Smalhans på Mammut!
No er det mogeleg å gjere seg eit smalhans-kupp. I dag byrjar Mammut-salget, og der finn du Smalhans – boka mi om god mat for trange tider, til berre kr. 149,-! Så då er det tid for å skaffe seg eit eksemplar eller tre for å ha liggande som gåver og gleder. Der er andre bra bøker og i år, eg vil særleg framheve Anne Spurkland si bok Frie kaker. Den er full av oppskrifter der ein brukar andre ingrediensar enn dei tradisjonelle, for å tilpasse maten til gluten-, egg- eller mjølkeallergikarar. Og omtrent alle andre allergiar og intoleransar du kan tenke deg. Flying cirkus er også ei artig bok, det eg likar med den er at den gjer deg flinkare til å variere oppskrifter etter kva du har i kjøleskapet, framfor å slavisk følge ei opplisting frå topp til tå. Den lærer deg mykje om teknikkar og ingrediensar, og er eit nyttig hjelpemiddel på kjøkkenbenken. Morten Schakenda si bakebok er også eit sikkert kort, mykje nyttig kunnskap om råvarer og teknikkar der og. For …