Få ting gjer meg så lykkeleg som asparges. Dei er best på sommaren, og eg har dei til og med i hagen, så på forsommaren et vi asparges med begge hendene.
Asparges og kylling er ein perfekt match, sprø og smakfull asparges, med saftig grilla kylling passar veldig godt i lag. I dag har eg laga ein bulgursalat til kyllingen, og putta aspargesen i den. Det er ein veldig fin måte å servere asparges til mange, sjølv om du berre har ein liten neve.
Bulgur er heile kveitekorn som er dampa på førehand, slik at koketida berre er ti minutt. Eg brukte den grove typen, men det finst også finare bulgur som tek endå kortare tid å koke. Sett på bulguren, og begynn å hakke grønsaker. Så puttar du dei i gryta etter kvart, og så er maten ferdig når bulguren er kokt. Dei grønsakene som trengst lengst koketid må i først, logisk nok, og dei som berre skal bli gjennomvarme, som paprika og sukkererter, bør gå i til slutt. På den måten blir alle grønsakene passe møre. Rør inn urtene til slutt. Eg hadde persille, men her kan du bruke dei urtene du har. Løpstikke (i små mengder), timian, rosmarin eller estragon kan finhakkast og brukast i denne salaten.
Kyllingen kan du krydre, og så sender du nokon ut på grillen med den. Det er også mogeleg å bruke ei grillpanne, spesielt viss det regnar ute. Det viktigaste med kyllingen er å la den ligge med krydder iallfall ein times tid, slik at den trekker til seg smak.
Eg brukte berre salt og peppar i dag, det er alt som trengst. Du kan supplere med marinadar og dill og dall, men ofte er det enklaste det beste. Ein fordel med å bruke grillpanne
Eg serverer ein gul salat til, iallfall vart den gul på bildet, fordi eg brukte gule tomatar. Her kan du bruke det du finn, men er du heldig, finn du små tomatar i ulike fargar, det skaper liv i salaten. Du kan også bruke store tomatar, del dei i så fall i båtar. Avokadoen har også ein fin gulgrøn farge, som passar fint i salatbollen. Lag ein stor porsjon med vinaigrette, og så har du den i ei flaske i kjøleskapet. Då har du ein frisk salat klar på null tid!
Gul salat
150 g frisk salat
250 g gule tomatar
Ein stor avokado
Ein vårløkstilk
Vask og tørk salaten. Fordel den på eit fat. Del tomatane i to, og legg dei utover fatet. Del avokadoen i to, fjern steinen, og ta ut avokadokjøtet skei for skei, som du legg på salaten. Finsnitt vårløken, og dryss over. Server med ein frisk vinaigrette.
Grilla kylling
1 kyllingbryst per person
2 ss olivenolje
Salt og peppar
Tørk kyllingbrysta med papir, og pensle dei med olje. Dryss på salt og peppar, og la dei ligge i ein time før steiking. Steik dei ca. 3-4 minutt på kvar side, til dei er gjennomsteikte. Brukar du grillpanne, så ta vare på gugga i botnen av steikepanna. Kok det gjerne ut med ein liten skvett vatn.
Bulgursalat
3 dl bulgur
2 ss smør
1 dl kvitvin
5 dl vatn
Ein buljongterning eller 2 ts flytande fond
¼ ts peppar
2 ss sitronsaft
Ein stor stangselleristilk
Ein gul løk
Ein bunt asparges
Ein stor, raud paprika
100 g sukkererter
Ein neve hakka persille eller andre urter
Smelt smøret i ei romsleg gryte som du har lok til. Ha i gryna, og la dei frese i eit par-tre minutt. Slå på vin eller eplejuice, og la det koke inn. Ha i vatnet og buljong eller fond, peppar og sitronsaft. Legg på loket.
Strimle og hakk løk og stangselleri, ha det i gryta og rør det inn. Knekk aspargesane nederst på stilkane, og kutt dei i cm-tjukke bitar. Vend aspargesen inn i bulguren når det er ca. tre minutt igjen av koketida til bulguren. Rens og kutt opp paprikaen, og kutt sukkerertene i like bitar som aspargesen. Vend det inn til slutt, og la det stå eit siste minutt.
Legg bulgursalaten på eit fat. Legg kyllingstykka oppå, og hell over avkoket frå grillpanna.