Når ein har slike strålande flotte tenåringar, som er med på spennande og utviklande program for unge aspirerande leiarar, så opplever også foreldra fantastiske ting.
Leiarprogrammet Young ambassadors er eit opplegg for ungdommar som blir valt ut for å vere med på masse faglege og kulturelle aktivitetar gjennom eit heilt år. Dei går på seminar der dei blir presentert for ulike fag, ulike tema og ulike bransjar. Dei har mange kommersielle partnerar, og så har dei ei sterk tilknyting til den amerikanske ambassaden, og har mange arrangement der.
I dag vart “graduation” avholdt, og desse fine ungdommane fekk utdelt bevis på at dei har vore med, og ambassadør Barry White (som ikkje syng) og kona hans, Eleanor, tok imot ungdommane og foreldra deira for å markere at programmet er over. Mange dyktige ungdommar og stolte foreldre å helse på, god mat og vakre ambassadørboligen Villa Otium gjorde dette til ein uforgløymeleg kveld.