Ja, no er det unntakstilstand på kjøkkenet mitt. I dag har vi lagd, styla og fotografert tolv rettar, og fotografen “min”, Tove Breistein, seier at det er bra. Ho meiner å ha vore på langt meir kaotiske “førstedagar” enn denne, og det er vel ein kompliment? I kveld har eg og min kjære laga nokre til, slik at vi har noko å byrje med i morgon tidleg. Eg driv altså først og fremst og lagar maten til, Tove gjer styling og tek seg av det fotografiske. Innimellom får eg teke nokre få bilde av det eg held på med, som denne deilige paien som vi har kosa oss med i heile ettermiddag, etter at den vart steikt og fotografert, altså. Og du, er du i byen i kveld, har ingenting å gjere på og er svolten, så stikk innom. Vi har alt for mykje mat, så vi treng spisehjelp. Eg har ikkje hjarte til å kaste noko. Det kan hende du vert sett til å vaske opp litt, men det klarer du sikkert. Vi deler …
Like this:
Like Loading...