Lhasa de Sela levde eit kort men intenst liv, det slutta alt for brått då ho døde nyttårsdag 2010 av kreft.
Men i dei 37 åra ho levde lagde ho tre plater med aldeles rystande vakker og uttrykksfull musikk. Ho sang på fransk, spansk og engelsk, og farta mellom USA der ho var fødd, Mexico, der faren hennar kom frå, Frankrike og Canada.
Denne sangen er kanskje hennar mest kjende, og kanskje har du høyrt den utan å vite at det er Lhasa som syng den.