Fest, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Hovudretten: Torsk med raud pesto

I går fekk du forretten til jentemiddagen min, i dag kjem hovudretten, naturleg nok.

Denne middagen er fri for kumjølk. Ostane eg har brukt er basert på sauemjølk eller bøffelmjølk, dei toler dei fleste mjølkeallergikarar godt. Raud pesto lagde eg sjølv, den du får kjøpt på glas er heilt ok, men er ofte tilsett mjølkeprotein og så er det brukt parmesanost.

Til torsken serverte eg sauterte brekkbønner med pastinakk og purre, og ein bulghursalat. I bulghursalaten vende eg inn finhakka purre, paprika og litt raudløk som har fått ligge i eddik.

Har du glutenallergikarar til bords, kan dei spise heile menyen unntatt bulghursalaten. Bulghurgryn er knuste, dampa og tørka kveitekorn. Dei er rike på mineralar og fiber, og er eit fint substitutt til ris eller pasta.

Slik gjorde eg det:

Raud pesto

100 g soltørka tomatar, bløytte og avrente

1 ss tomatpuré

3 ss riven pecorinoost

3 ss pinjekjerner

Olivenolje

Rist pinjekjernene i tørr steikepanne til dei har fått ein gyllen farge. Ha avrente soltørka tomatar, riven ost, pinjekjerner og tomatpuré i ei matmølle, og køyr det glatt. Ha i olivenolje viss det vert for tørt, til det får passe kremete konsistens.

Oppbevar raud pesto på glas. Slå på eit lag olivenolje på toppen, så held den seg i kjøleskapet i nokre veker.

Torsk med raud pesto

180 g torskerygg (loin) per person

1 ss raud pesto per stykke

Skjer torsken i 5 cm lange stykke. Ha litt olje i ei eldfast form, og legg fiskestykka i. Legg på pesto, og bak fisken på 175 grader i 10 minutt.

Bulghursalat

3 dl bulghur, grov

4 dl kraft, eg brukte svinekraft

1/2 raud løk

Eddik til marinering

3 cm purre

1/2 paprika

Litt olje

Litt sitronsaft

Rens raudløken, og kutt den i tynne strimlar. Legg den i eddik. Dette kan du gjere dagen før om du vil. Om sommaren har eg alltid slik løk ståande, den er fin å putte i salatar. Den held seg lenge når den er dekt med eddik.

Ha oljen i ei lita gryte, og varm den opp. Ha i gryna, og la dei frese litt. Slå på krafta og sitronsafta, og la det heile koke til gryna er møre. Det varierer frå pose til pose så vidt eg har erfart, men smak på gryna etter 10 minutt.

Finhakk løk, purre og paprika. Slå bulghuren i eit såld, i tilfelle ikkje all væska er kokt inn. Ha gryna i ein bolle, og vend inn dei finhakka grønsakene.

Sauterte grønsaker

300 g brekkbønner, helst ferske

Ein pastinakk

10 cm purre

1 dl vatn

2 ss olje

Salt og peppar

Rens bønnene, skrell pastinakken og sjekk at purren er fri for jord. Kutt pastinakken i tynne strimlar. Du kan bytte den ut med selleri eller med persillerot. Eg brukte det fine julienne-jernet mitt. Del purren på langs, og kutt den og i lange strimlar.

Varm opp olje i ei vid panne som du har tett lok til. Fres bønnene i eitt par minutt. Slå på vatn og dryss på litt salt, og ha i dei andre grønsakene. Vend grønsakene rundt, og dra panna til side. La det stå og dampe utan varme til alt er mørt.

Eg serverte dette med aioli til.

This entry was posted in: Fest, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply