Billig mat, Fest, Gjærbakst, Mat, Noko søtt, Veggis
Kommenter innlegget

Mine gode fastelavensbollar


Sjølv om det å faste er gått av moten så feirar vi framleis fastelavn.

Fastelavn er ein del av innleiinga til fasta, I morgon er det fastelavnssøndag, med ris som skal gi ein fruktbar vår. I gamle dagar fekk både kvinner og dyr ein omgang med riset, heldigvis har vi ris berre til pynt no for tida.

Mandag er det blåmandag, då skal ein ete mager kost, slik at ein har plass til mykje mat i magen dagen etter, på feitetysdag. Askeonsdag skal ein tradisjonelt kle seg i sekk og aske, og aska skal kome frå brende palmegreiner som ein har teke vare på frå palmesøndag i fjor. Det er mykje å passe på, altså.

Men ein kan også ta den enkle vegen, og ganske enkelt kose seg med deilige krembollar på fastelavn. Eg har laga kanelbollar av den same bolledeigen, det er fint med litt variasjon. Vert ikkje alle bollane etne egnar dei seg godt til frysing, så lenge dei ikkje har fått krem i seg. Slik gjer eg det:

IMG_2965Fastelavnsbollar

2-2,5 liter kveitemjøl

200 g smør

200 g sukker

1 pk gjær for søt gjærdeig

8 dl mjølk

2 egg

1 ts salt

2 ts kardemomme

1 ts bakepulver

Rosiner viss du vil

Krem og ekte vaniljesukker til servering

Ha mjølet, sukkeret, kardemommen og bakepulveret i ein stor bakebolle. Smuldre smøret i mjølblandinga til det er ein kornete masse.

Varm opp mjølka til den er fingervarm, og løys opp gjæra i den. Bland saman mjølkeblandinga og mjølblandinga, og elt godt. La deigen heve under klede.

Del opp deigen til passe emne, denne porsjonen gjev ca. 25 bollar. Form dei til runde, fine bollar som du legg på bakepapir på ei bakeplate. Pensle dei med samanvispa egg, og la dei heve godt (minst 40 minutt, er mi erfaring) før du steiker dei på 220 grader i ca. 15 minutt, alt etter korleis din omn er.

La bollane kolne. Pisk 3 dl kremfløyte til krem med 2 ts ekte vaniljesukker og 2 ts melis. Del bollane i to, legg krem på den nederste delen og legg toppen på.

Viss du er i det rampete hjørnet kan du også servere dei med litt syltetøy blanda inn i kremen. Dryss litt melis over til slutt.

IMG_2987Kanelbollar

Ein halv porsjon bolledeig

Kjevle bolledeigen ut til eit rektangel, omtrent så stort som steikeplata di. Det fine med denne bolledeigen er at den er så feit at du treng ikkje mjøl på benken viss du har ei glatt og fin plate.

Smør på mjukt meierismør, og dryss på rikeleg med sukker og kanel. Rull leiven saman frå den lengste langsida til ein tett og fin rull. Skjer rullen i skiver på ca. 1,5 cm. Eg brukar former til å legge skivene i, det gjer at det vert mindre reingjering. Du kan også sette bollane på bakepapir.

Pensle kanelbollane med samanpiska egg, det gjer at dei ser penare ut. Steik kanelbollane på 220 grader i 10-15 minutt. Du kan også lage melisglasur og smøre på, eller ganske enkelt drysse på litt melis frå ei tesil.

Server med store glas mjølk, eller ein god kopp te.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s