Hovudretten: Torsk med raud pesto
I går fekk du forretten til jentemiddagen min, i dag kjem hovudretten, naturleg nok. Denne middagen er fri for kumjølk. Ostane eg har brukt er basert på sauemjølk eller bøffelmjølk, dei toler dei fleste mjølkeallergikarar godt. Raud pesto lagde eg sjølv, den du får kjøpt på glas er heilt ok, men er ofte tilsett mjølkeprotein og så er det brukt parmesanost. Til torsken serverte eg sauterte brekkbønner med pastinakk og purre, og ein bulghursalat. I bulghursalaten vende eg inn finhakka purre, paprika og litt raudløk som har fått ligge i eddik. Har du glutenallergikarar til bords, kan dei spise heile menyen unntatt bulghursalaten. Bulghurgryn er knuste, dampa og tørka kveitekorn. Dei er rike på mineralar og fiber, og er eit fint substitutt til ris eller pasta. Slik gjorde eg det: Raud pesto 100 g soltørka tomatar, bløytte og avrente 1 ss tomatpuré 3 ss riven pecorinoost 3 ss pinjekjerner Olivenolje Rist pinjekjernene i tørr steikepanne til dei har fått ein gyllen farge. Ha avrente soltørka tomatar, riven ost, pinjekjerner og tomatpuré i ei matmølle, og køyr …