Klassisk tomatsuppe
Då eg studerte var det tomatsuppe vi levde på dei siste par månadane før jul, og før sommarferien. Og posesuppe hadde vi ikkje råd til. Vi hadde mjøl og margarin i hus, og eit par buljongterningar. Då trengte vi berre ein liten boks tomatpuré, som den gongen kosta 1,90, for å få eit fullverdig måltid. Vi hadde som regel ein eller annan variant av pasta og, som fekk vere med i gryta. Det var sjeldan så raust at vi hadde kokt egg i suppa, det tok vi oss ikkje råd til. No har eg fått utvida repertoaret litt, men basisoppskrifta er framleis den same. Eg lagar tomatsuppa på ein bechamelbase, altså smør surra i gryta med mjøl, og så kraft oppi som kokar seg tjukk og fin. Krafta er som regel buljongterningar, men har du kokt gulrøtter, kål eller skrelte poteter, så ta vare på kokevatnet. Det er kraft, og passar perfekt å ha i ei suppegryte som denne. Suppler gjerne med kokt makaroni, kokt egg eller kanskje til og med litt sprøsteikt bacon, då har …