Month: oktober 2018

Kalv med frisk melonsalsa

I dag har vi spist noko av det aller beste eg veit: Entrecote av kalv. Kalvekjøtet er lyst, mørt og saftig, og blir utruleg godt på grillen eller i steikepanna. Det er synd at kalv skal vere så vanskeleg å få tak i. Har du ein god slaktar nær deg så prøv å godsnakke med dei og få dei til å ta det inn. Eg kjøper mitt kalvekjøt hos Strøm-Larsen på Torshov i Oslo, eller i Sverige. Der er det av ein eller annan grunn heilt vanleg i butikkane. Til kalven laga eg ein salsa med melon. Salsa betyr saus, og melonsalsaen min liknar kanskje ikkje heilt på ein saus. Men den liknar på ein tomatsalsa, som ein lagar ved å finhakke tomatar og røre saman med krydder og urter. Melonsalsaen er laga på same måte. Eg hadde ein skalk av vassmelon og ein stor piel de sapo-melon til disposisjon. Piel de sapo har sesong ganske seint, og har lyst, aromatisk og søtt fruktkjøt. Eg tok dei urtene eg hadde, litt oregano, litt rosmarin, timian og persille. Skal du servere salsaen til meksikansk mat ville eg brukt koriander, men her …

Tomathaust

Neida, eg har ikkje sådd tomatar. Ein treng ikkje så tomatar for å få tomatplantar. Det er nok å kjenne nokon som sår tomatar. Det er ein morsom syklus, det der. Når ein syns det er kjekt å dyrke ting så blir ein likevel lei utpå hausten. Men litt over jul så byrjar det å lysne, og så dukkar det opp frø i butikkane som ein kan så. Då trer sågalskapen inn, og ein puttar masse frø i jorda. Dei spede spirane poppar opp, og får lys, vatn og gjødning etter alle kunstens reglar. Så kjem ein ut i mai, og då er det som om planterommet er overteke av trifidar, desse planteliknande ondsinna vesena, som vil ta kontroll over verda. Då er det at desse ivrige såarane byrjar å dele ut med raus hand. Dreg du frå eit selskap kan du vere trygg på at du får med deg minst ein tomatplante, og kanskje eit par chiliplantar og. Slik får iallfall eg tomatar, og eigentleg er det jo veldig hendig. Min kjære ga meg plantekassar i bursdagsgåve, og ei av desse vart heimen til dei etter kvart fem tomatplantane eg hadde …

Curry med kjøttbollar

Eg er veldig glad i austasiatisk curry, det er så enkelt, og så godt! Det er faktisk ekte snøggmat, du lagar ein full middag med grønsaker og proteinar, medan risen kokar. Løyndomen er nokre få ingrediensar som du må ha i kjøleskapet. Det er karripasta (curry paste), sitronsaft, kvitløk og ingefær. Ingefær kjøper eg ofte ferdig mosa i glas, det gjer at terskelen for å bruke den vert mykje lågare. I tillegg må du ha ein ingrediens i matskapet, enten på boks eller kartong, og det er kokosmjølk. Har du desse fem tinga kan du lage ein curry nesten uansett kva du har av råvarer. Bønner, linser, kylling, fisk, alle grønsaker, muligens med unntak av agurk og salat, går i ein curry. Ein får veldig mykje curry i det indiske kjøkkenet, men det er ein curry som vert laga med tørre krydder. Då varmar du opp krydderet, knuser det, og tilbereier råvarene i den blandinga. I austasiatisk curry brukar ein ferske krydder, og ein kan bruke langt fleire enn dei eg ramsar opp. Sitrongras er …