Fest, Fisk, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Torsk i ny drakt

Har du ein favorittfisk? Min favorittfisk er torsk. All fisk går fort å lage til, men torsken er så utruleg takknemmeleg både å krydre og å lage til at den kjem ofte på bordet heime hos oss. Og ikkje minst, alle, store og små, gjestar og fastbuande, et den med stor glede.

I dag har eg brukt loin, altså ryggstykke. Butikken eg handlar i pakkar loinen i eigen emballasje, du finn også torskeloin i vakuumpakning på same måten som du får salmalaks. Det er jo litt luksus, og du kan lage din eigen loin ved å kjøpe ein heil torsk og skjere den i ulike delar. Andre delar av fisken kan du bruke til fiskemat, fiskesuppe eller gryter.

Å lage denne middagen kan gå veldig fort viss du har førebudd deg litt. Særpreget ved retten er at torsken vert servert med ein saus basert på grilla paprika, og så serverer eg ein salat med aubergin og tomatrøre. Det som tek lengst tid er å grille paprikaen og å lage til auberginen.

Grilla paprika får ein utruleg deilig søt smak, og den vert mjuk som smør. Så den kjem ikkje til å syns i sausen, den kjem berre til å gje smak. Eg gjer det enkelt, og grillar den i steikeomnen. Skinnet er lett å fjerne viss den får stå og ”slå seg” litt etter at den er ferdig, då vert det lett å stikke ein finger inn under skinnet og skyve det av.

Rå aubergin er uspiseleg, den er bitter og kjedeleg på smak. For å kunne spise den må du først trekke ut bitterstoffa. Det gjer du enklast ved å skjere auberginen i skiver, salte dei og bygge dei i tårn slik at saltet trekker ut bitterstoffa. Når det renn godt av auberginstabelen kan du tørke bort det våte, og steike auberginskivene i steikepanna. Mange brukar å skylle auberginskivene, men eg likar at det er litt saltsmak igjen i skivene. Vi byrjar med å lage salaten:

IMG_3519Tomat- og auberginsalat

2 auberginar

3 bifftomatar

Ein vårløk

Ein bunt urter, eg brukte oregano

Salt og peppar

1 ts honning

Litt sitronsaft

Skjer auberginane i tynne skiver, tynnare enn til dømes til moussaka. Mine var ca. ein halv centimeter. Dryss salt på skivene, og legg dei i to stablar. La dei stå og safte seg i 15-2o minutt.

Hakk bifftomatane i små terningar. Finhakk vårløk og det du har av urter. La tomatane renne av  i eit såld i nokre minutt. Ha tomatane, vårløken og urtene i ein bolle, og smak til med salt, peppar og litt honning.

Steik auberginskivene i olje i varm steikepanne til dei har fått ein fin, gyllen farge på begge sider. Legg dei på eit fat etter kvart som dei vert ferdige. (Ikkje vask steikepanna!)

Legg tomatsalaten på auberginskivene, og press over litt sitronsaft. Sett til side.

 IMG_3523Torsk med paprikasaus

800 g torskerygg/-loin

2 raude paprika

1-2 dl vatn

Salt og peppar

1 pakke kremfløte

Smør til steiking

Del paprikaene i to på langs. Legg dei på bakepapir i ei eldfast form, og bak dei i omnen på 200 grader i 30 minutt. Dekk dei til, og sett dei til side.

Del torsken i serveringsstykke, og strø på salt og peppar.  Smelt smør i steikepanna som du allereie har steikt auberginane i, og steik torskestykka gylne. Dei treng ikkje vere gjennomsteikte. Legg dei i ei eldfast form og sett dei i den avslåtte steikeomnen, mest for å halde dei varme medan du lagar sausen.

Kok ut steikepanna med litt vatn. Bruk steikespaden og få med deg alt det gode som ligg i steikepanna etter at auberginane og fisken vart steikt i den.  Flå paprikaen, og legg filetane på ein asjett. Mos dei med ein gaffel.

Slå fløten i steikepanna, og la den koke litt med sjya. Ha i paprikamosen, og smak til med salt og peppar. Legg filetane i sausen, og server det heile med tomat- og auberginsalat og nypoteter kokt i godt salta vatn.

This entry was posted in: Fest, Fisk, Middag, Tilbehør
Tagged with:

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply