Ja, no har den nye boka mi komt frå trykkeriet. Er den ikkje fin?
Flinke Gunda Marie Næss har teke lekre bilde, akkurat som ho gjorde med sylting og safting.
Ball er mindre fotogent enn syltetøy, det kan vi vel vere einige om, men ho har jammen klart å ta flotte bilde av ball og arbeidet med å lage ball.
På søndag skal vi ha fest på Runde Miljøsenter, der blir det servert ball frå klokka eitt, og klokka tre kåserer eg om ball og alt som høyrer til.
Er du i traktene ville eg bli veldig glad om du kom!