Kjøtt, Middag
Comments 2

Biff-wok


Dette er ein godt krydra, men ikkje alt for sterk biffwokrett. Eg er glad i krydra mat, men den treng ikkje vere sterk, altså full av chili og slikt. Denne varianten inneheld krydder som du kanskje mest assosierer med julebaksten, men det passar også fint til saltmat.

Du kan bruke alle typar oksekjøt i denne wok-retten, eg brukte strimlar av mørbrad. Grovare kjøt treng litt lenger koke-/steiketid, så tilpass tida til typen kjøt du har valt.

Eg serverer denne woken med eggnudlar. Det finn du i den asiatiske hylla i matbutikken, og det er lettvint å bruke. Koketida er som regel ikkje meir enn fire-fem minutt. Sjå om du finn fullkornsnudlar, dei gir litt meir fiber og mineral i kosten. Finn du ikkje eggnudlar så kan du koke ris til.

Og så må eg berre seie at du må ikkje la deg skræme av ingredienslista, som kan virke lang. Du har mykje av dette i kjøkkenskapet, det er eg sikker på. Sjekk blant julekryddera, og finn du ikkje det du treng der kan du leite i julepynten. Der har du kanskje både stjerneanis og kanel? Du kan også bytte ut kryddera med ei teskei eller to med fivespice, om du har det ståande. Slik gjer du det:

IMG_3494Krydra biff med nudlar

3 ss matolje

3 stjerneanis

1 kanelstang

6 kryddernellikar

4 kardemommefrøkapslar

400 g biffkjøt i strimlar

3 fedd kvitløk

1 stor løk

1 cm fersk ingefær, finriven

1 stor raud paprika

3 selleristilkar

1 vårløk

1 dl soyasaus

3 dl vatn

1 ts sukker

400 g fullkornsnudlar

Varm opp oljen i ein wok eller i ei vid gryte. Ha kryddera i oljen, og la det frese på ganske høg varme. Etter fire-fem minutt har du i kjøtet, og steiker det til det blir pent brunt på alle sider. Ta kjøtet ut av gryta, og ha det på ein tallerken.

Rens grønsakene, og kutt dei  i passe store bitar. Ha løk, kvitløk og ingefær i gryta, og fres det i den krydra oljen i nokre minutt. Ha i paprika og selleri, og steik to-tre minutt til. Slå på soyasaus og vatn, og ha i kjøtet. La det heile koke til væska har kokt inn litt.  Smak til med sukker, og eventuelt meir salt og litt peppar om nødvendig.

Kok nudlane i salta vatn. Vend vårløken inn i gryta, og set den til side. Hell nudlane på eit stort, oppvarma fat, og slå biffgryta over.

This entry was posted in: Kjøtt, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s