Allergi, Billig mat, Jul, Noko søtt
Comments 10

Glutenfrie eggeplommekaker


Slit du og med at du får for mange eggeplommer?

Kvart år lagar eg plettar, og då står eg der med sju eggeplommer som eg slit med å bruke opp. Eg lagar juleaioli til kjære, i år fekk ho til og med to sortar, der gjekk det tre. Av og til lagar vi spagetti carbonara til middag desse dagane, men denne gongen passa ikkje det.

Men eg har funne ei oppskrift som er genial for å få brukt opp eggeplommer. Eigentleg er det ein slags omvendt marengs, med eggeplomme i staden for eggekvite. Skilnaden er at eggeplommekakedeigen vert fast og fin, og så bles kakene seg opp, nesten som popcorn. Gøy!

Desse kakene er også fine fordi dei er gluten- og mjølkefrie. Er du i det rampete hjørnet kan du smelte litt sjokolade og dyppe dei i, pass på at det er mjølkefri sjokolade viss du gir kakene til allergikarar. Kakene kan også smaksettast på ulike måtar. Eg gjorde det enkelt, med vaniljesukker, ørlite salt og litt sitronsaft, men her er det uante muligheiter. Slik gjer du det:

Eggeplommekaker

2 eggeplommer

ca. 250 g melis

Ei lita klype salt

1 ts sitronsaft

1 ts vaniljesukker

1/2 ts hornsalt

Ha alt i ein bolle, og bland til ein relativt fast deig. Ta opp deig med ei teskei, og form det som noko som liknar på ei klinkekule som du set på brettet på bakepapir. Du kan gå ut frå at dei firedoblar storleiken sin. Steik kakene i ca. 12-15 minutt på 160 grader. Følg med på slutten, dei skal ikkje bli brune, berre lys gyldne og luftige.

(Syns du det manglar bilde her? Kakene vart putta i boks og drog over plenen før eg rakk å fotografere dei. Sorry, skal skjerpe meg.)

This entry was posted in: Allergi, Billig mat, Jul, Noko søtt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

10 Comments

  1. Gro says

    Takk for mange fine oppskrifter. Etter et mislykka forsøk på å lage kokosboller og et bedre forsøk på kokosmakroner, sitter jeg igjen med 8 eggeplommer til overs. Noen forslag?

    Likar

  2. Mine eggeplommekaker ble helt ulike klinkekuler. Aldeles eruptive og uregelmessige ble de. Håper de er gode, -foreløpig står de til avkjøling.

    Likar

  3. Gro: Putt dei i karamellpuddingen, i spaghetti carbonara eller lag desse fine kakene. 🙂

    Britt Åse: Dei skal eksplodere! Det er halve (eller kanskje heile) moroa.

    Likar

  4. maiblomst says

    Åhh, knallbra! Eg har tenkt på kva eg skal bruke nokre eggeplommer i kjøleskapet til. Kanskje dei kan bli lavkarbo også, ved å bytte til sukrin, evnt fruktose;-)

    Likar

    • Nei, det er litt av greia med dei. Dei er glutenfrie, og sprett berre opp som popcorn når dei kjem i ovnen. 🙂

      Likar

  5. Line says

    Hvor lenge holde de seg?( bortsett fra at de kanskje blir spist opp, da…)
    Er det for tidlig å bake nå hvis jeg skal ha dem nyttårshelgen?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s