Month: august 2009

Ojojoj!

No er det like før eg passerer 60 000 besøk – kanskje berre i løpet av nokre dagar! Eg har hatt spørjerundar før, og det vil eg ha denne gongen og. Har du eit spørsmål om mat, bjuti, parfyme, urter i hagen eller noko anna av det eg skriv om, så fyr laus. Eg lovar å svare etter beste evne. Ein av spørsmålsstillarane får ein parfymemini i gåve!

Nyskapande sylting

No renn det over her. Eg trudde eg var ferdig med plommer, men jammen kom ikkje foreldra mine innom med ein prix-pose full av flotte, blå plommer. Kva skal ein stakkar gjere? Vi har ete plommekaker, paiar og bakte plommer med is til dessert, og så må vi på’an igjen. Syltetøy har eg ikkje lagd enno, og ein idé slo ned i meg; kan ein blande eple og plommer i syltetøy? Eg syns eplemos er ganske kjedeleg, sjølv om det av og til kan vere godt i tilslørte bondepiker, med krem, strøssel og litt kanel. Men saman med plommer kan det kanskje bli ein spennande, nyskapande kombinasjon? Eg krydra syltetøyet litt, med stjerneanis og kanel, for å gje det litt rikare smak. Det smakar ikkje direkte krydder, det har berre ein meir kompleks, spennande aroma. Å rense eple er noko med det kjedelegaste eg veit, så det er grunnen til at det vart berre ein kilo eple i oppskrifta. Berre å få ut alle kjernehushinnene er ei plage. Eg brukar eit melonkulejern, då kan eg …

Oppattvarma greinaløyse

Eg var så heldig å vekse opp i eit hus med besteforeldre i, og det medførte mellom anna store sjansar for å få to middagar kvar dag. Vi åt middag klokka 12, og nede åt dei litt seinare. Eg trur ikkje vi var svoltnare enn andre ungar, men å få ein ekstra porsjon middag til å gli ned var aldri noko problem. ”Ka he dokke til middag?” – var innleiinga vi brukte for å sikre oss ein plass ved bestemorsbordet. Av og til, når dei to i underetasjen var lei av ungar som masa, eller kanskje hadde ”akkurat” med middag, svarte bestefar min: ”I dag he me oppattvarma greinaløyse!” Men middag som kjem på bordet fleire dagar kan vere ein god ting, og når tidsklemma pressar kan restane etter ein god søndagsmiddag redde serveringa mandag etter trening og SFO. Slaktaren min hadde svinekam til sals på laurdag, og det er rimeleg og god mat. Eg hadde besøk frå Sunnmøre og mange til bords, og dermed vart heilsteikt svinekam redninga. Eit steiketermometer er godt å ha …

Bois 1920 Classic og Vetiver Ambrato

På Gimle har dei ein fin serie som kanskje har hamna litt i bakevja. Flaskene ser litt mandige ut, men dette er velkomponerte unisex-dufter som definitivt fortener eit større publikum. Eg har lukta på to av dei i dag, Vetiver Ambrato og Classic 1920. Vetiver Ambrato er ei woody-amber-duft, med ein god porsjon vetiver, som namnet seier. For meg blir opninga dominert av ein annan note, artemisia. Det er ein urtefamilie som omfattar estragon, malurt og burot, og den som har luka burot kjenner lukta. Etter kvart vert den mildare, varmare og meir tiltalande, men på meg er den skarpe artemisia-noten så dominerande at denne måtte eg vaske av meg. Viss du ikkje har noko imot denne noten, har eg det frå sikre kjelder at når denne dufta tørkar inn er den fantastisk, varm og grøn på same tid. Eg kom altså aldri så langt. Classic 1920 er i ein heilt anna divisjon. Sjølv om dei deler mange av notane, så er dette ein klassisk, frisk parfyme, og markant mandig etter mitt skjønn. Eg ville …

Gull i skogen

Før vi veit ordet av det er haustetida over oss. No er skogen full av gull i form av kantarellar og liknande, som står og ventar på å få kome i grytene våre. Dei siste åra har eg plukka mykje sopp, og byrjar få taket på det. Nokre hovudreglar må ein alltid følgje: Plukk aldri sopp du ikkje er 100% sikker på, og gå alltid med erfarne soppfolk dei første turane. Ei bok er fint, og skal alltid vere med i korga, men likevel kan ein ta feil når ein bestemmer soppar etter bok dersom ein er for rask og unøyaktig. Ta med ein liten, skarp kniv og ein bakepensel på tur, så har du gjort unna den verste rensinga før du kjem inn, og det vert mindre rusk og rask inne. For å få til det med sopplukking løner det altså å snakke med erfarne soppfolk som går i det same terrenget som du skal gå i. Det varierer frå stad til stad kva som er vanleg å finne, og då må ein lære …

Min «gamle» lærar

Då eg studerte hadde eg Viggo Hagstrøm som lærar. Det bygger seg alltid opp myter rundt lærarar som underviser ved same lærestad i mange år, og eg trur at nest etter Carl August Fleischer er det få det finst så mange historier om som Viggo. Han var ofte med på førsteavdelingsseminara, som vart halde på studenthytta Hoppeseter, og han stilte opp i sine brune spasersko, grøn nikkers, ganske trang battlejakke og slips – uansett ver og føreforhold. Viggo er ein ivrig kunstsamlar, og samlinga hans av Per Krohg er eineståande. Han har så mykje kunst at kjøkkenet er teke i bruk til lager, og han et hos mor si, som bur i same hus. I formuesrettslege fag omhandla døma han brukte ofte dyre maleri, eg huskar han forklarte oss begrepet remburs ved ei dramatisk historie om eit maleri som skulle selgast frå Norge til Frankrike med garantierklæringar, forsikringsavtalar, fraktsertifikat og alt anna som høyrer med ved slike høve. Han underviste også i opphavsrett, men der var han lite praktisk orientert. Han tok alltid utgangspunkt i …

Haustleg overflod

På laurdag hadde vi det som sannsynlegvis vart den siste hagefesten for i år, og i dag regnar det. Sommaren er over, og vi sat inntulla i pledd med bål på grillen for å halde varmen. Men det er fint med ein slik fest, der vi set på bordet haustleg overflod av god mat og godt drikke. Vi markerer overgangen til hausten og feirar den årstida då vi kan hauste alt som har modna. Hos meg bugnar det av plommer, og eg leitar stadig etter nye, gode måtar å bruke dei på. Dei er søte og saftige, men må plukkast når dei er modne, og dei held ikkje lenge. Min kjøpmann frå Kashmir klagar over dei norske plommene, dei vert så fort skjemte i butikken, meiner han. Så kjøp dei når du finn dei, eller plukk dei i hagen viss du er så heldig å ha eit plommetre. I dag får du oppskrift på deilige bakte plommer, og viss du lagde plommeedikken eg foreslo for eitt par veker sidan så kan du faktisk bruke den …

Nepalmat

Eit husbyte brakte oss til Nepal for tre år sidan. For eit fantastisk land! Venlege folk, vakker, gamal arkitektur, eit yrande dyreliv og behageleg temperatur gjorde at vi følte oss heldige som fekk oppleve dette. Vener og familie er allereie plaga med lysbildeframvising, eksotisk krydder, historier om levande gudinner og ville aper. No er det dokke matglede-lesarane som står for tur. I dag skal du få lære litt om nepalesisk matkultur. Nepal er eit fjelland, og for oss nordmenn er det lett å føle seg heime der. Det er eit gjestfritt folk, og kjem du rundt på landsbygda kan du vere sikker på å bli boden ein porsjon med Dal Bath. Dal betyr linser, viss du ser på linseposane i dei norske innvandrarbutikkane står det ofte dal på pakken. Linsene kokar dei til ei tjukk suppe, som dei krydrar på tradisjonelt vis. Dei gule linsene er vanlegast, men du kan og brune brune eller grøne linser viss du har det i skapet. Bath er ris, og den vanlegaste ristypen i Nepal er den aromatiske basmati-risen. …

Ti ting som har gjort deg lykkeleg i år?

Eg hoppar over menneska eg har rundt meg, dei gjer meg stort sett lykkeleg heile tida, men her er det altså nye «greier» i livet ditt som har gjort det lysare dei siste månadane. Her er mine ti: Kanebo Lip Treatment – Før skifta eg hud på leppene annakvar dag (ja, eg veit, skikkeleg ekkelt), men når eg byrja å bruke denne kvar kveld før eg legg meg slepp eg det. Og sjølv om flaska har berre 15 ml så har eg altså brukt den nesten eitt år utan at den er brukt opp. Bra! Raphael Saadiq – Strålande soulsangar frå California – spelar i Oslo 15. oktober… La prairie light fantastic cellular concealing – Skjular alt som skal skjulast i ansiktet. Veldig bra. Walter’s mandler – Mmmmm… Linda Olsson: La meg synge deg stille sanger – fin bok.» Isabella – Det danske damebladet som gir deg tre ting på ein gong: Hage, interiør og mat. Jippi! Min nye Iphone… Body Shop Mineral foundation – oppfører seg fint, OK pris, og eg unngår den poreframhevande effekten …

Thomas Dybdahl: Cecilia

Eg var på eit musikkbransjetreff på Nationalbiblioteket like etter at det opna, og der fekk vi «goodiebags». Vanlegvis inneheld goodiebags jålesaker i den verda eg ferdast i no, men den gongen var det altså musikk. I min pose låg det litt forskjellig, men mellom anna fekk eg (sikkert ved ein feil) to eksemplar av Thomas Dybdahl si plate Stray dogs. Eg beheldt den eine, og ga den andre til ein eg bryr meg om til jul. Eg veit at der i huset har den blitt spelt mykje sidan då. Songen Cecilia traff meg midt i hjarta. Videoen fortel ei vakker og vond historie om kva det inneber å elske ei jente som har blitt seksuelt misbrukt. Eg har ikkje opplevd det sjølv, men har jenter som har opplevd det nær meg. I denne vesle filmen såg eg situasjonar, reaksjonar og kjensler som eg kjende att. No har Thomas Dybdahl kome med ei samleplate, som seg hør og bør når ein passerer tredve. På den finn du noko av musikken frå Rottenetter, mange gamle songar og så finn …

Den perfekte husmora? Neppe.

Kjekk og grei postar eg oppskrift på rognebærgelé, og eg må innrømme at eg underslo det faktum at det er iallfall seks år sidan eg lagde det sist. Første gongen eg gjorde det klatra eg i rognebærtrea på Nordstrand for å sette i gang fødselen på han som no snart er elleve, og som venta i seksten dagar over termindato før vi gjekk lei av å vente og eg grein meg til å få igangsatt fødsel. Neste runde var i 2003. Då skreiv eg om rognebærgelé i Sunnmørsposten, og måtte nødvendigvis lage gelé for å ha noko å ta bilde av. Teksta eg posta her tidlegare er altså frå 2003, eg tilstår. No tenkte eg at her må noko skje, eg kan ikkje berre drive å late som om eg er ei prektig husmor. Her skal det lagast rognebærgelé etter eiga oppskrift. Eg rana eit rognebærtre i ein hage i Tyslevveien, fortsette bortover mot Ekeberghallen, og der fann eg meir, pluss nokre deilige, lyse eple på eit epletre som nokon hadde forlate. Perfekt! Rognebæra vart …

Verdens beste bjørnebærmuffins

I dag serverer vi verdens beste og enklaste muffins. Eg er så heldig at eg har bjørnebær i hagen. Det er ein fantastisk busk, som gjev enorm avling viss den får stå i eit lunt hjørne og vekse fritt. Gå til eit hagesenter og kjøp tornefrie bjørnebærbusker, så har du til snop og dessert og gode kaker heile hausten. Dei modnar ganske seint, men det er jo deilig å strekke bærsesongen litt, i staden for å stresse heim frå ferie for å rekke å plukke bringebæra før dei rotnar. Muffinsoppskrifta mi er så enkel at ungane mine lagar den med ei hand på ryggen. Inga pisking av smør og sukker kvitt, ikkje ein gong eggedosis treng du å lage så lenge du har huska å sette smøret fram på benken nokre timar før du skal bake. Er smøret hardt, bør du smelte det forsiktig i ei gryte. For meg er dette opprinneleg eplekakeoppskrifta til mor mi, men seinare har eg funne den i mange kakebøker, så eg trur den er ganske universell. Men det viktigaste …

Môr i suppa

No er det ei glede å gå i butikkane og handle inn til middag, det bugnar av nydelege grønsaker som ikkje har reist langt. Eg får frysningar når eg ser asparges frå Peru i november, og jordbær frå Belgia i april. Mat heimafrå er det beste, både for smaken og for miljøet. Eg har vore på torget og kjøpt løk, selleri og gulrøtter i bunt, sukkererter og fersk purre. Dette brukar eg til å lage ei smakfull seinsommarsuppe, der vitaminane og fargane lyser mot oss. Tidlegare har eg slått eit slag for bacon i lapskaus, og det fall i god jord. I sommarsuppa mi vil eg foreslå å bruke tørka môr for å gje god smak. Det er ikkje storleiken på bitane det kjem an på, men intensiteten i kjøtsmaken som kjem av krydringa og tørkinga. For oss som bur i Oslo er det lukke på jorda når det kjem besøk frå Sunnmøre med nokre kveilar tørka môr i bagasjen. Når eg lagar suppe har eg i nærast finhakka môr, ei veslefingerlengd er nok til …

Oren Lavie: The man who isn’t there

Eg har fortalt deg om Oren Lavie tidlegare, denne mannen frå Tel Aviv som byrja som teatermenneske, men som også driv med musikk, og lagde musikkvideoen Her morning elegance. Oren Lavie si stemme minner meg om ein vakker mann som eg snakkar intenst med, med mørk, hårete stemme, som likar å snakke med meg, som har med seg gitar, og spelar ein sang til berre meg, vi sit på golvet i gangen utanfor pikeværelset i ei stor leiligheit ein stad på Frogner, og festen surrar langt der borte. Det er seint på natta, vi frys litt, og det er ganske mørkt, men han syng berre til meg, eg legg hovudet bakover, er litt svimmel men ynskjer at augneblinken skal vare og vare og vare.

Meir plommer

Heidi har fleire plommeoppskrifter, også desse er utanlandske. Ho fær vide, denne husstellæraren. Og for nokre kaker ho lagar! Prøv dei. To deilige dessertar får du og oppskrift på. Bondepikene kan lagast med det du måtte ha av frukt, oppskrifta kan varierast. Plomme i madeira må lagast med plomme, og den desserten er noko av det beste ein kan få med buksene på. Alt godt I Tyskland vert det baka mykje plommekaker tidleg på hausten. Rykande ferske plommekaker høyrer med til delikatessene i tysk baketradisjon. Kaka stammar frå Bayern, men du får kjøpt ho over heile Tyskland. Eg har og smakt ho med ostemasse på toppen, så her er fleire variantar. Nokre vil ha ein tynn gjærdeig som underlag for plommene, medan andre vil ha ein tynn bakepulverdeig som underlag. Streusel-kaker (drysse-kaker) er typiske tyske kaffikaker. PLOMMEKAKE MED KESAM (Pflaumenkuchen frå Tyskland) Botn: 300 gram kveitemjøl 3 ts bakepulver 75 gram sukker 3 ts vaniljesukker 1/2 ts salt 150 gram kesam 1 dl mjølk 1 dl olje ca 25-30 steinfrie plommer Ha alt det tørre …

For mykje plommer?

Eg skreiv ein mail til Heidi, og spurte om ho hadde nokre gode epleoppskrifter å dele i bloggen. Men ho er meir opphengt i plommer for tida, så dette er det eg fekk. Alt godt Alt godt etterlyser oppskrifter med eple, men her i Ørsta er det største problemet alt for mykje plommer. Graset i hagen er dekt av plommer og vi glir på dei i tide og utide. Grasklipparen går ikkje rundt lenger fordi plommer set seg fast inni han. Men eg har fått dei innomhus også. Han eg bur saman med har laga plommesylte i 2 veker no. Eg er lei av tomme sukkerposer og eit kleimete kjøkkengolv. For å få slutt på syltekokinga fann eg ut at eg måtte hjelpe til. Saftkokaren blei fylt med plommer, og ut kom ei nydeleg plommesaft som vi så kokte opp saman med sukker. Safta er fylt på godt reingjorte mjølkekartongar, og sett i frysaren. Ho er utruleg god, nærmast som ein fruktjuice. Husk at du kan gjere det same med eple når du er lei …

Høgt heng dei –

– og sure er dei. Han sa så, reven, då han klatra opp i treet for å ete dei vakre, raude rognebæra. I år er det rognebærår, og det er berre å kome seg ut i skogen og plukke. Eg er ikkje storforbrukar av rognebærgelé, men det er deilig til kjøtrettar i staden for tyttebær, og i brunsausen gir den ein søtleg og krydra smak som fungerer strålande. Så lenge rognebærmøllen har halde seg unna er det så lett som å stele godteri frå småungar å plukke rognebær, eg gjer som med hyll, eg har med meg ein «frivillig» assistent, og klipper duskar ned i ein pose. Så er det heim og koke gelé. Brukar du syltesukkeret eg har skrive om tidlegare her, så slepp du å koke geléen så lenge. Slik gjorde eg det: Rognebærgelé 3-4 dl vann 1 kg rensa rognebær 1/2 kg syrlege eple, delt i bitar 1 kg sukker pr. l saft Kok opp vatnet i ein tjukkbotna kjele, og ha i bær og frukt. Kok til bæra har safta seg …

Meir skummelt

Det ser ut til at eg har ein hang til det skumle i dag. Denne vesle filmen er laga av Walt Disney (regi og produksjon) og Ub Iwerks (animasjon), som del av Silly symphonies, ei rekke av små teiknefilmar der musikk og animasjon er nøye forbunde. Ub Iwerks var Walt Disney sin næraste medarbeidar, og det var faktisk han som teikna Mikke Mus, ikkje Walt Disney. Skeleton Dance er eit prakteksempel på ein tidleg animasjonsfilm med humor, horror, rytmer og kontraster. Gøy!

Ei deilig suppe – kan det freiste?

No er det tid for dei varmande, næringsrike suppene og grytene her hos meg. Eg er glad i supper av alle slag, men eg slit med desse to ungane eg har sett til verda, som er skeptiske til løk, selleri, sopp, kål, linser, erter og bønner; alt som gjev supper god smak. Det vil seie, dei et det med glede dersom dei ikkje får bitar av tabugrønsakene i munnen. Difor velsignar eg stavmiksaren min, den gjer at eg slepp å drive med spesialmenyar, og dei venjar seg til smakane. Supper med vanskelege grønsaker i får ein omgang med stavmiksaren, og så sklir dei ned på høgkant. I dag har eg laga linsesuppe, det er ei basisoppskrift som kan varierast i det uendelege, alt etter kva du har i huset. Den er og lettvint og billig å servere viss du skal ha mange gjestar. Få tak i ei stor gryte, og lag suppe til 20 personar for ein hundrelapp! Vil du skeie ut, kan du steike baconterningar, sette fram ei stor skål med rømme og nokre …

Ei utfordring til…

Eg klarer ikkje å slutte, her kjem ei utfyllingsoppgåve til. Hadde du Kva las du no på skulen? For meg er dette ei morsom vidareføring av nyskapande språkpedagogikk. Heng deg på: Fire jobbar du har hatt: 1. Støttekontakt 2. Krystallselgedame 3. Generalsekretær  4. Shoppingekspert Fire filmar du ser igjen og igjen: 1. The Breakfast Club 2. Children of a lesser god 3. Notting Hill 4. When Harry met Sally  Fire stader du har budd: 1. Sunnmøre 2. Frogner  3. Kringsjå studentby 4. Lindern Fire tv-show du ser igjen og igjen: 1. Frustrerte fruer 2. Sex&the city 3. CSI 4. David Letterman show Fire stader du har vore på ferie: 1. New York 2. Paris 3. Kairo 4. Kathmandu Fire websider du sjekker daglig: 1. http://www.hagegal.no 2. www.perfumeof life.com 3. Glambibliotekaren 4. www.dagbladet.no Fire favoritt-retter: 1. Gravlaks med dillstua poteter  2. Lasagne 3. Gratinerte nachos  4. Fåreribbe Fire stader du heller ville vore no: 1. København 2. New York 3. London 4. Paris

For mykje squash? Bak ei squashkake!

Eg har ikkje planta squash i år, men eg har erfart at når ein gjer det så blir det enten ingenting, elles så eksploderer det. Så sit ein der med squash til det tyt ut av dørene, og desperasjonen veks. Difor er oppskrifter som gjer at ein får brukt denne squashen kjærkome. Squash har mange namn, Zucchini er det italienske, i Frankrike heiter den courgette. Kjem du til USA vil dei kalle den zucchini, medan i England seier dei courgette. Og her i Norge seier vi squash, forstå det, den som kan. Med mindre squashen har fått seigt og trist skinn, brukar eg den med skinnet på. Det får du vurdere sjølv, eg syns at å skylle den godt og tørke den er nok klargjering før eg riv den til kaka. Slik gjorde eg det: Squashkake 4 egg 250 g sukker 2,5 dl mild matolje 400 g (evnt. skrelt og) riven squash 350 g kveitemjøl 1/4 ts. bakepulver 2 ts. natron 1/2 ts. salt 2 ts vaniljesukker 2 ts kanel ½ ts malt muskat 1 dl hakka mandlar eller valnøtter 1 dl rosiner Sett steikeomnen på 180 grader. Smør …

Mest for damene

Eg elskar slike lister, der eg fyller inn ting og tang eg brukar når eg passerer badet på morgon og kveld. I snitt brukar ei norsk kvinne 14 produkt om morgonen las eg ein plass, og det trur eg så gjerne. Og eg trur også at eg ligg over snittet. Korleis er det med deg, er du over eller under? Her er mi liste: Rengjøring: Clarins One step Clarifier Ansiktsvann: Brukar ikkje Skrubb: Clarins Gentle Exfoliator Maske: Brukar ikkje Øyenmakeupfjernar: Som over, den tek øyenmakeup og. Dagkrem: Time Delay Day Moisturizer Nattkrem: Body Shop Vitamine E intense Serum: No. 7 Protect and perfect Intense Øyenkrem: Sensai Cellular performance Primer ansikt: Brukar ikkje Primer øye: Clarins Ombre Fondante Yeux (med litt farge) eller Art Deco Eye shadow base Foundation tradisjonell: Brukar sjeldan, men av og til Max Factor Lasting performance Pastelle når makeupen skal sitte frå morgonen av og langt utpå kvelden. Foundation Minerals: Body Shop no. 3 Farga dagkrem: Brukar ikkje Dekkprodukt: La Prairie Light fantastic Laust pudder: Brukar ikkje Fast pudder: Brukar ikkje Rouge …