Fest, Mat, Noko søtt, Veggis
Leave a Comment

Meir plommer

Heidi har fleire plommeoppskrifter, også desse er utanlandske. Ho fær vide, denne husstellæraren. Og for nokre kaker ho lagar! Prøv dei. To deilige dessertar får du og oppskrift på. Bondepikene kan lagast med det du måtte ha av frukt, oppskrifta kan varierast. Plomme i madeira må lagast med plomme, og den desserten er noko av det beste ein kan få med buksene på.

Alt godt

I Tyskland vert det baka mykje plommekaker tidleg på hausten. Rykande ferske plommekaker høyrer med til delikatessene i tysk baketradisjon. Kaka stammar frå Bayern, men du får kjøpt ho over heile Tyskland. Eg har og smakt ho med ostemasse på toppen, så her er fleire variantar. Nokre vil ha ein tynn gjærdeig som underlag for plommene, medan andre vil ha ein tynn bakepulverdeig som underlag. Streusel-kaker (drysse-kaker) er typiske tyske kaffikaker.

PLOMMEKAKE MED KESAM (Pflaumenkuchen frå Tyskland)

Botn:

300 gram kveitemjøl

3 ts bakepulver

75 gram sukker

3 ts vaniljesukker

1/2 ts salt

150 gram kesam

1 dl mjølk

1 dl olje

ca 25-30 steinfrie plommer

Ha alt det tørre i ein bolle. Bland saman kesam, mjølk og olje i ein anna bolle. Bland desse to delane saman slik at du får ein smidig deig. Kjevl deigen ut på eit steikebrett med bakepapir under. Kjevl deigen nesten like stort som bakeplata. Vert deigen for laus å kjevle så tilsett litt kveitemjøl. Del plommene i to og ta ut steinane. Del kvar plomme i 4 båtar og sett desse båtane tett i tett over heile leiven som du har kjevla ut. La skinnet på plommene vende nedover. Strø litt sukker på plommene. Smuldredeigen som er beskriven under skal smuldrast/strøast oppå plommene.

Smuldredeig (Streusel)

150 gram kveitemjøl

75 gram sukker

3 ts vaniljesukker

85 gram smør/margarin

Bland alt det tørre og kna inn margarinen. Det enklaste er å køyre det heile i ei matmølle. Dette vert ein tørr smuldredeig som skal strøast over plommene før kaka vert steikt. Steik kaka på midterste rille på 190 grader i ca 45-50 minutt. Omnar steiker ulikt, så du må tilpasse temperatur og steiketid til din eigen omn.

Del plommene i to, ta ut steinane og legg plommene i ei eldfast form. Strø litt sukker over. Lag den tyske smuldredeigen (sjå oppskrift ovanfor her) og strø deigen over plommene og steik kaka på 225 grader i ca. 35-40 minutt. Pass varmen. Vert kaka mørk, så legg eit folielok over dei siste minutta i omnen.

DANSK PLOMMEKAKE MED VANILJEKREM

200 gram smør/margarin

200 gram sukker

2 egg

2 ts bakepulver

200 gram kveitemjøl

Ferdigkjøpt vaniljekrem

Smør ei rund 24 cm form. Legg bakepapir i botnen, og smør sidene.  Rør smør/margarin og sukker lyst og luftig. Tilsett egga eit om gongen. Rør bakepulveret i mjølet og bland alt. Ha deigen i forma. Legg eit lag med vaniljekrem oppå kaka og legg ca. 20 delte, steinfrie plommer oppå vaniljekremen. Steik kaka på 180 grader i ca 50 minutt.  Denne kaka kan og lagast med rabarbra, då bytter du ut plommene med rabarbra, og drysser litt sukker over.

TILSLØRTE BONDEPIKER

Utgangspunktet er ein fruktmos som ein legg saman med steikt brødrasp og krem.

Bruk ca 3 dl kremfløyte, og la mosen verte heilt kald før du blandar inn krem og brødrasp.

Plommemos:

1 kg plommer

1 dl vatn

ca 400 gram sukker

Sitronsaft frå 1/2 sitron

(1 kanelstang)

Vask plommene, del dei i to og ta ut steinane. Legg sukker, vatn, sitronsaft og plommer i gryta saman med ei kanelstang om du har. Kok dette i ca 40 minutt. Det vert ofte mykje saft av plommer, så sil safta frå mosen for å få han tjukk. Fisk ut kanelstanga.

Brødrasp:

3 dl brødrasp (knust kavring eller knekkebrød)

3 ss sukker

(1 ss margarin til steikinga)

Bland brødrasp og sukker i ei steikepanne og brun det til det blir sprøtt. Det kan svi seg, så pass varmen, og rør med ein trespade heile tida. Avkjøl mosen og brødraspet, legg lagvis brød nederst, så mos og krem, for så å avslutte med brød øverst.

Plommer i madeira minner meg om turar med danskebåten, og tax-free sjokolade til kaffikosen.  Men dei er også gode som dessert, prøv denne oppskrifta.  Madeira kan bytast ut med konjakk, portvin eller sherry, om du har det ståande innerst i eit skap i stova.

PLOMMER I MADEIRA

1 kg godt modne plommer

5 dl lys sirup

Skalet av ein halv sitron i strimlar

1/2 dl vatn

2 lett knuste plommesteinar

3 dl madeira

Skyll plommene godt og tørk dei. Del dei i to, og fjern steinane. Legg dei i nykokte, tørre

Norgesglas eller andre, store glas.  Kok opp sirupen med sitronskalet, vatnet og dei knuste plommesteinane. La det trekke i 5 minutt.  Ha i madeiraen, og varm opp på nytt. Legg sitronskalet i glasa. Sil laken og hell den over plommene. Laken må dekkje plommene. Set på lok og avkjøl. Glasa bør stå kaldt og mørkt til dei skal brukast. Server med vaniljeis eller piska krem. Nam!

Husk at denne desserten berre kan etast seint på kvelden når ein ikkje skal køyre meir.  Det der med at alkohol fordampar ved oppvarming av mat er visst ikkje rett, ifølge ein kjemiprofessor på Høgskulen i Volda.  Så pass på!

This entry was posted in: Fest, Mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply