Noko søtt
Comments 4

Brunostpannacotta


Når det gjeld denne desserten må eg aller først unnskylde meg for å gjenta meg sjølv. Eg veit at vi lagde pannacotta for to veker sidan og. Men denne helga lagde eg brunostpannacotta, og det vart så utruleg godt at eg berre må dele den oppskrifta. Eg lovar at eg skal ikkje kome med fleire pannacottaoppskrifter på lenge. Kors på halsen. Berre du lovar å lage brunostpannacotta. Det er knallgodt!

Eg var innom Mathallen her om dagen, og brunosten eg brukte til denne pannacottaen var ein ekte geitost frå Mjølkerampa, Tine sin utsalsplass for trua ostetypar i Mathallen. Har du ikkje slike fancy brunosttypar tilgjengeleg, så kan du like gjerne bruke gudbrandsdalsost. Alt fungerer, unntatt dei med lite feitt i.

Brunostpannacotta

5 dl matfløte

3 plater gelatin

1 cm brunost, eg brukte gudbrandsdalstypen

2 ss sukker

Rosiner i rom eller eplejuice

Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i ein bolle. Riv osten på den grove delen av rivjernet. Kok opp fløten, og rør i osten. Rør godt slik at den smeltar ordentleg. Smak til med sukker. Kryst vatnet ut av gelatinplatene. Ta gryta til sides, og rør inn gelatinen slik at den smeltar. Aus opp fløteblandinga i fire porsjonsglas. La dei stå kaldt i minst fire-fem timar.

Server pannacottaen med rosiner som har lege i rom på toppen. Skal du servere dette til barn, sjåførar og fråhaldsfolk, så la rosinene trekke i eplejuice nokre timar før servering.

4 Comments

  1. Calle Carlsen says

    Hva menes med «1 cm brunost». Altså hvor mye er 1 cm?

    Likar

      • Calle Carlsen says

        Er det ikke litt enklere å opplyse vekt?

        Likar

      • Sjølvsagt er det det, men då eg lagde dette og skreiv ned oppskrifta hadde eg ikkje tilgang til vekt. 🙂

        Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s