Allergi, Fest, Kaker, Mat, Noko søtt, Ostekaker
Leave a Comment

Appelsinostekake med mandelbotn

Denne kaka er ein rein nytelse, med den klassiske kombinasjonen av sjokolade og appelsin som eg og mange med meg er utruleg glade i. Men stort sett kjem kombinasjonen i ei sjokoladekake, i dag kjem den i ei ostekake.

Appelsinene er på sitt beste akkurat no, så då gjeld det å utnytte den gode smaken no på etterjulsvinteren. Då passar det som hand i hanske å lage denne gode ostekaka med appelsinsmak. Denne kaka er glutenfri.

IMG_2925Appelsinostekake med mandelbotn

Kakebotn:

5 eggekviter

½ ts salt

1 ts eddik

125 g sukker

1 ss potetmjøl

100 g mandlar

100 g kokesjokolade

IMG_2908Ostemasse:

400 g kremost

5 eggeplommer

1 dl kremfløte

125 g sukker

1 ss vaniljesukker

2 ts rive appelsinskal

Pynt:

20 g kokesjokolade

Halve valnøtter

Pisk eggehvitene stive med eddik og salt. Ha i sukkeret litt og litt. Pisk vidare til du har ein stiv og fin marengs. Hakk mandlane i ei matmølle. Dei skal vere ganske finhakka. Knekk sjokoladen i bitar, og hakk den og oppi same bolle. Bland inn ei skei potetmjøl og vend blandinga inn i marengsen.

Ha massen i ei smurt rund 26 cm kakeform. Eg brukte ei smurt paiform med litt høge kantar, men du kan også bruke ei bløtkakeform. I så fall bør du ha bakepapir i botnen. Dra mandelmassen utover i forma og opp langs kantane, slik at det blir plass til ostemassen etter at botnen er steikt.

Steik botnen midt i omnen ved 170°C i 25 min. Ta forma ut og sett den på rist.

Lag ostemassen medan botnen vert steikt: Ha alt i ein bolle og pisk til ein glatt krem. Hell ostemassen over kakebotnen i forma. Steik kaka vidare midt i omnen ved 170°C i 25 min til. La kaka kolne i forma.

Skjer rundt kanten viss du har brukt springform, og la den gli over på eit kakefat. Viss du har brukt ei paiform så pynt kaka i forma. Legg på halve valnøtter i mønster, og riv sjokolade over.

God helg!

Leave a Reply