler

Huskar du dei harde vaflene, spurte mannen min meg. Om eg gjer. Naboen vår laga alltid harde vafler, eller hardevafler, som mange kalla det.

Harde vafler var ikkje vanlege vafler som hadde lege ute for lenge. Dei vart laga for å halde seg lenge, dei kunne ligge i boksen sin lenge og vel, og vart tekne fram når det kom gjestar på besøk. Når det kom verkeleg fine gjestar, langvegsfarande, då vart det bakt mjuke, gode kaker, fleire sortar, om ein fekk vite om besøket i god tid. Dei harde vaflene var til når naboen stakk over, når ein berre skulle ha noko lite til kaffien. Ofte vart dei servert med smør og ost på, både brunost og kvitost gjekk fint. Mange laga harde vafler til jul, men i vår familie har det alltid vore kvardagskos, slik eg kan huske det.

33643975-5809-41EF-97EE-3B9E790F8068Vi bestemte oss for å prøve å lage hardevafler, og sende ut ei melding for å samle inn familieoppskrifter. Det kom oppskrifter på mange ulike variantar, nokre vert kjevla, andre skal berre leggast i jernet med skei, berre litt fastare enn ei vanleg vaffelrøre. Eg brukar å styre unna oppskrifter som seier «mjøl til passe deig», då må ein nesten lage oppskrifta saman med den som kan det, for å vite kva som er «passe». Men mange av oppskriftene var velsigna tydelege.

Den oppskrifta du får i dag er med potetmjøl, det gjer at den også er naturleg glutenfri. Lagar du den med mjølkefritt smør er den også fin for mjølkeallergikarar.

I slike oppskrifter skal ein ofte smelte og avkjøle smør. Eg gjorde det enkelt, og brukte flytande smør frå flaske. Då kan du enkelt sette bollen med røra på vekta, og sprute oppi så mykje smør som du treng. Oppvask, arbeid og energi spart. Når røra er så full av smør som desse hardevaflene, så treng du ikkje smøre jernet. Smøret i røra gjer at vaflene enkelt slepper jernet. Dette er ein stor porsjon, viss du ikkje skal ha mange til bords kan du trygt halvere porsjonen.

Men kva brukar ein dei harde vaflene til? Eg har servert dei som tilbehør til fruktsalat med piska krem, og dei kan også spisast naturell, berre til ein god kopp te. Litt ordentleg smør på er godt, viss du er i det rampete hjørnet.

C34F92FC-ED1B-474B-B731-ADACE6BB40BCVi slo ut håret, og prøvde ut å ringle på smelta sjokolade og ha på litt kakedryss. Så spiste vi dei til iskrem, og det vart veldig vellukka! Eg har alltid vore glad i god iskjeks, spesielt dei nysteikte Mövenpick-kjeksa ein kan få viss ein er heldig smakar fantastisk. Her fekk eg litt den same kjensla, sprø, deilig kjeks, med mørk sjokolade som passar perfekt til den smeltande vaniljeisen. Prøv det!

Dei er også gode til ulike fruktkompottar, eller til rabarbragraut, viss du har halde rabarbraen din i sjakk slik at du framleis kan hauste av den.

Viss du vil lagre hardevaflene, så putt dei i boks utan sjokolade. Så kan du heller ta på sjokolade og anna pynt når du tek dei fram.

3CC93C6F-2CDD-478A-A588-4B68D573536E_1_201_aHarde vafler

4 eggekviter

½ ts salt

4 eggeplommer

225 g sukker

250 g flytande smør eller margarin

1 ts vaniljesukker

500 g potetmjøl

1 ss bakepulver

Skill egga, og pisk eggekvitene stive med saltet med heilt rein visp og i ein heilt rein bolle. Sett til side.

716C3B62-7393-450D-9C6C-AE3E56C4D80FHa eggeplommene i ein annan bolle saman med sukkeret, og pisk det til eggedosis. Rør inn det flytande smøret. Sikt potetmjøl, bakepulver og vaniljesukker oppi eggedosisen, og rør det jamnt. Vend inn dei stivpiska eggekvitene til slutt.

Legg to spiseskeier røre i vaffeljernet, og steik vaflene lyst brune.

 

Leave a Reply