Månad: april 2013

Torsk i ny drakt


Har du ein favorittfisk? Min favorittfisk er torsk. All fisk går fort å lage til, men torsken er så utruleg takknemmeleg både å krydre og å lage til at den kjem ofte på bordet heime hos oss. Og ikkje minst, alle, store og små, gjestar og fastbuande, et den med stor glede. I dag har eg brukt loin, altså ryggstykke. Butikken eg handlar i pakkar loinen i eigen emballasje, du finn også torskeloin i vakuumpakning på same måten som du får salmalaks. Det er jo litt luksus, og du kan lage din eigen loin ved å kjøpe ein heil torsk og skjere den i ulike delar. Andre delar av fisken kan du bruke til fiskemat, fiskesuppe eller gryter. Å lage denne middagen kan gå veldig fort viss du har førebudd deg litt. Særpreget ved retten er at torsken vert servert med ein saus basert på grilla paprika, og så serverer eg ein salat med aubergin og tomatrøre. Det som tek lengst tid er å grille paprikaen og å lage til auberginen. Grilla paprika får ein utruleg …

Ambassadøren og døra har åpnet sitt hjem…


Når ein har slike strålande flotte tenåringar, som er med på spennande og utviklande program for unge aspirerande leiarar, så opplever også foreldra fantastiske ting. Leiarprogrammet Young ambassadors er eit opplegg for ungdommar som blir valt ut for å vere med på masse faglege og kulturelle aktivitetar gjennom eit heilt år. Dei går på seminar der dei blir presentert for ulike fag, ulike tema og ulike bransjar. Dei har mange kommersielle partnerar, og så har dei ei sterk tilknyting til den amerikanske ambassaden, og har mange arrangement der. I dag vart “graduation” avholdt, og desse fine ungdommane fekk utdelt bevis på at dei har vore med, og ambassadør Barry White (som ikkje syng) og kona hans, Eleanor, tok imot ungdommane og foreldra deira for å markere at programmet er over. Mange dyktige ungdommar og stolte foreldre å helse på, god mat og vakre ambassadørboligen Villa Otium gjorde dette til ein uforgløymeleg kveld.

Biff-wok


Dette er ein godt krydra, men ikkje alt for sterk biffwokrett. Eg er glad i krydra mat, men den treng ikkje vere sterk, altså full av chili og slikt. Denne varianten inneheld krydder som du kanskje mest assosierer med julebaksten, men det passar også fint til saltmat. Du kan bruke alle typar oksekjøt i denne wok-retten, eg brukte strimlar av mørbrad. Grovare kjøt treng litt lenger koke-/steiketid, så tilpass tida til typen kjøt du har valt. Eg serverer denne woken med eggnudlar. Det finn du i den asiatiske hylla i matbutikken, og det er lettvint å bruke. Koketida er som regel ikkje meir enn fire-fem minutt. Sjå om du finn fullkornsnudlar, dei gir litt meir fiber og mineral i kosten. Finn du ikkje eggnudlar så kan du koke ris til. Og så må eg berre seie at du må ikkje la deg skræme av ingredienslista, som kan virke lang. Du har mykje av dette i kjøkkenskapet, det er eg sikker på. Sjekk blant julekryddera, og finn du ikkje det du treng der kan du leite i …

Eit matmysterium


Sjølv om påska er over så hender det at det oppstår mysterier rundt omkring. Eg fekk eit på mail her om dagen, slik lyder det: Hei, Min svigerfar fra Sunnmøre har en søster som hadde fortalt at hun var blitt servert en tynn tynn kjeks som man nesten kunne se igjennom, hun mente den ble kalt blonde kjeks. Har prøvd å Google men får ikke opp noe. Det er visst en gammel Sunnmørs oppskrift. Min svigerfar har veldig lyst å smake disse kjeksene som det nå går gjetord om. Så da lurer jeg på om du vet hva dette kan være og om du har en oppskrift slik at jeg kan overraske min snille svigerfar? De var visst runde, stekt i jern?? Eg kjenner ikkje til dette, så eg må ty til mine kloke lesarar. Er det nokon som har høyrt om desse kakene/kjeksa?