All posts tagged: ferie

Vil du bu hos oss?


Vi har lagt huset vårt i Sverige ut på airbnb! Det betyr at viss du har lyst til å besøke huset vårt, for eksempel feire ein bursdag der, ta med nokre vennar og tilbringe ei veke eller ei langhelg ved Dalslands kanal, så kan du det. Då kan du leige kano og padle på Laxsjön, eller du kan vandre gjennom naturreservata i nærleiken, sjå på fossane og treffe elgen in persona, slik vi gjorde forrige helg. Og kanskje kjem rådyra og helsar på i hagen medan du et frukost. Kven veit? Og ved dette bordet kan du servere gjestane dine god mat og god drikke. Systembolaget i Bengtsfors ligg fem kilometer frå huset, just sayin». 

Det nye huset vårt


Eg har såvidt nemnt det tidlegare, men vi har altså kjøpt oss eit hus eit stykke over svenskegrensa, i Billingsfors. Vi overtok huset rett før jul, og rakk berre å fylle huset opp med madrasser og sengetøy frå IKEA før vi vende nasen heimover til Sunnmøre til julefeiring. I svenskehuset har vi tilbrakt romjula, og vi feira nyttår der. Etter det har vi tilbrakt mange helgar der, og vi nikosar oss. I byen bur vi kompakt, og må heile tida tenke praktiske løysingar og ein ting inn-ein ting ut. I Billingsfors har vi god plass, og kan breie oss og skape vårt eige hus. Ikkje for det, huset har sjel frå før vi kom dit. Huset tilhøyrde salgsdirektøren på papirbruket i Billingsfors, og ber vakkert preg av å ha vore eit hus for representasjon og selskap. Den skikken tenker vi å vidareføre. Det er eit perfekt hus for å ha gjestar, lage mat og kose seg. Vi overtok huset med møblar, og det betyr at vi har vidareført noko av stilen som salgsdirektøren og kona hans satte …

Vi er tilbake!


Vi har hatt eit strålande vellukka bustadbyte i Barcelona, der vi budde i husværet til nokre rause, flotte menneske, som samtidig var hos oss. Her ser du familien då vi tok ein liten tur til Andorra, eit fascinerande land. Eg kjem tilbake med meir om bytet og om kva vi gjorde i Barcelona, men no må eg pakke ut av kofferten. Ha ein fortsatt fin sommardag! 🙂