Det nye huset vårt
Eg har såvidt nemnt det tidlegare, men vi har altså kjøpt oss eit hus eit stykke over svenskegrensa, i Billingsfors. Vi overtok huset rett før jul, og rakk berre å fylle huset opp med madrasser og sengetøy frå IKEA før vi vende nasen heimover til Sunnmøre til julefeiring. I svenskehuset har vi tilbrakt romjula, og vi feira nyttår der. Etter det har vi tilbrakt mange helgar der, og vi nikosar oss. I byen bur vi kompakt, og må heile tida tenke praktiske løysingar og ein ting inn-ein ting ut. I Billingsfors har vi god plass, og kan breie oss og skape vårt eige hus. Ikkje for det, huset har sjel frå før vi kom dit. Huset tilhøyrde salgsdirektøren på papirbruket i Billingsfors, og ber vakkert preg av å ha vore eit hus for representasjon og selskap. Den skikken tenker vi å vidareføre. Det er eit perfekt hus for å ha gjestar, lage mat og kose seg. Vi overtok huset med møblar, og det betyr at vi har vidareført noko av stilen som salgsdirektøren og kona hans satte …