Month: oktober 2013

Ferskt kjøt og suppe med klot

Ferskt kjøt og suppe kan serverast med eller utan klot. Klot er små bollar av mjøl, egg og krydder som får koke med i suppa, og som gjer retten meir mettande. Mjølbollane vert laga med egg som hevemiddel. Det gjer at dei bles seg litt opp, og blir luftige og fine. Har du ikkje egg, så kan du ha i litt bakepulver. Dette er tradisjonskost frå slaktetida, sidan retten er laga med ferskt, ikkje salta kjøt. Ein byrjar måltidet med suppa, som er laga på krafta frå kjøtkokinga.  Det kokte kjøtet vert servert til slutt, med grønsaker i grove bitar og ein nydeleg sursøt løksaus.  Ferskt kjøt og suppe med klot er eit heildagsprosjekt å lage, så du kan gjerne lage dobbelt porsjon. Då har du restar til neste dag. 1,5 kg beinfritt oksekjøt, gjerne bog eller høgrygg 1 lite kålhovud 2 persillerøter eller pastinakkar 4 gulrøter 1 purre 1 lita sellerirot 1 ss salt 1 ts peparkorn Sursøt løksaus 3 ss smør 1 løk 3 ss kveitemjøl 6 dl kraft frå kjøtkokinga 1 ss …

Ny bok! Ballegôve på Runde!

Ja, no har den nye boka mi komt frå trykkeriet. Er den ikkje fin? Flinke Gunda Marie Næss har teke lekre bilde, akkurat som ho gjorde med sylting og safting. Ball er mindre fotogent enn syltetøy, det kan vi vel vere einige om, men ho har jammen klart å ta flotte bilde av ball og arbeidet med å lage ball. På søndag skal vi ha fest på Runde Miljøsenter, der blir det servert ball frå klokka eitt, og klokka tre kåserer eg om ball og alt som høyrer til. Er du i traktene ville eg bli veldig glad om du kom!  

Svineschnitzel med capunata

I dag var eg innom den lokale slaktaren. Han hadde teke ei fersk skinke, og skore den i tynne skiver til schnitzel. Tradisjonelt vart schnitzel laga med kalv, men det  lyse, fine svinekjøtet passar like godt panert med mjøl, egg og brødsmular. Denne paneringsmetoden kallast dobbeltpanering, og kan brukast på både kjøt og fisk. Eg lagar ofte mitt eige griljermjøl. Når brødet byrjar å bli kjedeleg og tørt skjer eg det i små terningar,  og let det tørke enten over ein varmeovn eller på eit brett i steikeomnen på låg varme. Desse terningane kan brukast som musli, som dryss på salatar eller bløytt i mjølk til å spe kjøtdeig til kjøtkaker med. Når eg treng strø til gratengar eller til panering køyrer eg ein neve terningar til smular i matmølla. Det blir ein mykje betre smak enn det vanlege griljermjølet ein får kjøpt, som ofte kun er knust flatbrød. Har du ikkje samla brødterningar kan du ganske enkelt knuse to-tre knekkebrød. Til schnitzelen serverer eg capunata. Capunata er eit døme på dei magiske smakseigenskapane til …

Plommegraut

I bloggen min har eg to søkeord som får meir treff enn alle andre, det er fastelaven og plommer. Fastelavensesongen har ikkje starta enno, men plommesesongen er i full gang. Så i dag har eg laga ein deilig plommedessert, slik at du får brukt opp plommene du har i hagen. Har du ikkje plommetre kan du kjøpe plommer i butikken, dei er på sitt beste akkurat no. Eg vaks opp med ulike variantar av fruktgraut til dessert. Dette har blitt mindre vanleg, men det har heldigvis ikkje blitt mindre godt. Denne plommegrauten har eg laga av ferske plommer, men ein kan også lage dessertgraut av syltetøy.  Eg hadde i tørka tranebær, dei får du tak i på helsekostbutikkar og velassorterte matbutikkar, dei gir både god smak og farge.  Finn du ikkje tranebær kan du også bruke rosiner eller korintar. Dessertgrautane vi fekk før i tida var ofte jamna med potetmjøl. Det kan ein også gjere, men brukar ein godt med frukt er det eigentleg ikkje nødvendig. Plommegraut 500 g plommer 2,5 dl vatn 125 g …