Month: februar 2016

Har du sylta i år?

Ja, eg veit det er tidleg, men likevel: nokre ting må syltast akkurat no. Fenomenet sesong har nesten blitt borte for oss, vi importerer asparges frå Peru heile året, og jordbæra kjem for å gjere oss glade frå Belgia eller kvar det no er til morsdagen. Men ein ting får du kun tak i i månadane frå januar til mars, det er blodappelsin. Finn du ein pose så kjøp han med deg. Du vil ikkje angre. Blodappelsin har ein utruleg intens smak, mykje kraftigare og meir aromatisk enn sin overvektige bror den vanlege appelsinen. Blodappelsinen er mindre, du kan finne steinar i den, og den er altså så lunefull at den berre vitjar oss ei kort periode. Då gjeld det å nytte høvet. Eg er ein forkjempar for sylting året rundt, og når du finn saftige, perfekte blodappelsiner så er den beste måten å ta vare på den på å sylte den. Du får ein sødmefull, aromatisk og lett bitter marmelade som er heilt uovertruffen på brie, på brunost eller på scones med godt smør …

Dei aller beste pannekakene

Pannekaker, det er vel lett? Tja, eg har smakt gode pannekaker, og eg har smakt dårlege. Tjukke, utan salt eller sukker, sviddsteikte utan kjærleik, då blir det ikkje bra. For meg er pannekaker luksus. Ikkje fordi det er så råflott på nokon måte, men fordi eg prøver å passe på kva eg et, og då har eg det for meg at pannekaker ikkje er så bra for meg. Det er sikkert berre tøys, men det fører iallfall til at eg et det ganske sjeldan. Då vert lukka desto større dei få gongane eg lagar det. Denne oppskrifta har eg frå mi eiga notatbok med matoppskrifter, som eg opprinneleg fekk på skulekjøkkenet. Det er den første oppskrifta eg har eit klart minne av å ha laga og skrive ned sjølv. Ei venninne og eg eksperimenterte på kjøkkenet over fleire dagar, og konkluderte med at denne ga den optimale balansen, pannekakene vart passe salte, passe søte og passe tjukke. Den dag i dag slår eg opp når eg skal flotte meg med pannekaker. Og i dag er høvet …

Ein einaste stor bolle

Like visst som at jul og påske kjem rullande, så har vi fastelaven midt imellom. Fasting er det kanskje ikkje så mange som driv med lenger, bortsett frå at fem-to-dietten ga ein slags faste eit oppsving. Men ei triveleg fastelavensfeiring med gode bollar, fargerike ris frå sanitetsdamene og lysare dagar, det høyrer med. Mange seier dei slit med å få gode, luftige bollar. Då har eg berre eit råd å gi: Smør deg med tolmod. Ein feit, søt deig må få god tid på seg til å heve, og det å stresse gjer berre at ting går i ball. Heving kjem an på så mange ting, mjølet, gjæra, temperaturen på væska, temperaturen i rommet, om det er trekk i rommet og mykje meir. Eg blir oppgitt over oppskrifter der det står at deigen skal heve i 30 minutt. Mine deigar har stort sett berre så vidt vakna etter 30 minutt. Dei treng lengre tid, og då vert resultatet bra. I år gjorde eg ein ny vri på bollane, eg lagde ei fastelavenskake! Det var veldig …