Billig mat, Fest, Noko søtt, Veggis
Leave a Comment

Plommegraut

I bloggen min har eg to søkeord som får meir treff enn alle andre, det er fastelaven og plommer. Fastelavensesongen har ikkje starta enno, men plommesesongen er i full gang.

IMG_4792Så i dag har eg laga ein deilig plommedessert, slik at du får brukt opp plommene du har i hagen. Har du ikkje plommetre kan du kjøpe plommer i butikken, dei er på sitt beste akkurat no.

Eg vaks opp med ulike variantar av fruktgraut til dessert. Dette har blitt mindre vanleg, men det har heldigvis ikkje blitt mindre godt. Denne plommegrauten har eg laga av ferske plommer, men ein kan også lage dessertgraut av syltetøy.  Eg hadde i tørka tranebær, dei får du tak i på helsekostbutikkar og velassorterte matbutikkar, dei gir både god smak og farge.  Finn du ikkje tranebær kan du også bruke rosiner eller korintar.

Dessertgrautane vi fekk før i tida var ofte jamna med potetmjøl. Det kan ein også gjere, men brukar ein godt med frukt er det eigentleg ikkje nødvendig.

IMG_4801Plommegraut

500 g plommer

2,5 dl vatn

125 g sukker

½ ts vaniljesukker

50 g tørka tranebær

Legg tranebær i bløyt i litt varmt vatn. Rens plommene, og ha dei i ei gryte saman med vatn, vaniljesukker og sukker.  La dette koke til plommene er møre, det tek ca. 20 minutt. Rør godt, så plommene løyser seg godt opp. Hell bløytevatnet av tranebæra, og ha dei i plommegrauten. Hell desserten over i fire serveringsglas, og la den kolne. Server med ei kule vaniljeis eller ein klatt piska krem.

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply