Duft
Comments 9

Å velje ei duft II


I går skreiv eg om dei ulike kategoriane du finn dufter i, og kva parfymer som er typiske for dei ulike kategoriane.

Det finst mange måtar å klassifisere parfymer på, så min «disposisjon» er ikkje ein fasit, men den er eit nyttig hjelpemiddel for å skaffe seg oversikt over duftene du finn i eit parfymeri. Men ein kan også karakterisere dufter som kjølege, varme, friske, lyse eller mørke.

Uansett vil karakteristikkar og beskrivelsar vere subjektive, og ikkje minst vil ei duft kunne reagere med din hudkjemi, og endre karakter i møte med huda di. Ei duft nokre oppfattar som søt kan andre oppfatte som grøn og frisk.

Då eg byrja å utvikle ei interesse for parfyme utover det vanlege vart eg overraska over å oppdage at det var viktigare å kartlegge kva eg ikkje likte enn kva eg likte. Eg hadde nokre bomkjøp, og eg hadde også nokre dufter som eg prøvde på meg som var så voldsomme at det syntest som om amputasjon var det mest fornuftige for å bli kvitt dei, for vanleg såpevask dugde ikkje.

Den første eg oppdaga var fiol. Det oppdaga eg ved å snuse på ei flaske med rein fiolparfyme i, det var eit duftsjokk. Eg vart kvalm, fekk hovudverk, og ville ikkje i mine villaste fantasiar finne på å ta elendigheita på huda. Men i ein komponert parfyme ligg notane saman i ei duft, og når du snusar på den frå ein blotter eller frå flaska kjenner du stort sett toppnotane. Hjartenotane og botnnotane kjem ikkje fram før etter ei stund. Difor kan det ta litt tid før du forstår at du har fått «feil» note på huda.

Då eg byrja å prøve å lære meir om parfymer fann eg nettstaden http://www.osmoz.com. Der skreiv eg inn «violet» i søkefeltet fekk eg opp ei liste så lang som eit vondt år med dufter som eg avskydde. Seinare har eg gjort det same med tuberose, lavendel og iris, og kome til same resultat. Så etter kvart har eg nokolunde oversikt over det eg ikkje ein gong treng å snuse på.

Så dette er mitt beste tips for å unngå bomkjøp og vonde parfymeopplevingar. Finn ut kva notar du likar og ikkje likar, då blir det mykje enklare å velge bort dufter.  Gîo, Poison, One million L’Heure Bleue og Fracas har tuberose i seg, og er heilt uaktuelle for meg. L’Air du Temps, Volupte, Insolence, J’adore, Lolita Lempicka og Balenciaga Paris er metta av fiol, og er også «on the dark side».

Så korleis heng dette på greip med det eg skreiv om i går, om dei ulike parfymegruppene? Dette med å like ein parfyme har på ein måte eit makro- og eit mikronivå. Dei fleste vil ha ein preferanse for enkelte parfymegrupper. Sidan eg har over sytti dufter på full flaske indikerer vel det at eg likar mange ulike duftgrupper, men spør du mannen eller dama i gata vil dei kanskje foretrekke grøne dufter, varme dufter som amber eller krydderdufter, eller sitrusdufter.

Når du tenker over kva duftgrupper du vanlegvis likar best, leiter du etter dine dufter på eit makronivå. På Estetique-parfymeria (som no held på å bli Kicks) kan du av og til finne dei gruppert på hyller. Det gir ein peikepinn.

Men det eg snakkar om lenger opp, er å oppdage dine dufter på mikronivå. Sjølv om eg likar florale dufter likar eg ikkje alle. Då må du byrje å skilje mellom kva notar som er i dei ulike duftene, og du må finne ut kva som er «dine» notar kva som verkeleg ikkje er dine. Så begynn med bomkjøpa dine, og deduser deg fram til kva som passar for deg, og i kva kombinasjonar dei passar.

Og ein annan ting: At eg ikkje likar fiol betyr ikkje at eg ikkje likar det på andre. Datra mi luktar nydeleg i Serge Lutens Gris Clair, som er proppa med lavendel. Kjæresten min luktar fantastisk i Le Male, som også er rik på lavendel. Og søskenbarnet mitt luktar friskt og delikat av Laura, som er basert på fiol.

Eg nyt desse notane på andre, men definitivt ikkje på meg sjølv. Det har aller mest med hudkjemi å gjere, dei notane eg ikkje likar fungerer ikkje på mi hud, dei «eksploderer» og tek over alt rundt meg.Då må dei vaskast bort, ganske enkelt.

This entry was posted in: Duft

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. Lovise says

    Dette er jo instruktivt. Men jeg ser fortsatt ikke «tråden» i min egen parfymepreferanse. Jeg har etter maaaange år og noen rare kjøp endt opp med tre jeg virkelig elsker: magnolia nobile, ^o l’orangerie og Burberry weekend. Men hva har de til felles, kjære Gunda?

    Likar

    • Du likar tydelegvis dufter som er rike på sitrusnotar, jasmin, roser, musk og trenotar. Kva du bør unngå er ikkje så godt å seie, men eg er nysgjerrig på å høyre kva du verkeleg ikkje likar. 🙂

      Likar

      • Lovise says

        Sier du det!! Du, det var overraskende, det med roser. Jeg har lukta på rosedufter og tenkt nei takk. Ellers har jeg feilkjøpt både sitrusverbenaduft fra L’Occitane, Clinique Happy og en Burberryduft – var det Brit? Den ga jeg bort. Ellers får jeg helt noia av Shalimar, Chanel no 5 og Opium. Ut fra de jeg faktisk liker – er det noe du ville anbefale meg å sniffe på, gode Gunda?

        Likar

      • Men det at du likar rosenoten innimellom andre notar treng ikkje bety at du likar solitærdufter basert på rose. Rose kan smelte inn saman med andre notar utan å stå fram på eiga hand. Burberry Brit er frykteleg søt, kan kanskje fungere om vinteren, men elles ikkje for min del. (Og eg har ei duft som heiter Acqua de Zucchero, så det søte er ikkje framand for meg. :-)) Clinique luktar kattepiss syns eg, eg trur det er ein sitrusoverdose der kombinert med lilje, orkidé og mimosa som blir alt for skarp og sur på mi hud. Prøv å lukte på L’Occitane Fleur Cherie og Peonia. Begge dei to er friske florale dufter, utan å bli for sure eller grøne.

        Likar

      • Lovise says

        Kattepiss ja! Det kaller jeg duftnote. Jeg skal prøve de to du nevner, takk for tipset. Lukta på en som het noe som Philosophycus (??) , den skal jeg jammen lukte på en gang til!

        Likar

      • philosykos er nydeleg, ein av mine favorittar. Det er ei grøn fikenduft, ikkje søt som enkelte andre fikendufter kan vere. Deilig!

        Likar

  2. Spennende og morsomt, dette med dufter!
    Nesten alle er begeistret for Philosykos, men for meg var den et totalt bomkjøp, og den eneste av mine dufter som får stå urørt. Syns den er søt og kvalmende, men bare på meg. Antar det er fikenen. Kjenner du til noen andre typiske fikendufter?

    Likar

    • L’Artisan har Premiere Figuer, som mange likar, men det kan jo også hende at fiken kanskje ikkje er «rett» for deg. Viss du opplever Philosykos som søt og kvalmande kan det hende sjølve fikennoten blir for søt på di hud. Jf. det eg skreiv om hudkjemi.

      Likar

      • Absolutt. Det med hudkjemi er veldig interessant, og litt mystisk. I min grønne ungdom (da vi ikke visste om noe annet enn mainstreamdufter) opplevde jeg at dufter som luktet godt på alle andre, luktet kattepiss på meg. Siden har jeg heldigvis utvidet reportoaret og funnet mange dufter jeg liker 🙂

        Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s