Livet, Lykke, Personleg
Comments 4

Det nye huset vårt


Eg har såvidt nemnt det tidlegare, men vi har altså kjøpt oss eit hus eit stykke over svenskegrensa, i Billingsfors.

låftmannsbackeVi overtok huset rett før jul, og rakk berre å fylle huset opp med madrasser og sengetøy frå IKEA før vi vende nasen heimover til Sunnmøre til julefeiring.

I svenskehuset har vi tilbrakt romjula, og vi feira nyttår der. Etter det har vi tilbrakt mange helgar der, og vi nikosar oss.

I byen bur vi kompakt, og må heile tida tenke praktiske løysingar og ein ting inn-ein ting ut. I Billingsfors har vi god plass, og kan breie oss og skape vårt eige hus.

IMG_6210Ikkje for det, huset har sjel frå før vi kom dit. Huset tilhøyrde salgsdirektøren på papirbruket i Billingsfors, og ber vakkert preg av å ha vore eit hus for representasjon og selskap.

Den skikken tenker vi å vidareføre. Det er eit perfekt hus for å ha gjestar, lage mat og kose seg.

Vi overtok huset med møblar, og det betyr at vi har vidareført noko av stilen som salgsdirektøren og kona hans satte pris på.

IMG_6409Nokre av møblane er i mørkt treverk, i taket heng det staselege lysekruner, og vi kan innta frukosten på glassverandaen som vender ut mot hagen, og sjå rådyra spankulere bort for å nappe knoppane av epletreet.

Kjøkkenet ber preg av å vere eit arbeidskjøkken, der ein har hatt tilsette som lagde mat til dei store selskapa. Bak kjøkkenet ligg det eit pikeværelse, og tenarskapet har som seg hør og bør også hatt sitt eige bad og si eiga garderobe.

BadoppeNo prøver vi å gjere det vil vårt, og det syns eg vi har komt godt i gang med.

Mykje skal få bli som det var. Dei fantastiske tapetane, til dømes. Dei fortel historier om levd liv og om stilhistorie frå langt tilbake.

For ikkje å snakke om alt det vakre krystallet og porselenet som sto att då vi overtok. Arvingane tok det dei ville ha, og resten satte dei att til oss. Det set vi veldig stor pris på, og kosar oss med å bruke dei vakre tinga.

IMG_1995I nabolaget er det mykje å sjå og oppleve, det er to naturreservat i nærleiken der ein kan gå tur, i det eine, som grensar mot Laxsjön, er det fine badeplassar og svaberg som ein kan sole seg på. Førebels har vi hatt eit vinterhus, og det fungerer også veldig bra. Det blir varmt og godt med bergvarme og litt fyr i peisen innimellom.

IMG_6571Vi gler oss til å oppleve sommaren her, det trur eg blir minst like fint som å vere her om vinteren. Sist vi var der spira krokus og snøklokker, og i påska må vi stelle bærbuskene som treng ei kjærleg hand. Det blir fint, trur eg.

Huset ligg også på airbnb til leige, sjekk ut denne lenka. 

4 Comments

  1. Unni says

    For et nydelig hus dere har kjøpt. Der blir det nok mange fine stunder. Så flott at dere vil bevare huset mest mulig, og ikke male alt hvitt slik mange skal ha det nå i dag. Takk for titten. Håper vi får se litt sommerstemning fra Sverige etter hvert 🙂

    UnaCita

    Likt av 1 person

  2. Ja, det hadde vore stas, Inger Lise! Er du på desse kantane, så veit du korleis du får tak i meg. 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s