Billig mat, Fest, Gjærbakst, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn
Kommenter innlegget

Ein einaste stor bolle


Like visst som at jul og påske kjem rullande, så har vi fastelaven midt imellom.

Fasting er det kanskje ikkje så mange som driv med lenger, bortsett frå at fem-to-dietten ga ein slags faste eit oppsving. Men ei triveleg fastelavensfeiring med gode bollar, fargerike ris frå sanitetsdamene og lysare dagar, det høyrer med.

Mange seier dei slit med å få gode, luftige bollar. Då har eg berre eit råd å gi: Smør deg med tolmod. Ein feit, søt deig må få god tid på seg til å heve, og det å stresse gjer berre at ting går i ball. Heving kjem an på så mange ting, mjølet, gjæra, temperaturen på væska, temperaturen i rommet, om det er trekk i rommet og mykje meir. Eg blir oppgitt over oppskrifter der det står at deigen skal heve i 30 minutt. Mine deigar har stort sett berre så vidt vakna etter 30 minutt. Dei treng lengre tid, og då vert resultatet bra.

I år gjorde eg ein ny vri på bollane, eg lagde ei fastelavenskake! Det var veldig greit, for mange syns det blir voldsomt med ein heil, stor bolle. Då er det lettare å skjere seg eit kakestykke. (Ei anna historie er at den vart så god at det vart både to og tre stykke, men det er heilt i orden.) Eg hadde eit glas bringebærsyltetøy i kjøleskapet som eg sette fram, og fleire rundt bordet sette pris på å ha litt syltetøy på bollekakestykket sitt.

Eg har eksperimentert med forskjellige fyll i bollane. Vanleg fløtekrem med vanilje er det enklaste. Nokre gongar blandar eg kremen med syltetøy, det er veldig godt. Andre gongar har eg brukt den svenske varianten, og rive litt marsipan i kremen. Marsipan kan også skjerast i tynne skiver, og leggast inni bollane, som ei lita glede.

Men uansett, det viktigaste er sjølve bollen, den må smake godt. I år brukte eg kardemomme frå heile kardemommefrø frå min lokale tyrker, og det vil eg på det sterkaste anbefale. Smaken blir så utruleg mykje meir intens, og å støte på ein bit av eit kardemommefrø inni bollemassen gir ein liten smakseksplosjon i munnen. Deilig!

Eg lagde altså ei stor kake, og delte den langs ekvator. Du kan legge den rett på bakebrettet på eit bakepapir, eller gjere som meg, og ha det i ei romsleg paiform. Dei vanlege kakeformene trur eg nesten blir litt snaue, men det kan også ha med å gjere at eg brukte ein heil pakke gjær. I oppskrifta skriv eg ein halv pakke, for eg trur eigentleg det er nok.

Så då er det berre å ringe rundt og invitere til fastelavensfest i morgon, denne kaka held iallfall til åtte-ti personar. Bakar du bollar av deigen får du ca. 16 bollar.

IMG_1973Fastelavensbollekake

1 liter kveitemjøl

100 g smør

100 g sukker

1/2 pk gjær for søt gjærdeig

4 dl mjølk

2 egg, eit til deigen og eit til pensling

1 ts salt

1-2 ts kardemommefrø

Krem og ekte vaniljesukker til servering

Knus kardemommekjernene i ein mortar, og fjern skalet slik at berre dei svarte frøa er igjen. Knus frøa godt ein runde til slik at du for det meste har pulver att.. Ha mjølet, sukkeret, kardemommen og bakepulveret i ein stor bakebolle. Smuldre smøret i mjølblandinga til det er ein kornete masse.

Varm opp mjølka til den er fingervarm, og løys opp gjæra i den. Pisk saman egget, og ha det i væska.. Bland saman mjølkeblandinga og mjølblandinga, og elt godt. Eg brukar kjøkkenmaskin, og let gjerne deigen gå i 6-8 minutt. La deigen heve under klede, gjerne i ein times tid.

Set omnen på 200 grader. Elt deigen saman igjen, og form han til ein, stor bolle. Legg han på bakepapir på steikebrett eller i ei romsleg form som du har strødd med mjøl. Du kan også bruke bakepapir i forma. Pensle den store bollen med samanpiska egg, og la den heve ein time til.

Steik bollen på 200 grader i 30 minutt. Sjekk etter 25 minutt, viss den vert for brun, så dekk den med litt folie.

La bollen kolne. Pisk 3 dl kremfløyte til krem med 2 ts ekte vaniljesukker og 2 ts melis. Del bollen i to, legg krem på den nederste delen og legg toppen på.

Viss du er i det rampete hjørnet kan du også servere den med litt syltetøy blanda inn i kremen. Dryss litt melis over til slutt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s