All posts tagged: TORSK

Sommaren på eit fat

Viss du har urter i hagen, så er du heldig. Dei sprutar opp av jorda, og gir eit hav av sjansar til å heve smaken på maten du lagar. Urter er ein utruleg enkel måte å utnytte hagen på, men dei kan også trivast på ein balkong i ei krukke. Eg er sjølvforsynt med oregano og persille på balkongen, og det einaste dei krev er litt vatn no og då. Der eg har hagen min er utvalet langt større. Der dyrkar vi løpstikke, persille, timian, estragon, rosmarin, rukkola og sar, for å nemne nokre. Oreganoen er ein skikkeleg biemagnet, og myntene har fått si eiga kasse, så dei ikkje skal innføre myntenes verdsherredømme. Det gjer dei om dei får lov. Dill og koriander bør såast fleire gongar i løpet av sesongen, dei går i blomst før du får sukk for deg. Når eg skal lage middag tek eg med meg ei korg og ei saks ut i hagen, og så plukkar eg det eg vil ha som passar til det eg skal lage. Thaimat og …

Bakt skrei med cherrytomatar

Skreien er her, få ting er så godt som den ferske fisken som no kjem i butikkane. Ein torskemiddag er kjapp mat, og passar perfekt når det er travelt. Men det er også fint å servere den til fest, på nye måtar og kombinert med nye smakar. Portugisarane var først ute med å kombinere torsk, eller bacalhau som dei kallar det med tomat. Den mjuke, saftige fisken passar perfekt med søte tomatar, og dette kan serverast på ulike måtar. I dag får du lære to ulike tilbehør til torsken, ein fyldig rotmos og urtebakte poteter. Lag ein av dei eller begge, så alle får sin favoritt. Dei urtebakte potetene er ein variant av ein populær måte å lage poteter på; å koke dei halvferdige, og så kaste dei rundt med ein variant av feitt. Dei mest ivrige brukar andefeitt, det smakar magisk godt. Eg hadde ikkje andefeitt i dag, så eg brukte olivenolje og urter, det vart nesten like godt. Rotmosen laga eg av kålrot, gulrot og persillerot. Her kan du variere etter kva du …

Syrleg fiskesuppe

I dag lagar eg ei deilig fiskesuppe, der eg har prøvd å leite fram den litt gamaldagse syrlege smaken som det var meir vanleg å framheve før i tida. Det var slik mi bestemor laga fiskesuppe, så eg har prøvd å gjenskape den smaken. Suppa er jamna med egg, det er også litt ”gamaldags”, men gir ein veldig fin og glatt tekstur, og passe konsistens på suppa. Denne måten å jamne supper og sausar på er også fin fordi den gir ei glutenfri suppe, for dei som treng det.  I suppa har eg brukt søtpotet og persillerot, saman med purre. Søtpoteten har ein rund og tiltalande smak som passar godt til den syrlege smaken på suppa. Persillerota gir ein krydra aroma som også passar veldig godt. Fiskesuppa er rask å lage, både persillerot og søtpotet kokar fort når dei er kutta i terningar. Du kan bytte ut søtpoteten med gulrot, viss det er det du har i kjøleskapet, og persillerota kan byttast ut med sellerirot eller pastinakk. Viss du har det skikkeleg travelt, kan du bruke …

Urtebakt skrei

  Eg elskar torsk i alle variantar, så no midt i skreisesongen et eg det så ofte eg kan. All skrei er torsk, men ikkje all torsk er skrei, seier dei som kan det. Skreien er torsk som lever i Barentshavet, men som kjem inn til norskekysten for å gyte. For meg er det ikkje så nøye med lever og rogn, men dei store, flotte skreifiletane er fantastiske å lage gode rettar med. Torsken har ikkje så sterk eigensmak, så då er det desto lettare å leike med den ved å tilføre nye, spennande smakar som vert framheva av det milde fiskekjøtet eg likar å bruke urter saman med torsk, og i dag har eg bakt porsjonsstykke med ein urtetopping. I dag blanda eg estragon og bladpersille. Persillen er grøn og frisk, estragon har eit anisaktig drag som er ganske karakteristisk. Det vart veldig godt, og er ein fin match til den søte ertepuréen eg serverte den med. Urtene fekk også vere med i smøret eg serverte torsken saman med. Fiskekjøtet er så magert at …

Skrei med soyasaus, kålsalat og bakte tomatar

No kjem vårteikna eit etter eit: Det blir lysare om morgonen, sola har ikkje lenger gått ned når du kjem heim frå jobb, og det er tulipanar i butikkane. Likevel er mitt favorittvårteikn at det er fersk skrei i fiskedisken. Det er så utruleg enkelt å servere, det smakar så godt, og ein skreimiddag gjer alle mette, glade og fornøgde. I dag serverer eg skreien pannesteikt, med bakte tomatar, kålsalat og soyasmør til. Torsk kan enkeltpanerast og dobbeltpanerast. Ved enkeltpanering vender du fisken i krydra mjøl, og då går den rett i panna med rikeleg med smør. Når du dobbeltpanerer skal den først i krydra mjøl, så skal den vendast i egg og til slutt skal den ein runde i ei skål med griljermjøl eller panko. Dobbeltpanering gir den aller mest smakfulle overflata, mykje fordi den trekker til seg deilig smør. Enkeltpanering går mykje raskare, det er mindre griseri og maten blir ikkje så feittrukken som med dobbeltpanering. Eg vaks opp med at smelta smør (vel, eigentleg margarin) var ein heilt adekvat saus til middagsmat. …

Torsk i ny drakt

Har du ein favorittfisk? Min favorittfisk er torsk. All fisk går fort å lage til, men torsken er så utruleg takknemmeleg både å krydre og å lage til at den kjem ofte på bordet heime hos oss. Og ikkje minst, alle, store og små, gjestar og fastbuande, et den med stor glede. I dag har eg brukt loin, altså ryggstykke. Butikken eg handlar i pakkar loinen i eigen emballasje, du finn også torskeloin i vakuumpakning på same måten som du får salmalaks. Det er jo litt luksus, og du kan lage din eigen loin ved å kjøpe ein heil torsk og skjere den i ulike delar. Andre delar av fisken kan du bruke til fiskemat, fiskesuppe eller gryter. Å lage denne middagen kan gå veldig fort viss du har førebudd deg litt. Særpreget ved retten er at torsken vert servert med ein saus basert på grilla paprika, og så serverer eg ein salat med aubergin og tomatrøre. Det som tek lengst tid er å grille paprikaen og å lage til auberginen. Grilla paprika får ein utruleg …