All posts filed under: Duft

No blømer hylla!

No blømer hylla over alt, og det er eit vakkert og velduftande syn.  Mange spør om det er svarthyll dei har funne, og kjenner seg usikre på om dei har funne rett tre. Det er eigentleg veldig enkelt: Rundt jonsok er det berre hylla som blømer. Dei andre blømande, ville trea er avblomstra for lenge sidan, spesielt no når det har vore så varmt i veret. Blada er også eit kjennemerke, dei er som på ei rogn, men større. Det andre kjennemerket er at bukettane er flate. Forestill deg at du skal steike ei pannekake med hyllesmak, og heller røre ut i steikepanna. (Dette er faktisk ein dessert du kan få servert i Sverige.) så legg du blomebuketten ned i steikepanna. Viss alle blomane hamnar flatt ned, så er det hyll du har funne.  Svarthyll har medisinske verknader seiest det, den skal verke vassdrivande og mildt bakteriedrepande. Bæra kan du safte til hausten, på same måte som du saftar rips og solbær. Det blir ei vakker, mørkeraud saft som mange meiner vernar mot haustforkjølingar. Blomane …

Vil du lære meir om parfyme?

Syns du det er vanskeleg å finne di duft? Har du opplevd å kjøpe ein parfyme som var deilig på nokon andre, eller som lukta godt i butikken, men når du kom heim så passa den ikkje deg i det heile tatt? Lurer du på om du skal kjøpe Eau de toilette, Eau de parfum eller rein parfyme? Dette er eit tema som eg likar å snakke om, for eg har jobba mykje med å finne ut korleis ein finn den dufta som passar best til akkurat meg. Eg har snakka om parfyme med kollegaene mine, holdt foredrag på København-båten, for venninnegjengar, på Underleir og for utdrikningslag, både for menn og kvinner. Eg har også holdt kundeseminar på Glasmagasinet. I parfymeavdelinga på DFDS fortalte dei at dei hadde selt heilt andre dufter etter at eg hadde holdt kurs enn dei vanlegvis gjorde. Det syns eg var veldig gøy, då har eg inspirert folk til å snuse på nye ting, som ikkje nødvendigvis er det aller nyaste, men som passar til deg og din hudkjemi. Eg har …

Å velje ei duft II

I går skreiv eg om dei ulike kategoriane du finn dufter i, og kva parfymer som er typiske for dei ulike kategoriane. Det finst mange måtar å klassifisere parfymer på, så min “disposisjon” er ikkje ein fasit, men den er eit nyttig hjelpemiddel for å skaffe seg oversikt over duftene du finn i eit parfymeri. Men ein kan også karakterisere dufter som kjølege, varme, friske, lyse eller mørke. Uansett vil karakteristikkar og beskrivelsar vere subjektive, og ikkje minst vil ei duft kunne reagere med din hudkjemi, og endre karakter i møte med huda di. Ei duft nokre oppfattar som søt kan andre oppfatte som grøn og frisk. Då eg byrja å utvikle ei interesse for parfyme utover det vanlege vart eg overraska over å oppdage at det var viktigare å kartlegge kva eg ikkje likte enn kva eg likte. Eg hadde nokre bomkjøp, og eg hadde også nokre dufter som eg prøvde på meg som var så voldsomme at det syntest som om amputasjon var det mest fornuftige for å bli kvitt dei, for vanleg …

Å velje ei duft I

Det er så lenge sidan eg har skrive noko om parfyme her i bloggen at det nesten er flaut. Men det betyr ikkje at eg har slutta å bruke parfyme, eller å glede meg over det. Tvert imot, eg nyt parfyme meir enn nokon gong, og eg har jo ein til å parfymere, nemleg kjæresten min, og det doblar gleda. Men det eg ikkje har skrive noko klokt om er korleis ein skal velje ut sin eigen parfyme. Eg har hatt rundar der du kunne få hjelp til å velje, men ikkje noko om dei triksa eg sjølv har brukt for å velje ut mine eigne dufter. Dette innlegget vert så langt at eg delar det i to, i dag tek eg for meg dei ulike notegruppene som det er aktuelt å velje blant, og i morgon seier eg noko meir om korleis ein faktisk bør gå fram for å velje. Mange syns det å velje parfymer er vanskeleg. Eg har snakka med mange som har skapet fullt av dufter dei ikkje brukar. Det syns …

Alt eg gløymer å fortelje!

Eg får inn ein mail eller ei facebookmelding, og så tenker eg; Det må eg blogge om. Men så dett det ut av hovudet før eg veit ordet av det. Då er det godt å få påminningar. Heaven Scent har fått inn heile duftrekka til Frederic Malle! No treng vi ikkje lenger reise til London eller Paris for å få lukte på desse fantastiske duftene. Du får ikkje gått inn i parfymedusjen, slik du får i butikken til Frederic Malle i 37, Rue Grenelle, men du får iallfall snust på alle. Min favoritt; Eg har Angeliques sous la pluie, og elskar den grøne, krydra aromaen av kvann. Eg har gått litt med Musc Ravageur og, takka vere snille duftvener. Men no skal eg ta meg ein ettermiddag på Heaven Scent og snuse meg igjennom heile serien. Vil du vere med så heng på!

Puredistance I, M og Antonia

Puredistance er eit eksklusivt parfymemerke som er basert i Nederland, nærare bestemt i Groningen. Dei har ikkje ein stor serie av dufter, tvert imot, tre dufter er deira samla produksjon. Eit av kjenneteikna til Puredistance er at dei har vore veldig dyktige til å knytte til seg dei beste parfymørane. I og Antonia er laga av Annie Buzantian, medan M er laga av Roja Dove, parfymøren som står bak Enslaved og fleire andre kostbare og lekre dufter. Dei tre duftene har kvart sitt distinkte særpreg, men noko av det dei har felles er at dei ikkje tek så stor plass. Dette er ikkje “sillage”-bomber. Mange av dei duftene som er i same duftfamilie som Puredistance-duftene er voluminøse og kan vere overveldande. Puredistance-duftene er meir dempa, men elegante og velkomponerte. I kom først, i 2008. Den er ei grøn, frisk duft, med eit distinkt preg av magnolia, solbær og mimosa. Eg er normalt litt skeptisk til mimosa, iallfall åleine, men i I er den så pent pakka inn at det berre blir oppkvikkande, lett og likevel ikkje karakterlaust. …

Sommardufter i heile juli

Har eg fortalt at Heaven Scent har ope heile sommaren i år? Tidlegare har dei hatt stengt nokre veker i juli, men i år får tilreisande frå fjern og nær snuse heile sommaren. Dessutan står det faktisk ei søt, ung blondine bak disken, som er i nær slekt med Alt godt, så nær i slekt som ein kan bli, faktisk. Sjølv om ho er berre femten år så har ho i mange år allereie blitt taua rundt av mor si til parfymeri i alle byar vi har vore i. Det gjer at ho har blitt kjent med mange merke, med duftnotar og alt som har med duft å gjere. Så om du stikk innom, så prat litt med henne, kanskje har ho gode forslag til kva du kan prøve. God duftoppleving i sommar-Oslo!

Diptyque: Vetyverio

Eg har samla på meg nokre Diptyque-dufter det siste året. Det byrja med Eau de Tarocco, så kjøpte av Eau Duelle frå ei parfymevenninne som ikkje trivdest med den, og så fekk eg 34 Boulevard St. Germain av verdas snillaste femtenåring. Men eg hadde heilt gløymt at innimellom det heile kjøpte eg Vetyverio. Eg har skrive om vetiver før, dette grove graset med ei grøn, jordaktig, litt skarp duft. I Vetyverio er den kombinert med fruktige notar som aprikos og mandarin, men også med klassiske Diptyque-notar som rose og geranium. Muskat, sedertre og musk er med på å forme basen i parfymen, så alt i alt er dette ikkje ei så kald og grøn duft som ein kanskje kunne vente med ei vetiver-duft. Vetyverio har også den fascinerande eigenskapen at den kjem og går litt. Etter ei stund syns eg den har blitt borte, men når eitt par timar har gått er den tilbake for fullt, med nye fasettar og notar som kjem fram. Denne er definitivt unisex, eg har nettopp spraya den på kjæresten …

Diptyque: 34 Boulevard St. Germain

Parfymehuset Diptyque byrja med den første  butikken i 34 Boulevard St. Germain for femti år sidan. Dufta med same namn er laga for å feire dette jubileet. Konseptet bak denne dufta er at Diptyque ønskte å gjenskape den dufta som sat i veggane i denne butikken. Eg har dessverre ikkje vore der, men eg kan lett forestille meg at ein butikk luktar som dette. 34 er sett saman av eit stort antall notar, og den gir eit krydra, varmt inntrykk til å byrje med. For meg var det å få på meg denne dufta som å kome heim. Den passar ikkje inn i nokon duftkategoriar. Det fascinerer, og det gjer at den er unisex. Både menn og kvinner kan gå med denne. Du finn hint av fikenblad, rose, solbær, kardemomme, nellik og edeltre. Dufta er lekkert komponert, og å ha den på er som å hylle seg inn i eit varmt og elegant teppe. At eg har lukkast i oppdraginga av barna mine fekk eg bekrefta då eg hadde bursdag i forrige veke, og femtenåringen …

The beautiful mind

Heaven Scent held no til på Eger, og får stadig inn nye, spennande dufter. Det siste tilskotet deira er dufta The Beautiful Mind, som parfymøren Geza Shoen har lagd som ein hyllest til ei kvinne utanom det vanlege, Christiane Stenger. Christiane Stenger er kjend for at ho har ein ekstremt god hukommelse, ho Grandmaster of memory etter å ha vunne Junior World Memory Championships. Ei noko annleis muse for ei duft, altså. Parfymen er basert på den tropiske blomen Tiaré, og har følgande notar: Bergamot, mandarin,  rosa pepper, magnolia, fresia, osmanthus, rose, tiaré absolute, musk, sedertre, sandeltre og aromakjemikaliet cashmeran.  

Finn ei duft igjen!

Her om dagen dumpa det ein mail ned i mailboksen min frå Snuffeldyret. Snuffeldyret, som er ei dame, ville gjerne ha hjelp til å finne seg ei god duft, men er litt treg i avtrekkaren. Det skal vi ikkje bruke mot henne. Her er hennar beskrivelse av seg sjølv og hennar duftopplevingar: Jeg vil ha en lett, frisk duft. Ikke for kryddret, tung eller for søt. Ikke for puddret. En helårsduft som kan brukes til alt. Gjerne en klassiker som ikke går av moten med det første. Jeg elsker engelske roser og små sære planter. Liker fancy kjøkkenting a la Alessi. Glad i sushi, fisk og rådyr. Kunne levd på bare grønnt. Elsker kaffe og te. Sykler og står telemark. Siste forsøk var den nye Daisyen til Marc. For søt og udefinerbar vemmelt. Før det var det den nye til Issey Miyake. Lovende i starten, men svettelukt etterhvert. Escada incredible me er for søt og tung. Escada med røde prikker er fin i starten, men får en kant som jeg ikke liker. Jeg føler jeg …

Cartier: Le Baiser du Dragon

Le Baiser du Dragon (Dragens kyss) kom i 2004, og var ei av dei store treduftene for kvinner lansert i rekka etter Diors Dolce Vita. Den er orientalsk, men i ein annan kategori enn Opium og Mitsouko. Den opnar floralt med appelsinblomst (neroli) og gardenia, første gongen eg lukta på den trudde eg det var mynte i den. Men det er dei florale notane som gir opninga eit lett preg, lettare enn Dolce Vita, som går meir rett på trenotane, med eit innslag av frukt. Etter ei stund blir Le Baiser varmare på huda, og den tek ikkje stor plass. Du skal ganske nær for å kjenne den, med mindre beraren har overdosert. Ein kan få assosiasjonar til vanilje, men det er patsjuli og amber som gir sødma i botnen. Men først og fremst er Le Baiser ei treduft, med sedertre som blir runda av med musk og dei søtlege notane. Den er ikkje så skarp som Feminité de Bois, og den er varmare og søtare i avslutninga enn Dolce Vita. Den tek ikkje på langt …

Julegåvedryss!

Eg har tidlegare reklamert for parfymeforumet Parfymesnakk. Der inne finn du parfymegale duftentusiastar som delar gleda over olfaktoriske opplevingar. No i desse juletider er det sjølvsagt nærliggande å vere rause mot kvarandre, og dele goda. Dei som administrerer forumet har vore på tiggerunde, og fått milde gåver både frå Heaven Scent og Parfumerie. I tillegg har fleire som er deltakarar på forumet donert dufter frå eigne samlingar. Alt du treng å gjere for å vere med i trekninga er å gå inn på forumet, registrere deg som brukar viss du ikkje allereie er det, og skrive eit innlegg i julegåvedrysstråden der du skriv om dine duftopplevingar i året som er i ferd med å ebbe ut. Hiv deg på, det er spennande premiar i vente!

Fracas kjem til byen!

No byrjar det verkeleg å svinge av Oslo som parfymeby. I morgon kjem duftene til Roberg Piguet til byen. Vi kan få lukte på klassikarane Fracas, Visa og Bandit, herredufta Cravache og Baghari og Futur kjem sikkert også. Det er Parfumerie, det nye, spennande parfymeriet i Vibes gate 11 i Oslo som har fått inn desse duftene. Det er mogeleg at dei har vore til sals i Norge “i gamle dagar”, men i nyare tid har eg ikkje sett dei nokon annan plass i Norden enn på Illums i København. Ta ein tur innom Parfumerie, og snus på ein klassikar (eller fem)!

Duftande ønskelister?

Det er tida for ønskelister, og eg er spesielt interessert i dei duftande listene. Eg veit at mange av mine parfymevennar har lister over parfymar dei planlegg å kjøpe, og dei som ikkje har komt i hus til i desember bør vel stå på ei slik liste. På mi ønskeliste står det også nokre dufter, nokre er å få tak i i Norge, andre må ein utanlands for å finne. Den første på mi liste er Belle d’Opium. Den originale opium-dufta blir for voldsom for meg, eg har brukt den frå ei lita krukke med bodycream som eg har, men bortsett frå det blir den for dominerande. Belle d’Opium, derimot, er atskillig lettare å gå med, og er ein moderne, varm og tiltalande floriental med fruktnotar og kvit peppar for å balansere. Den andre på mi personlege liste er Kenzo Femme. Vanlegvis slår Kenzo på stortromma når dei lanserer ting i Norge, men ikkje denne gongen. Kenzo Femme har meir eller mindre blitt lirka inn bakvegen i norske parfymeri. Det er synd, for det er ei …

Hemmeleg hagemann søker duftopplevingar…

Eg har fått ein ny førespurnad om parfymehjelp, denne gongen er det heile litt mystisk. Eg veit nemleg ikkje kven han er! Men her er “søknaden”: Han er mann, arkitekt, opptatt av design og mote, arkitektur og hage selvsagt, klassisk musikk, men også religion. Han er kristen og jobber frivillig i kirken her i byen. Han har i årevis brukt Chanels Anteaus, men kun i deodorantform og som aftershave. Er litt redd for parfyme. Liker ikke det som er altfor krydret, men liker røykelse. OK, folkens, her må vi ha noko å bidra med. Fyr laus!

Endeleg ein mann!

Anette har meldt på mannen sin i mi parfymerådgjevingsteneste. Her er det ho skriv: Jeg vil gjerne ha hjelp til å finne en ny duft, ikke til meg, men til mannen  min. Han har forsøkt mye rart opp gjennom årene, men det er faktisk bare to dufter som har luktet virkelig godt på ham: CK Be og en parfyme med det utrolig cheesy navnet GeirPower, av Geir Ness. (CK One lukter bare barskog når han får den på.) Han er glad i god mat, særlig krydret – chili og kajenne er en favoritt, samt nykvernet pepper, men han setter også veldig pris på en god biff, Han liker også rødviner med mye syre og eik, og brunt brennevin, helst armagnac eller whisky. Dessuten drikker han veldig mye grønn te og oolong. Tror ikke han har noen formening om blomsterdufter i det hele tatt, han er ikke særlig opptatt av søte smaker eller dufter (selv om han tar godt for seg av hjemmelaget julekonfekt, og så spiser han honning som om han var Ole Brumm). Han røkte tidligere og jeg tror han fortsatt liker lukten av tobakk, særlig sigar …

Vi må hjelpe Berit!

Berit frå Hagegal har også bede om parfymehjelp. Ho seier dette: Dette ble for morsomt til å motstå. Jeg har faktisk tenkt på å søke hjelp for å finne ei duft som jeg kan trives med. Nylig rydda jeg skapet for det som var av gamle flakonger, så nå er jeg totalt fri. Ikke husker jeg navn på de jeg kasta heller, det var ingen av dem jeg likte spesielt. Jeg er av dem som ikke bruker sminke annet enn bittelitt til festbruk. Tenker meg en duft som må være ganske diskret, ikke tung og påtrengende. Gjerne litt spennende likevel. Kler meg hovedsaklig praktisk/sporty. Har vegring mot shopping, om det ikke er hagesentre eller bokhandler. Mat: Liker det meste, fra tradisjonell husmannskost til det mer eksotiske. Avstår helst fra lutefisk, rakfisk og ål. Når jeg er ute på reise, er det å smake på lokale retter en vesentlig del av opplevelsen. Drikke: Vann, farris, kaffe, hvit eller grønn te samt svart te uten tilsetninger og essenser. Drikker gjerne god vin av alle kulører, med en forkjærlighet for …

Eg gjev meg ikkje så lett!

Det var nemleg mange damer som ville ha hjelp til å finne duft for seg. Her er May sin “søknad”: Jepps. Kan godt tenke meg anbefaling på duft på dette viset. Liker mat, dvs mage slag. Alt frå tradisjonsmat, raspeballer.. italiensk, franks, texmex. Alt til si tid rett og slett. Drikker helst øl, men lite slår lammelår med rødvin. Kvitvin og reker nam. Portvin. Akevitt til ølet.. Blomster: Har kolonihage. Elsker duften av syrin, roser Jobb og fritid går litt i kvarandre som freelancer. Kan bli seine kvelder med masse jobb, eller fri midt på dagen og kaffe på cafe. Gå på ski om vinteren er stas. Mi duftfortid har bestått av kjente klassikarar,  ikkje nokke rart og mystisk her: Rive Gauche. Anais Anais ( Den er vel den eg har brukt mest i mi parfymetid) Beautiful, littegranne. Paris. Ein periode i 20-åra. Ein gang fekk eg ei flaske Opium i gave. Det var HEILT feil. Som gravid og ammende kvinne, slutta eg med nesten alle dufter. Blei berre sånn. Er stadig innom parfymeri og tester. …

Kjempetabbe!

Eg las ikkje denne mailen frå Fru Storlien nøye nok, og dermed så gjekk det meg hus forbi at ho skulle til London i helga som var. Jaja, vi får prøve å hjelpe henne som best vi kan utan London-handling i tankane. No har vi jo fått mange fine parfymeri her i Oslo og med stort utval. Her er hennar “søknad”: Dette må jo testes og i tillegg passer det bra siden jeg drar til London fredag og er klar for å fornye godluktene mine. Jeg bruker en del parfyme, men handler mye på innfall. De jeg bruker mest, eller har vært gladest i er: Fantasia di Fendi ( som har gått ut), Mirto di Panarea fra å (hjelp, jernteppe, det italienske merket), og den rosa fra Stella McCartney, peony?, samt Flowerbomb fra Victor & Rolf. Hva jeg liker av mat; tja, sjømat, frukt og grønnsaker, pasta, skikkelig reinsdyrkjøtt, sjokolade. Og drikke; det går jo mest i kaffe til hverdags, svart kaffe og kaldt vann. Ellers er ikke vin å forakte, hvit eller rose. Rødvin …

No er det HildeG sin tur…

HildeG er ein flittig kommentator her, og god venn frå Hagegal. Ho har også eit ønske om å få forslag til dufter. Her er hennar “sjølvmelding”: Hehe, jeg er antagelig en relativt håpløs kandidat, men tar gjerne imot noen gode forslag. Halvgammel, nokså ujålete kjerring. Liker å lukte godt innimellom, ikke minst setter mannfolket pris på det 🙂 Bruker ikke parfyme til daglig siden jeg jobber i helsevesenet. Liker: Mat: ris og pastaretter, asiatiske ting, egentlig ganske altetende? Liker IKKE: rakfisk, rømmegrøt og joikakaker. Drikke: Farris med mango (men vil IKKE ha mangoduftende parfyme…), vin, kaffe. Ingen tedrikker, men kan drikke blåbærte eller eple/kanelte. Liker cognac, men ikke whisky. Blomster: Ja takk! Liker nesten alle blomster. De bør dufte, men kan ikke komme på noen bestemt blomsterduft jeg liker best – alle har sin sjarm og hele hagen bør dufte. Andre dufter: De vanlige? Liker hage, lukten av jord om våren, god middag i ovnen, ferske brød. Har to parfymer jeg har brukt de siste årene som jeg liker godt: Kenzo Flower og Calvn Klein Truth. …

Dokke klarer ei til?

Her kjem den tredje. Der ligg fleire på lur, men eg får blogge litt om mat snart, for variasjonen si skuld. Iallfall; Her er Monica si utfordring: Jeg vil gjerne ha hjelp til å finne min nye duft. Jeg har brukt Ardens Green Tea i årevis nå, og trenger sårt litt fornyelse. Dette er, litt kjapt, de tingene jeg liker i livet: Mat: Italiensk! Ferske, fine råvarer, enkel mat, gode smaker. Drikke: Tung, spansk rødvin om vinteren (foran peisen, så klart). Om sommeren – en frisk, syrlig hvitvin. Eller lemonade – hjemmelaget. På verandaen. Blomster: Alle blomster lukter jo godt, men jeg har en absolutt forkjærlighet for … brudespirea. Og hegg. Er det rart? Det er vår og sommer for meg. Når spireaen og heggen blomstrer, da er det snart 17. mai og kick off for sommeren. Elsker også duften av basilikum. Og lime. Frisk lime er kanskje favorittduften. Parfymer: Jeg liker stort sett friske dufter. Jeg har tidligere brukt CK One, Ralph Lauren – Romance, og Armani – Aqcua di Gió. Dufter jeg ikke …