Å koke kjøt er undervurdert, dei fleste gjer det berre når dei skal lage fårikål. Men det gir deilig smak, og kjøt i grytebitar er dryg mat som mettar mange.
Eg er så heldig at eg har fått meg ein trykkokar, og då går i tillegg kjøtkokinga unna på ein fjerdedel av tida. Plutseleg tek ting mykje kortare tid, og kjøtet vert mørt som smør. Så har du ein trykkokar, så ta den ut av skapet, eller ønsk deg ein til bursdagen din, det er for lenge til jul.
Når eg lagar slike fyldige kjøtgryter brukar eg å steike kjøtet først. Det gjev masse smak, og kjøtet får ein flott farge, i staden for den klassiske grå fargen som vanleg kokt kjøt får. Så steiker eg løken i same gryte og slår på kraft. Då går ingenting tapt, alt det gode blir med i gryta og lagar ein fantastisk saus. Ikkje bli uroa om det legg seg ved og ser ganske mørkt ut, når du kokar gryta ut med kraft blir det som ligg i botnen med på å gjere sausen rikare.
Eg syns det er eit poeng å ikkje koke grønsakene i hel. Difor har eg dei i mot slutten av koketida, etter kor lang tid dei treng for å verte møre, men ikkje ihelkokte. Denne oppskrifta er til fire svoltne personar. Slik gjer eg det:
800 g grytekjøt, mørbrad eller liknande
4-5 dl kraft, eg brukte vatn og oksefond frå flaske
2 løk
2 fedd kvitløk
Tre gulrøtter
To pastinakkar
Ein purre om du har, eg hadde ikkje
1 toppa ss ketchup eller tomatpuré
1 ts sukker
1 ts timian
Salt og peppar
Olje og smør til steiking
Rens alle grønsakene. Finhakk løk og kvitløk, og del opp gulrøtter og pastinakk (du kan også bruke persillerot) i passe store bitar.
Varm opp oljen i ei tjukkbotna gryte. Min komfyr går til ni når den er på maks, og eg varmar den opp til åtte. Ha i ein klatt smør like før du har i kjøtet. Steik kjøtet gyllenbrunt på alle sider, og ha det over på ein tallerken.
Ha litt ekstra smør i gryta, og ha i løk og kvitløk. La det frese til det er blankt og mørt. Ha i krafta, timian og ketchup, la det koke opp og bruk ein trespade for å få med alt som ligg på botnen av gryta. Har du trykkokar, så ha kjøtet og krafta inkludert løken i trykkokaren. Sett på loket, og la det koke i 15 minutt.
Viss du brukar ei vanleg gryte, så ha kjøtet oppi krafta igjen, og la det koke ein times tid. Sjekk om det er mørt. Ha i gulrøtter og pastinakk, og la det koke i ti minutt til. Brukar du trykkokar, så la gryta kolne under ein stråle kaldt vatn, ha i grønsakene og la det heile koke i fem minutt til.
Smak til med sukker, salt og peppar til slutt, og server med kokte, purerte poteter, eventuelt potetmos.